Arnfinn Engen er død

arnfinnengenRASMUS STAURI: Det kom svært uventa at Arnfinn Engen (1944-2014) brått gjekk ut av tida. Alle som er interessert i lokalhistorie og kulturhistoria i Gudbrandsdalsdalen, har vorte mykje fattigare. Han hadde også fleire viktige verv i organisasjonslivet, og var i det heile ein dugande mann på mange område. I ettertid er det kanskje den omfattande faglitterære forfattarskapen hans som blir ståande. I Fronsbygdin, årboka for Fron historielag, skreiv han fleire artiklar med stor verdi, og han var alltid positiv til å bidra med dei breie kunnskapane sine.

Arnfinn Engen var fødd på Dombås i 1944. Han gjekk på Gudbrandsdal landsgymnas, og deretter gjekk utdanningsvegen til Universitetet i Oslo, der han vart cand. philol. med historie hovudfag i 1973. Arnfinn vart tilsett som amanuensis i historie ved Nordland distriktshøgskole i åra 1974-77 for så å bli forskningsstipendiat på Maihaugen i 1977-80. Derifrå gjekk vegen til Oppland Distriktshøgskule, som det heitte den gongen. Han vart leiar av Opplandsarkivet frå starten i 1980 og vart utnemnd til Opplands fyrste fylkeskonservator i 1981. Han la på den tida grunnen for eit omfattande fagleglitterært forfattarskap, der Gudbrandsdalen vart det viktige emne og interessefeltet hans. Hans arbeidde også mykje med utvandrings– og husmannshistorie, kanskje fordi han hadde husmannsfolk i ætta. Det vart derfor naturleg at han publiserte Utvandringa. Det store oppbrotte (1978) og året etter Husmannsfolk. Parallelt med dette skreiv han fleire artiklar med lokalhistoriske emne. I åra 1979-81 var han redaktør av Årbok for Gudbrandsdalen, eit redaktøransvar han tok opp att seinare i åra 1999-2006.

Han hadde også fleire tillitsverv for Norsk Kulturråd, der han var fast medlem frå 1993 til 2004. Han sat også i styret for Maihaugen 2008-2012. Arnfinn skreiv også bygdebøker for Heidal (to bind) og Dovre (fire bind). Han gav også viktige bidrag i boka om Hundorp (2005) i tillegg til å ta medredaktøransvar.

Det vil i denne samanhengen føre for langt å nemne alt han engasjerte seg i. Han fekk Kongens fortenestemedalje i 2013. Arnfinn Engen skreiv eit talemålsnært og sikkert nynorsk i dei mange bokverka han fekk utgitt, og det er ikkje for mykje sagt at han i den faglitterære forfattarskapen fører vidare det opplysningsarbeidet i Gudbrandsdalen som Ivar Kleiven og Einar Hovdhaugen stod for. Han var ein god, velviljens mann med eit fint og mildt vesen, og mange vil sakne han og det han stod for. Resultatet av arbeidet hans vil inspirere langt inn i framtida.

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

One response to “Arnfinn Engen er død

  1. Torbjørn Dall-Larsen

    Jeg var sammen med Arnfinn det året han var i Arizona i USA som AFS-stipendiat. Dette var året 1962-63, og vi hadde mange hyggelige stunder sammen. Å komme med alt vi opplevde sammen vil bli for langt, det eneste jeg vil si nå er at han var det vi kaller en likandes kar. Og så var han flink til å synge.
    Det var leit å høre at han nå ikke er med oss lengre.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s