Odd Kjorstad – ein sterk personlegdom

Odd Kjorstad på Sørheim mars 2013

Odd Kjorstad på Sørheim mars 2013

RASMUS STAURI: Odd Kjorstad frå Harpefoss døydde på Sørheim omsorgsenter i Sør-Fron 3. juli. Han vart vel 95 år og fekk eit langt og innhaldsrikt liv. Han arbeidde som lærar i fleire skuleslag, og den lengste arbeidstida fekk han som lærar ved Ringebu folkehøgskule, eit skuleslag som passa han godt. Men det var ikkje i pedagogikken hovudinteressa han låg. Odd Kjorstad var både kjent og velkjent i Gudbrandsdalen, og ikkje minst hadde han god kunnskap om jakt og fiske og dølens levevis gjennom tidene. Odd var ein fyrsteklasses skyttar, jeger og fiskar. Han var kunnskapsrik og ein intelligent mann – ikkje så lite av ein kunstnarnatur. Odd var musikalsk og var med i fleire sangkor, og ikkje minst folkemusikken dyrka han i Ringebu spelemannslag i vel 30 år og seinare i Harpefoss spel- og dansarlag. Han var ein habil spelmann og ein god dansar. Men framfor alt ein likandes kar, som blir både sakna og hugsa.

Odd voks opp i ein god heim på Harpefoss saman med seks søsken, der litteratur vart ein viktig del av kvardagslivet. Det var ein heim med vett og vidd. I godt lag – i vaksen alder – var han ikkje fri for å framføre dikt og strofer frå norsk litteratur. Han gjorde det med nerve og innleving. Han var tilstades i poesien og diktinga. Det syntest klart for alle at for han var kunst og litteratur meir enn sitat, talemåtar og fine formuleringar. Det var ikkje noko ein smykka seg med. Kunst og kultur stod for han som svært viktig i livet. Den gode formuleringa og dei gode replikkane likte han, og han kunne bygdemålet sitt. Han hadde ein god penn. Odd var ein karakter og hadde ein sterk personlegdom. Han var sosial og likte seg blant folk, men treivst også i eige selskap.

Odd KjorstadOdd Kjorstad vart tidleg med i Per Gynt-stemnet, som det heitte frå 1967 og fram til for nokre år sidan. På denne tida hadde Per Gynt-stemnet ein breiare folkeleg og lokalforankra profil, og her kunne Odd betre enn dei fleste gå inn som den gudbrandsdalske Per Gynt, n` Per frå Hågå. I fleire år var han den lokale Per under seterstemnet og var å sjå i lærbrok og med munnladningsbørsje, raud toppluve med eit skarpt syn på samtida. Det er vanskeleg finne ei rolle som passa han betre. Her fekk han falde seg ut i fri mundur i ei språkform han kjende ut og inn og med ei framføringsform som passa både han og gudbrandsdølen. Han var som skapt til den lokale Per, ein rollefigur som ikkje lenger har ein sentral plass under stemnet. Det er eigentleg synd, for her låg nettopp grunnlaget for det heile.

Odd skreiv prolog til stemnet i 1972 og 1974 og framførte desse på seterstemnet på Fryvollen i Sødorpfjellet.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s