Mora går rett og slett frå han

guttANDERS HAUGEN: Det var særleg ille i åra 1835-38. I husmannsheimane gjekk det på livet laust. Derfor var det mange som rett og slett la ut på vandring. Det utvandra 300-400 personar frå Fron dette året. Den vanlegaste stadene folk drog til var Møre-kommunane, Trøndelag og vidare nordetter. Mora var  desperat av svolt og angst for framtida og tok til å true eldste sonen med at han får prøve å greie seg sjølv. ­ I Orkdal går ho rett og slett frå han. Når han vaknar, er mora og broren borte, og han anar ikkje kor dei har teke vegen.

Det kjem mange gudbrandsdølar og andre østlendinger til Aure i mellom 1825 og 1850. Dei fleste vanlege folk, som søkjer ei betre framtid. Somme dreg til kysten i desperat flukt frå armoda. Og atter andre høyrer til dei ringaste av dei ringe.

Fyrste halvdel av 1800-talet var ei hard tid for mange i Fron. Folketalet hadde teki til å auka etter 1814, mykje på grunn av at koppevaksine var teke i bruk, slik at fleire barn voks opp. Det var derfor fleire munnar å mette. Ivar Kleiven har ei oppstilling av folketalet i Fron i fyrste halvdel av 1800-talet. Ved teljinga i 1801 var det 4780 innbuarar i Fron. Dette talet auka berre med 117 personer fram til i 1815. Dette var òg ei tid med harde nødsår og krig.

Så skyt folkeveksten fart. I 1825 har folketalet auka med 993 personar til 5890. Denne veksten fortsette. I 1835 var folketalet 6609.  Så kom det i 1830-åra fleire uår, der avlinga tørka eller fraus bort. Somme måtte bruke såkornet til mat, så i 1839 var det fleire åkrar på små stelle som ikkje vart sådde. Fattigkommisjonen i Fron skriv dette året at så mange som 2000 personar kan komme til å lide nød. Til og med folk på gardane svolt. I husmannsheimane gjekk det på livet laust. Derfor var det mange som rett og slett la ut på vandring. Det utvandra 300-400 personar frå Fron dette året. Den vanlegaste stadene folk drog til var Møre-kommunane, Trøndelag og vidare nordetter.

Anne dreg nordover med to små barn

Anne Engebretsdotter Dokken var ei av dei som ikkje såg anna råd enn å dra nordover.  Ho var født i Dokken i Ruste i 1794, da ein husmannsplass under Rusthågå. Ho vart gift med Hans Nilsson Gunnarstugun eller Bryn  i 1818. Dei hadde hatt seks barn, men to eller kanskje tre, var allereie døde. Den eldste, Hans, var konfirmert i 1833. Da budde dei i Gunnarstugun. Engebret vart konfirmert i 1837. Da hadde dei fløtt, så bustaden var nå Røysum.

Anne hadde med seg dei to yngste da ho la ut på turen nordover. Nils var i det tiande året og Amund  snautt sju. Det må ha vore ein strabasiøs tur for desse gutane som ikkje var eldre.

Mat og husrom måtte dei stole på å få av godtfolk under vegs. Og når det var så mange som for og rak etter vegen, var vel velviljen til å gi folk mat liten. Husrom var det vel enklare med, da det var ved sankthansleite dei la i veg. Det er under turen det skjer, dette som er vanskeleg for oss å skjøna i dag. Anne som sikkert var temmelig desperat av svolt og angst for framtida, tok til å true Nils med at han får prøve å greie seg sjølv ­- ho hadde meir enn nok med seg sjølv og Amund. Så i Orkdal går ho rett og slett frå Nils. Når Nils vaknar, er mora og broren borte, og han anar ikkje kor dei har teke vegen.

Han tuslar i veg mot havet. For han har vel høyrt at det er  sikrast å få mat der dei har fisken. Til sist kjem han til Aure, ein kommune ut mot havet som grensar til Sør-Trøndelag. Da har han ikkje sko og nesten ikkje klede på kroppen. Folk i Aure var ikkje ukjente med å ta seg av slike stakkarar, men kanskje vekte Nils ekstra sympati. Lensmann i bygda tok seg av han. Og det er skrive slik om han i bygdeboka for Aure. Boka heiter Når den nye dagen gryr, og er ført i penn av sokneprest Per Eilert Orten:  «Kanskje var det verst for borna som kom raklande åleine til Aure på eiga hand. Den 23.august 1839 rapporterer lensmann Warvig til futen om ein spesiell lagnad:»

For nogle dage siden ankom her til en omvandrende liden dreng ved navn Nils Nilsen, der angav sig at være i det 10de år, og hjemmehørende i Frons prestegjeld og at han i følge med sin moder der havde et mindre barn, utvandrede fra Fron i denne sommer for at søge hos godt folk om livs ophold.

Sin moder haver han været følgagtig til Orkedal, hvor hun havde forladt ham. Han angav end videre at hans moder var uhygelig mot ham og ytrede under omvandringa flere gange at han kunne søge på egen hånd, da hun selv havede mer end nok af det andet barn hun havde.

