Pilegrimsvandrar i Fron

På veg gjennom Skar. Foto: Gudbrandsdalsmusea

På veg gjennom Skar. Foto: Gudbrandsdalsmusea

TORMOD BERGER: Det er ofte slitsamt å vera pilegrim. Spesielt viss du vandrar langt, og spesielt viss du følgjer pilegrimsvegen oppover Gudbrandsdalen. Med tung bør skal du høgt opp og bratt ned.  Og om ikkje anna så oppdagar du i allfall den fantastiske utsikta, den storslagne naturen, dei særeigne, gamle bygningane. Og historia! Noko får du med deg undervegs, anna må du lesa deg til.

Det er ingen som bestemmer kvar pilegrimen skal gå, berre han eller ho held seg unna gardstun og dyrka mark. Det er mogleg å leggje opp si eiga vandring, og det er alltid mogleg å følgje E 6 eit stykke, dersom beina og ryggen blir for vonde. Og det skjer garantert at kroppen protesterer, før eller sidan. Sjølv godt trente vandrarar rapporterer om det, særleg etter ein tur oppover Gudbrandsdalen.

Kva er ein pilegrim?

Å vera pilegrim er ikkje det same som å ta seg ein tur. Pilegrimen går som regel i mange dagar, ofte veker, og møter nye utfordringar kvar dag. Ein opplever etter kvart at det er såre godt å kjenne gleda ved at kroppen klarer dette, at sjølv vonde bein og øm rygg, gnagsår og muskelsmerter som regel ikkje set stopp for vandringa. Den store gleda over å leggje seg rett ut i graset på ein setervoll, trekkje pusten djupt og berre sjå opp i trekronene eller den høge himmelen, den gleda får du berre når du er ordentleg kei. Og det er først når du har gått ei stund at du verkeleg klarer å  glede deg over alt du opplever; naturen omkring deg, fellesskapen med dei andre, din eigen styrke – trass i at du er sliten, øm eller gjennomvåt av sveitte eller regn. Eg vart ein gong spurt om korleis det var å gå i regnvêr, og svaret mitt var at det spelte inga rolle frå eller til. Våt er ein jo likevel. Det ubehagelege kjem når ein skal krabbe ned i soveposen klissvåt, eller skal ta på seg våte klede neste dag. Men også det blir fort ein vane.

Pilegrimsvandring er så mangt, og det er eigentleg opp til den enkelte å definere både form og innhald. For nokre er den åndelege dimensjonen viktigast, for andre er det natur- eller kulturopplevingar. Men eitt felles trekk er at pilegrimen opplever ei vridning av fokus til dei nære og enkle tinga, kva som eigentleg har verdi. Han eller ho lærer fort kor viktig det er å leva her og nå, set pris på dei gode møta med andre menneske undervegs, og får sterke og inderlege naturopplevingar. Pilegrimsvandring er ikkje ein eksotisk form for ferie, det er ein livsstil og ei livshaldning: Å sjå samanhengen mellom stadig å vera undervegs mot eit fysisk mål, og å vera undervegs mot noko der framme i sitt eige liv. Målet blir ofte av mindre verdi etter kvart som ein vandrar,- det er livet undervegs som betyr mest for mange.

Opning Pilegrimssenteret Dale-Gudbrands Gard 10. september 2010

Opning Pilegrimssenteret Dale-Gudbrands Gard 10. september 2010

Mi vandring i Gudbrandsdalen

Eg må nok vedgå: På den fyrste lange vandringa mi, frå Oslo til Nidaros, fekk eg ikkje den djupaste opplevinga av Fron eller resten av Gudbrandsdalen. Eg og dei eg gjekk saman med, var opptatt av å følgje ein dagsplan som var ganske hard. Som gode pilegrimar hadde vi sjølvsagt eit mål langt der framme, men vi hadde også planlagte dagsetappar. Det betydde bl. a. at vi følgde E 6 eit godt stykke i staden for å følgje den meir strevsame pilegrimsvegen. Men så har eg gjort noko med dette seinere, og har etter kvart fått med meg heilt andre opplevingar av dette området, som eg også gjerne unnar andre å ta del i.

Bilen regjerer

Eg har gjort meg tankar over vegane i Gudbrandsdalen: Dei er bygde eine og åleine for bilistane. Mange stader er det riktig nok eit bra nett av småvegar som er gode for vandrarane, men over lange strekningar finst det berre kronglete stigar som einaste alternativ til E 6, så langt eg har kunna observere. Og langs E 6 er det berre 15 cm vegskulder som kan brukast av vandrarar, og det er ikkje til noko glede! Dette er ikkje berre ei sak for pilegrimar, men også for andre farande folk, til fots, på sykkel, til hest osv. Det var fyrst som pilegrim oppover Gudbrandsdalen at eg oppdaga den enorme dominansen bilismen har fått på vegutforminga . Tenk om ein eller annan kunne reise seg og krevja rett for andre trafikantar!

