Dei kviskrar så stilt under felden

budeiegriser

Budeia kunne fortene ein fest etter alt arbeid og ansvar.

Dei to inni selet ligg glade og yr,
og kviskrar så stilt under felden;
– for kroken på innsida krøte dei på –
– og om det kjem udyr – det vert vel ei råd
guten han er her så sjelden.

Etter at budeiene hadde gjort det som gjerast skulle og var nedkomne frå fjellet, vart det halde fest for dei. Desse festane var til ære for budeiene og ein takk for innsatsen. Det synte seg mellom anna ved at dei hadde gratis inngang. Fenomenet budeifest er kjent fleire stader. Mykje utbreitt ser det ut til å ha vore i Midt- og Nord-Gudbrandsdalen. Men elles har det nok vore vanleg der dei dreiv med setring. Kven som skipa til desse festane, kunne nok variere. Vi har i alle fall fått opplyst at både bondelag og ulike ungdomslag var arrangørar. For bygdeungdommen var det sikkert kjærkome med ein fest før dei gjekk ein mørk seinhaust i møte. Kor djup respekten for budeia eigentleg var i bygdekulturen, kan ein sanneleg lure på. Ho har ikkje fått mykje plass i faglitteraturen i alle fall. I eit storverk som Vår gamle bondekultur I-II av Visted/Stigum finn vi budeia berre omtala i ein parentes, og ikkje altfor positivt heller. Men i Ivar Kleivens Fronsbygdin får budeia seriøs omtale, der slit og ansvar blir plassert der det høyrer heime. Ingvald Skillestad skreiv ei vise «Aat budeia» til budeiefesten i ungdomslaget Liværingen på Sør-Fron:

Aat budeia

Skrive til budeifesten i u.l. Liværingen, Hundorp.

«>Av Ingv. Skillestad

Sumaren kom med sol og med regn;

det grønska i lier og dalar.

Og ølrøyk i synsringen blaanande heng,

og lurlaat fraa lierne hjalar.

No bølingen beitar i fjellgras til knes

og drultar og dreg seg saa mett og tilfreds

mot stølen naar solskiva dalar.

I kjørrom det kaklar og yrer og kryr,

av liv som om sumartrygd preikar.

Ein hær av kvitrande fuglar og dyr

der yre med maken seg leikar.

Kven hugsar vel lenger at vaaren kom seint

og tenkjer paa alt som var hustre meint

naar alt seg i sumarsol sleikjer.

Paa vangen i kveldinga gjentorne staar

med hjaling som svarar fraa nutom.

Og kveldssola gyller det flagrande haar,

i selet som bara  og kvitskura er.

Kven veit – om ein ikkje i slikt eit vær

kan vente seg vitjing av gutom? –

Og snart dei ein gut nedi stølsvegen ser:

–       «Skal tru om eg gonglaget kjenner?» –

«Nei! det er han Tore han kjem ikkje her,

for han etter Kaas Kari renner.»

Men hysj; oppom skigaren blistra visst ein;

og Mari spring inn ho er ikkje sein;

ho opp under rjomgryta tenner.

Paa  vollen ligg ørtande velnøgde dyr,

og aatet tek av utpaa kvelden.

Dei to inni selet ligg glade og yr,

og kviskrar saa stilt under felden;

– for kroken paa innsida krøte dei paa –

– og om det kjem udyr – det vert vel ei raad

–       guten han er her saa sjelden. –

Men natta fér fort, og snart lyt han gaa.

Ein augneblink til – og enda ein – maa

han drygje; og sola er oppstaatt

daa han fér mot dalen i tanande sprang.

Alt vaknar og livnar i li og paa vang

til bøling paa beite er utfaatt.

Den sumaren er ei vidunderleg tid

med bloming mot mogningsprosessen.

Naar dyra er feite, og sumaren lid

ris slaktaren kvitklædd or sessen;

– herjande haust alt blømande liv

som rutinert slaktar stikk ned med sin kniv;

–       Det sloknar som glod inni essen.

No lovsangen tagnar paa fjell og i skog,

og vidda det livsfriske gløymer.

Det stilnar der ungdomen leika og log,

for no imot dalen dei strøymer.

Og vangane staar der saa aud og forlatt. –

Berr» huldra aaleine i liom gaar att

i lengslesjuk vaarvon og drøymer.

Men Kari og Mari i bygden er gjest,

i høgsætet byrg me dei benkjer.

Til ære for deim er me samla til fest

og skaalar for deim me oss skjenkjer.

For – kua var feit og osten var god;

og guten i takksemd smiler til ho –

–       budeia – som festbudd no blenkjer.

Budeia er bonden si kjæraste dros,

–       meir verd enn ei dronning med krone.

Om draumen aat Tore i haust gaar i laas

sit Kari til sumar som kone

paa garden der trugen ho tente i fjor

saa han gjennom vinteren ved bugnande bord

kan sitja som bringebreid «bone»

Budeia ho er paa Guds vidskapte jord

den gjævaste nokon kan nemne.

Ho vyrdslar sin gard saa vyrk som ei mor

og eit frammifraa gardkjerringemne

det er ho; – saa om du vil gifta deg gut

du gjerne i kveld kan leite ho ut

or flokken. – Det snaudt seg vil hemne.

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Setring

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s