Såleledes da benævte dreng og moderen logerede en nat på særskilte gårde i Orkedalen var det ham ikke mulig at gjenfinde hende næste morgen, da hun havde forladt den gård hvor hun logerde uden at bekymre sig om ham, og da han ikke fant henne igjen, haver han blevet ved siden da at vandre på egenhånd hidtil, uden at have vist hvor han nu var. Drengens fader skal være en husman på en gård kallet Røysen under en gård ved navn Noregard Bryhn beliggende i en bygd kaldet Rustbygden i Fron. Hans farfader troede han skulde hede Hans.

Videre oplysning forsto han sig ikke på at avgive.

Drengen havde et fromt udseende og under hans ophold her et par dage udviste han sig artig og lydig, samt røbede lyst til at være hos nogen som vide have ham at bestille noget, så som kvægrøgning for eksempel. –Da han var aldeles nøgen på benene som derfor var hudløse og såre, og havde lidet andre klæder samt i ussel forfatning med renslighed, så gjorde det mig ondt at se denne lille vakre dreng i en sådan forladt stilling, hvorfor jeg lod ham iføre skjorte, bukser, strømper og sko, samt formåede gårdmand Peder Johnsen Semundset til at modtage ham indtil videre. Da det forekommer mig herved ærbødigst at bemelde overstående for øvrigheden i denne henseende kan gives anledning til at bestemme det fornødne.

 Det kunne gått verre

Sokneprest Orten skriv vidare:

Det synest elles som om at denne historia fekk ein forholdsvis lykkeleg ende. Mange spørsmål vil vi aldri få svar på, men statsarkivar Todal har notert i ein parentes at far åt guten kom og henta han heim att seinhausten i 1839.

Kor mora Anne og Amund heldt til mens dei var nordafor, er det truleg uråd å finne ut. Dei var komne til Fron att før 1854, da Amund får eit barn med syskenbarnet sitt, Embjørg Thorsdotter Dokken. Dette barnet døde av kikhoste berre 4 månader gamalt. Embjørg og Amund vart gift den 31.mai 1854. Året etter den 31. mai fekk dei ein gut som får namnet Nils.  Den 18. mars 1857 utvandrar Amund og familien til USA. Mora Anne er også med.

Så kan ein lure- var det meir enn berre armoda som gjorde at Anne drog nordover? Kan Anne og Nils ha hatt ekteskapelege problem? Nils var att heime i Røysum og døde der den 6. desember i 1863.

” Den lille drengen” Nils Nilssen vart husmann i Røysum og vart gift med Gollaug Torgersdotter Tøftestuen den 20.november 1865. Dei fekk seks barn: Amund, Marit, Torger, Nils, Ole og Marit. Den fyrste,  Marit, døde berre to år gammal. Amund kom til Båtberget i Ruste, Torger til Slåa. Båe har mange etterkommarar. Nils, Ole og Marit kom til Øverjordet. Dei var ugifte utan etterkomarar.

Takk til:

Det var Lodver Bryhn som sette meg på denne historia. Det hadde seg slik at han og kona var i ein konfirmasjon i Vågå, og der trefte han Helge Husby som hadde vore lærar på Klones. Han var kulturleiar i Aure kommune, dit Nils (guten i artikkelen) kom i 1839.

Da han høyrde navnet Bryn så spurde han om han kjende til denne guten som eg skriv om i artikkelen. Gjennom arbeidet med bygdaboka for Aure;  Den nye dagen gryr, skrive av Sokneprest Per Eilert Orten, hadde han kome over denne saka.

Eg tok da kontakt med presten og fekk ein kopi av det som var skrive om Nils i boka. Det var grunnlaget for det eg skriv .

 

(Lagt ut på bloggen første gong i mai 2013.)

 

 

 

 

 

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn

2 responses to “Mora går rett og slett frå han

  1. Ola Morken

    BOKEN “FARVEL ARMOD” AV ASBJOERN OEKSENDAL.
    Denne boka omhandler samme emne
    Roman utgitt i 1980 årene, med handling om 3 små barn fra Nordre Lia i Soer Fron som drar alene nordover til Trøndelag ca 1834. Boken beskriver en sann histoirie og personenen i boken er delvis skildret med egne fornavn.
    :
    Torger Andersen Flaate, foedt ca 1764 ,doed 17.12.1843, 78 2/3 år fra Botten u/Sylte. Kvikne., ble gift med Berit Olsdtr. Flaate. Hun var datter av Ole Johnsen Flaate. Torger og Berit fikk auksjonsskjoete paa Flaate i 1802.
    De hadde sønnen Andersf.ca 1796 som var fa til de tre barna som boken handler om.
    Barna Torger, f. 29.6.1823, Ole, f.26.12.1825, Tosten, f. 10.5.1829. som boken handler om.
    Jeg regner med at det er 2 av barna som vi finner i Folketellingen 1865;
    F.T. 1865 Hegra oevre, Stordalen, plass Marienplads:
    Torger Andersen, husmand m/jord, 46, foedt Fron
    Marie Hansdtr, kone42, f. Selbu
    Barn: Birgita, 12 aar, Mina 8, Tora Marie 5 , Anna Berit 3, + stedsoenn Johan Olsen, 21 aar.
    F.T. 1865 Vemundsvik, Namsos, Strandholmen plads.
    Ole Andersen f. Fron 45, aar

Legg att svar til Ola Morken Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s