Historia bak pilegrimsvegane

Prosjektet med pilegrimsvegen i vår tid starta med Eivind Luthens bok frå 1992: ”I pilegrimenes fotspor”. Året etter fekk Luthen frie hender til å arrangere ei eiga utstilling om pilegrimar på Norsk vegmuseum i Fåberg. Odd Kjærem ved fylkesmannens kontor i Lillehammer las boka og besøkte utstillinga. Såleis kom han på ideen om å merke dei viktigaste pilegrimsvegane. Han sende eit forslag om dette til Fylkesmannen i Oppland som gav ideen til Miljøverndepartementet, der ministeren sjølv, Torbjørn Berntsen, tente på ideen. Oppgåva vart delegert til to direktorat: Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning. Dei sette i gang med ein gong, og hadde den fyrste pilegrimsvegen ferdig rydda og merka frå Oslo til Nidaros i 1997. Den første organiserte pilegrimsvandringa i Gudbrandsdalen skjedde  altså denne sommaren, og Torbjørn Berntsen var sjølv på plass og markerte den høgtidlege opninga i Nord-Sel.

1997 var altså  året da interessa for pilegrimsvandring vart født på nytt her i landet. Nye pilegrimsvegar er rydda og merka i åra som har gått. Den fyrste vegen i 1997 gjekk vestover frå Oslo via Bærum og svinga så nordover på vestsida av Mjøsa. I 1999 vart også den historiske ruta frå Oslo og nordover via Hamar rydda og merka. I åra etterpå er det etablert fleire pilegrimsvegar til Nidaros; frå Stiklestad, frå Sverige og nordover via Østerdalen. Det er rydda og merka veg frå Tønsberg til Oslo og frå Halden til Oslo. Ei rute frå Seljord til Røldal er gått opp, og merking er her i gang. I Valdres er det ein pilegrimsveg frå Hedalen og nordover, og ei ny rute frå Hovden til Røldal er nå på plass. Ei rekkje guidebøker og andre handbøker for pilegrimar er komne ut, og infrastrukturen, med rimelege overnattingstilbod, blir bygde. Interessa for pilegrimsvandring har vore sterkt stigande dei siste åra, og mange utlendingar kjem hit kvart år for å vandre. I 1996 vart også ein eigen interesseorganisasjon, Pilegrimsfellesskapet St Jakob stifta, med kontor i Oslo.

Parallelt med dette har den opprinnelege pilegrimsvegen vore i forfall. Merkestolpar er øydelagde og fjerna, eller dei er rett og slett nedgrodde. Trass i at mange har gått, er også den opphavlege pilegrimsvegen mange stader grodd att. I tillegg er det ei samstemt oppfatning blant dei som går at pilegrimsvegen ikkje er god nok og bør justerast fleire stader. Det er nå løyvt pengar frå Miljøverndepartementet til eit tre-årig opprustningsprosjekt av pilegrimsvegen, der også heile infrastrukturen skal vurderast. Dei to trøndelagsfylka og Oppland fylke er med i dette prosjektet. Alle som arbeider for og med pilegrimssaka i Norge har nå store utfordringar framfor seg.

"Selv om dagens kirke i Sør Fron ligger fritt og fint i landskapet, så er utsikten fra den gamle Listadkirka enda mere imponerende utover Fronsbygda," Foto: Arne Hernæs

«Selv om dagens kirke i Sør Fron ligger fritt og fint i landskapet, så er utsikten fra den gamle Listadkirka enda mere imponerende utover Fronsbygda,» Foto: Arne Hernæs

Pilegrimsvegen gjennom Fron – og litt til

Etter ei fin og god vandring på skogsvegen frå Ringebu over Kjønnås får pilegrimen eit storslagent møte med Fron nettopp når grenseelva Frya skal passerast. Ved Bersveinshølen er det langt ned, og det er viktig å halde godt fast i rekkverket på trebrua når du ser ned i dei frådande vassmengdene. Kontrastar i natur og landskap følgjer deg heile vegen vidare. På andre sida av jordene som strekkjer seg langs elva går du inn i furuskogen og følgjer sporet av den eldste kjente tjodvegen i Fron forbi ei rekkje militære lagerhus, som overraskande nok ligg pent plassert i terrenget. Herifrå er det ikkje langt ned til Frya og Kongsvegen som går jamnt og pent i eit idyllisk landskap like ved  E 6, og nesten treffer denne før han svingar av og går ganske bratt opp til området med det merkelige navnet Hakkemett.

