Monthly Archives: juni 2014

Gardbrukarane forandra nødig bruksmåten

I bruk heilt til 1850-åra. Foto: Teigens Fotoatelier / Norsk Folkemuseum

RAGNAR ØVRELID: Bøndene i Sør-Fron held altfor mange krøtter og hestar. For å halde liv i budskapen gjennom vinteren med sveltefôring, kjører bøndene dagleg til fjells for å hente høy, mose og ris. 20 skikkeleg fôra dyr ville gi meir mjølk og gjødsel enn 30 dårleg fôra, skriv sokneprest Schiøth i 1743. Men bøndene vil ikkje høyre på slikt, dei vil ha mange dyr til sommarproduksjon av smør og ost. Men Schiøth trøstar seg med at denne tungvinte driftsmåten i alle fall skaffar arbeid til mange.  Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Setring

Med fortida inn i framtida

styrestrategi

Styre og redaksjonar tenker framtid på Veidarvon. Foran frå venstre: Pål Oden, Halfdan Haanshus, Anders Hage. Bak: Ole Christian Risdal, Rasmus Stauri, Marit Taarud Kirkenes og Anders Nustad. Foto: Carl Henrik Grøndahl

Kva for rolle kan Fron historielag spele i dei omskiftingane som nå skjer i Fron? Korleis styrke interessa for det lokalhistoriske engasjementet? Kva for kompetanse bør ein ha i styret? Kva for nye arrangement kan laget dra igang? Torsdag hadde styret og redaksjonane i historielaget eit spennande strategimøte på Veidarvon, der nettredaktøren, Carl Henrik Grøndahl, la fram tankar og innspel. Årboka Fronsbygdin held høg kvalitet og sel godt, denne nettsida er eineståande i sitt slag i Noreg med rundt 5000 unike brukarar kvar månad, laget har meir enn 2030 følgjarar på Facebook-sida, det er stor oppslutning om årsmøtet og lanseringa av Fronsbygdin, så utgangspunktet er det beste. Her her det rom for alle som vil engasjere seg i eit skapande og allsidig virke for å ta med seg fortida inn i framtida.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Ta med deg kobjelde

… om dere er litt sår på legemet, så må dere ikke vise det frem

PER ÅSMUNDSTAD:  Embjørg Tøftehaugen utvandra til Amerika i 1869, og ho kjem med gode råd til syster si om korleis ho skal bu seg på reisa over havet: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Kvinner

Fron eit midtstøe for trolldom

Tre trollkjerringer brent i Fron

Tre trollkjerringer brent i Fron

IVAR KLEIVEN: Framover til 1630 er det fleire trolldomssaker på Fron, og som på den tida vart straffa med brenning. Etter det professor Molkte Moe har funne ut, skulle Fron i dette leite vera eit midtstøe for trolldom og runekonster. I 1619–20 vart det brent 3 trollkjerringer i Fron, og om dette står det skrive såleis:

en huskvinde (inderst) Karen (Kari) Berge, hennes bo av årsag, at hun for trolddom blev rettet med ild og brand, beløper seg boet 4 daler 1 ort. Udi lige måde Barbro Amundsdatter for trolddomssag hedenrettet med ild og sverd, boet 3 1/2 daler 1 orrt. Udi lige måde Ingri Olufsdatter for trolddom rettet med ild og sverd.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Fly over Fron

flyoverfronmed NRK og sjå nye E6 bli til.

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Veldig moro

Gjester i felt vurderer funnene de har gjort ved Olstappen. Foto: Hildegunn Maria Haanes Ruset, KHM

Fra NORARK: Vinstravassdragets østligste og lavestliggende vann er Olstappen. Det er langs dette vannet at snøen har smeltet og kulturminnene er tilgjengelig for oss arkeologer, for øyeblikket. Fjorårets sesong var spennende og førte til dateringene av brent elgbein, som viser oss at det har vært elgjakt her i over ti tusen år. Det er utrolige lokaliteter langs vannets østside, med tjukke kulturlag og mange flotte funn. Det er ikke rart at dette engasjerer flere enn arkeologene! Flere av innbyggerne i hele Nord-Fron kommune har et forhold til området vi jobber i. Her drar folk for å fiske, telle elg eller gå tur i terrenget og langs den flotte kulturstien som er laget i området. Når vi nå avdekker mer og mer av stedets historie føles det viktig og verdifullt for oss å fortelle historiene om fortidens mennesker til de menneskene som bruker området i dag. Når engasjementet og kunnskapslysten er så stor som hos folk her, så blir det i tillegg veldig moro.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Jakt og fiske

Nokon som tar utfordringa?

Fron historielag har invitert til konkurranse om den beste lokalhistoriske videoen frå Fron. Kr 10 000 i premiar. Frist: Måndag 8. september 2014.Vi hadde òg eit tilbod: «Historielaget vil innby til ein verkstad i mai, der dei som ønskjer det, kan få tilbakemelding på idear og framlegg.» Ingen har meldt seg, så vi veit ikkje. Er det nokon som tar den kreative utfordringa? Nokon som vil kose seg med å lage ein eller fleire lokalhistoriske videoar? Dokumentere det som lett blir borte når nye tider velter inn over dalen – og vere med i konkurransen om tre pengepremiar? Send oss ei lita melding, så juryen får oversyn over kva som kan vere i kjømda.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon