Segner som takk

tonderbullOLE CHRISTIAN RISDAL: Grosserar Tønder Bull frå Oslo kjøpte Fjellheim i Skåbu omkring 1920. Han tok i bruk plassen som feriestad og vart svært interressert i Skåbu. Han gav mellom anna døypefonten da bygda fekk eigen kyrkje i 1927, og han kjøpte inn ein del utstyr til skolen i Skåbu. Som takk for dette laga barna ved skolen eit fint hefte, som dei overrekte han. Innholdet var segner frå Skåbu og teikningar av Fjellheim. Dagens eigar, Bernt Bull,  fann att samlinga og uttrykte ynskje om å få den publisert. Ivar Engevold i Skåbu har skanna originalane til eit passeleg format. Etter kvart kjem det segner og teikningar av Fjellheim her på denne heimesida til historielaget.

segner_skabu

Fjellheim i Skåbu har hatt mange eigarar. Til å byrje med låg staden under Dalen og gjekk under namnet «Gammel-lykkja». Seinare var dette seter til Hysjulien. I 1880-åra kjøpte den vidgjetne bygdesmeden og bjørneskyttaren Per Persson Slåstugun eigedomen. Han selde til Severin Stensrud i 1902. Han kjøpte ei stugu med to høgder i Veslum og sette ho opp att, og den står der den dag i dag. Han døypte staden om att til Fjellheim. Han dreiv mykje med tømmerkøyring, var postførar ei tid og dyrka opp meir jord. Omkring 1920 selde han til grosserar Tønder Bull frå Oslo.

4 kommentarar

Filed under Biografiar, Folketru, Litteratur, Menn

4 responses to “Segner som takk

  1. Olaug Askheim Aas

    Står det noko årstal i denne boka, slik at det går an å rekkja attende til kven som gjekk i fjerde klasse og som står bak verket? Eg kjenner att skrifta til Sigmund Hernæs, så boka er kanskje frå 1930-åra? Skulle gjerne visst dette!

  2. CHG

    Førebels trur vi det er 1930, men vi kjem att.

    • Olaug Askheim Aas

      Sigmund Hernæs vart tilsett som lærar i 1932, har eg funni ut i dag, så det må ha vori nokre år etter det. Vonar døkk finn ut årstalet for denne «fjerde-klassa»! Olaug Askheim Aas.

  3. Tilbakeping: Tor Øyen og svartboka | Fron historielag

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s