Til Hundorp, Steig og ”Gudbrandsdalsdomen”

Så ber det vidare til Hundorp som vi hørte om i historietimane, men kanskje aldri før har sett på nært hald. Her ligg gravhaugane på førkristen tid, fleire i talet. Nå har vi sjansen, og her er det godt med opplysningsskilt for dei av oss som ikkje hugsar alt på rams. Og pilegrimar som vil overnatte her, kan gjera det. For pilegrimane kan det vera litt ubehageleg å måtte krysse E 6, for like etter å krysse på nytt for å koma attende til nordsida. Nå er det avtala med grunneigaren at pilegrimar som ikkje ønskjer å gå ned til den historiske garden, kan gå vidare på nordsida av europavegen fram til Sør-Fron kyrkje.

Høgt oppe i lia ligg Steig, som ein gong i tida også var maktsenter – ja, til og med kongsgard. Denne garden er også nemnt i Snorres forteljing om den historiske hendinga med Dale-Gudbrand og kong Olav på Hundorp i 1021. Truleg gjekk den gamle pilegrimsvegen forbi Steig, og det er godt mogleg å velja denne vegen også i dag. Da går ein oppover vegen i staden for nedover mot Frya, men det er lange og bratte bakkar opp, og like bratt ned att!

Attende til Sør-Fron kyrkje. Dette er eit landemerke, og ein opplagt stad for ein pust i bakken. Kyrkja er den største i Gudbrandsdalen, og blir også kalla ”Gudbrandsdalsdomen”. Vel, om kyrkja ikkje akkurat er ein katedral, så er ho spesiell med si oktogonale form. Pilegrimar bør sjå inn i kyrkja, så sant ho er open, og gjerne leggje middagsbøna hit.

Vegen vidare går eigentleg opp på baksida, forbi prestegarden og opp bakken til fylkesvegen og vidare nedover forbi dei historiske Listadgardane. Her kan ein også ta ein liten avstikkar opp i høgda og sjå på dei gamle kyrkjetuftene, merka med eit trekors. For vandrarar som vil ta ein lettare veg, er det i staden godt mogleg å følgje vegen som går forbi kyrkja og fram til E 6. Herifrå går det ein behageleg gangveg vidare, så ein slepp å kjempe seg fram på ein ofte tungt trafikkert kjøreveg.

Svevnstova på Sygard Grytting

Klart for pilegrimar på Sygard Grytting

Neste stopp er Sygard Grytting. Når vi skriv om pilegrimsvegane, prøver vi å la vera å fortelja kvar pilegrimane skal overnatte, vi berre fortel nøkternt om alternativa. Folk må sjølve få lov å velja. Men Sygard Grytting er nærast obligatorisk. Det skulle berre mangle, sidan dette er det eldste pilegrimsherberget i landet som framleis er i drift. I ”Svevnstova” frå 1300-talet finn pilegrimane enkle senger, slik dei gjorde i middelalderen, og det er historisk sus over garden. Frå Sør-Fron kyrkje og hit er det berre ei stutt strekke på 300 m der pilegrimane må følgje

E 6, etter at den parallelle gang- og kjørevegen sluttar ved brua over elva Augla. Så er det berre å ta opp til høgre og følgje jordekanten fram til Sygard Grytting.

Vegen går til himmels

Men herifrå startar stigninga opp den fyrste av i alt seks,- til dels bratte, klatreetappar fram til Otta! Frå Sygard Grytting må pilegrimane gå litt attende og over ei steinrøys og langs ein stig oppover i eit svært frodig landskap ved sida av Lauvåa. Deretter tek pilegrimsvegen til venstre, følgjer Skarsvegen fram til dei nedlagte heimane i Skar, og fortset vidare til den tidlegare husmannsplassen Øyakleiva. Her kjem stigen etter kvart ut på fylkesvegen i Sødorp. Her må vandraren ta inn gardsvegen til Kroken, og så følje Skarsvegen vidare oppover og fram til dei skrøpelege restane av den gamle garden Skar og vidare til husmannsplassen Øyakleiva. Like bortanfor ser det ut til at pilegrimsvegen endar i ein fjellvegg, men snur brått og klatrar pent og ordentleg oppover fjellsida, og ein kan glede seg over ei fantastisk utsikt nedover dalen. Og viss du ser nokre store fuglar som kretsar rundt her, er det heilt sikkert fjellvåk, eller ”piparørn” som ho blir kalla på Fron.

I rolegare lende 

Pilegrimsvegen går inn på ein skogsveg, og kjem etter kvart fram til fylkesvegen som fører nedover mot Vinstra. Vegen går naturlegvis forbi Nordgard Hågå, Per Gynt Gården, og litt lenger nede går vegen over Sula eller Ådalen ,som han blir kalla lokalt. Her kan ein, viss det er ønskjeleg, gå ned til Vinstra sentrum, men pilegrimsvegen vidare held seg oppe i høgda. Han tek av ved baksida av Toksegardane og gjennom skogen fram til Gurilykkja. Like ved garden Brenna ber det bratt opp i åsen.

Ruta går ned i søkket og passerer over Byrebekken, og litt lenger framme tek han ein sving rundt garden Stuslia før han på nytt går nedover mot sivilisasjonen. Eit stykke nedanfor garden Svan kjem pilegrimsvegen inn på Gravdalsvegen eit stutt stykke ned til Stø og vidare nordover til han kryssar Bosåa. Det stutte stykket langs elva nedover til Gardvegen er til dels laga som ei hylle i fjellet i eit ganske fantastisk landskap, som er verdt å sjå!

Mot Kvam

Så følgjer vi kjørevegen ei dryg halv mil fram til Kvam. Det vil seia: Pilegrimsvegen går ikkje til Kvam sentrum, men her er det sjølvsagt fullt tillate å laga sin eigen vri. Pilegrimane går over Storåa rett opp for Kvernhølen, der det elles er fint å ta seg ein dukkert. Så følgjer dei glade (og kanskje reine) pilegrimane elva nedover på vestsida og går oppover vegen mot Leinebakkane eit stykke og vidare gjennom Bergumsfeltet. Deretter svingar ein ned Steinråket mot garden Kilden (Kjelden) og turen går gjennom hamnehage, bjørkeskog og anna skog vestover, stort sett like ved sida av E 6. Pilegrimsvegen følgjer deretter kraftlina, framleis like ved E 6, forbi den nedlagte garden Vassveite. Litt lenger borte langs kraftlina svingar pilegrimsvegen markert oppover og fortset opp til dei tre gardane Løften. Frå den nordlegaste av desse går det ein stig nedover til garden Bjørkerusta, ikkje langt frå hovudvegen.

Den fjerde av dei seks klatreetappane mellom Hundorp og Otta er lang, til dels bratt og ganske krevjande! Vegen innover frå Bjørkerusta går forbi ein skytebane, passerer gardane Knutslykkja og Dalum, og fortset der rett fram eit stutt stykke. Vandraren har nå eigentleg lagt Fronsbygdene bak seg, men det er heilt greit å fortsetja inn i Sel kommune. Vegen blir etter kvart til ein dårleg stig, og frå toppen ved Fagerli går det svært bratt nedover gjennom eit ulendt terreng til Varphaugen. Den siste biten er det mogleg å gå på skogsveg. Ei trøyst er det  kanskje at det iallfall er ei fin utsikt frå høgdene!

Oppover på nytt

Fra Varphaugen er det berre å starte oppover bakkane atter ein gong. Vegen som tek inn tvers overfor raftingssenteret går til dels bratt oppover og flatar etter kvart ut. Ved eit vegskille er det skogsvegen vidare mot Gnedden som vi skal følgje forbi den gamle garden Sandbumoen og inn i skogen. Gneddenstigen går enda vidare oppover eit godt stykke, og eit par hundre meter etter Skaråtåbrua tek pilegrimsvegen av mot venstre. Herifrå går det ganske jamnt nedover, litt i sikksakk. Pilegrimsvegen kjem inn på ein traktorveg som svingar brått til venstre ved ein vadestad for vandrarar, som her går rett fram. Litt lenger nede kjem du inn på ein kjøreveg som går ned til E 6. Men pilegrimane kan framleis halde seg borte frå trafikken, og følgje ein mindre veg forbi den gamle skysstasjonen Solhjem.

 

Utfordring fram til Otta

Den siste av dei seks høgdene fram til Otta er den mest utfordrande, og her rår vi pilegrimane  heller å følgje den flate og svært behagelege gangvegen vest for E 6, langs Laugen fram til Otta. Nord for Solhjem er det til og med plassert ein undergang. Ved å følgje denne gangvegen passerer vi også Kringen-støtta til minne om skottehæren som vart stoppa her i 1612.

For særdeles spreke pilegrimar er det sjølvsagt mogleg å følgje pilegrimsvegen opp i høgda. Nord for Solhjem er det eit jorde som hallar bratt, og her er det mogleg å finne ein stig som går skrått oppover mot venstre og inn i skogen på oversida av nokre bustadhus. Stigen går bratt oppover og følgjer ei smal hylle i den bratte skråninga. Her gjeld det å trakke varsamt!  Inne i skogen er det ei kjelde, og her er det berre å fortsetja vidare skrått oppover, langs eit tregjerde og ut på ein kjøreveg. Denne går ned til Otta, og siste biten går det an å følgje ein gangveg.

Pilegrimsvegen gjennom dei to Fron-kommunane er på 40 km, og vegen vidare til Otta har ei lengde på 11 km. God vandring!

 

Lagt ut første gong april 2013

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Kommunikasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s