ANDERS NUSTAD: I Ruste Skoledistrikt var det tre roder, søndre, midtre og nordre. ”Skole skulle holdes 21 Uger aarlig”. Omgangsskulen flytta frå gard til gard med ei veke på kvar stad. Dei største gardane hadde skuleplikt ei veke kvart år, dei middelstore ei veke annankvart år, og dei minste ei veke tredjekvart år. Det går fram av protokollen kor mange dagar ungane møtte på kvar gard. Desse gardane hadde skule minst ei veke kvart år: Lo, Kongsligardane, Brynsgardane, Bø, Hov, Storlunde, Sandbu, Rusthage og Rudlandsgardane. Det var skule på mellom 20 og 30 ulike gardar. Protokollen er ført slik at i første kolonne står namnet på gardbrukaren, i neste kolonne husmennene og i tredje namn og alder på borna. Vi får eit glimt inn i det klassedelte bondesamfunnet. Det var husmannsungane som hadde det dårlegaste frammøtet på skulen. Grunnane ser vi er mangel på mat eller klede, eller det står berre kommentaren ”Fattig”, som fråversgrunn.
Med skulelova frå 1860 vart omgangsskulen avløyst av krinsskular med faste lokale for kvar skulekrins. Det måtte byggjast skulehus. Amtet kom inn i bildet med tilskot til skulehus og lærargardar. Lova skulle gjelde frå 1.januar 1861. Amtsformannsskapet løyvde 140 Spd til skulehus og lærarbustad i Ruste (Brynsmoen), og 30 Spd. til Brandstad «-saafremt det indrettes tilfredsstillende». Bygging av skulehusa i Ruste vart venteleg sett i gang med ein gong. Huset på Brynsmoen må ha vore ferdig i 1863, for den 27.februar 1864 vart det halde lærarmøte der. Og den 28.oktober 1865 vart det halde eit liknande møte i Brandstad. I dagboka for Søndre Ruste Kredse for 1864 ser vi at ungane frå Brynsmoen krins har sin første skuledag i nyskulen den 1.februar. Den 20.februar 1865 er første skuledag i den nye Brandstadskulen. Men korleis hadde skuleordninga vore tidlegare? Det fortel gamle protokollar om…
Den eldste protokollen
i skulearkivet til Nord-Fron kommune er Skole-Journal for Ruste-Bøÿgdens Skoledistrikt frå 1832-33 til 1850. Protokollen er i bra stand, men bakpermen er borte og dei to siste sidene er lause. Papiret er laust og gråblått på farge. Sidene er nummererte frå ein til eitthundreogåttiein og er ruta opp for hand med penn og blekk.
Protokollen er ført av omgangsskulelærar Rasmus Olsen Baukhol (Spjotum). Han var fødd i 1812 og døydde i 1896. Etter den spesielle handskrifta å dømme er det Rasmus som har ført kvar side i protokollen. Han må ha teke til i Ruste 1832. I 1848 søkte han seg frå stillinga, men etter eit lite lønspålegg heldt han fram til ut året 1855. Både gardbrukarane og ”skolebestyrelsen” var godt nøgde med han som lærar. Kva opplæring han hadde, kjenner vi lite til. Han hadde eit kurs hos klokkar Nielsen 7 – 8 år etter at han tok til i posten. Kvar gong det er gjort innkjøp til skulen, har han ført det inn i protokollen og underskrive med ROlsen. Det er i alt fem slike kvitteringar bak i protokollen, skrive med pen handskrift i gotisk stil. Ungane skreiv gotisk fram til ca. 1860. Da kom latinske bokstavar meir og meir i bruk. Lærar Pål Hansen har ein lang kommentar i protokollen frå 1863 der han bruker moderne latinske bokstavar.
Skolejournal for Ruste Skoledistrict. Anskaffet Aar 1851
Dei første åra er protokollen ført på samme måten som i den eldste. Men frå året 1854 er det ført inn dato for kvar gard. For eksempel står det Øyum 22.1.54. Føringa er gjort siste dagen i veka på kvar gard. Frå 1859 vart talet på gardar med skuleplikt redusert til fire – fem. No var dei i staden ein månad på kvar stad. Desse gardane er: Brandstad, Skinne, Rusthage, Morken, Lillelunde, Bryn og Myren (i Barhaugkretsen). 1862 er siste året med omgangsskole i Ruste.
På side 66 står denne overskrifta: ”Skolehold og Skolesøgning i Søndre Ruste Skolekredse. Begyndt Aaret 1864”
Den nye ordninga med fastskule vart likevel innført 1863. Men det går ikkje fram av protokollen kvar skulen heldt til dette året før skulehusa ved Brandstad og Bryn var ferdige. Vi må gå ut frå at dei hadde ei mellombels løysing med skule på nokre faste gardar slik som dei fire siste åra med omgangsskole.
Det er ført sum frammøtedagar og fråversdagar for ungane i Søndre Ruste. Dei gjekk 54 dagar med obligatorisk frammøte, og fleire hadde møtt inntil 27 dagar friviljug. Det er ikkje innført frammøte og fråver for ungane i Nordre Ruste, men alle har karakterar. Læraren har gjort denne kommentaren i margen: ”Da ingen ordentlig Inddeling af Børnene i Klasser dette Aar har været mulig og Børnene saaledes i Protokollene i Flæng falder det vanskelig at give nogen Oversigt over det Gjennemgaaede —”. Dette var nok eit overgangsår da læraren har brukt omgrepet ”Rustes Kredsskole” som overskrift. Pål Hansen Tarud (P. Hansen) vart tilsett i fastskulen i Ruste 1863, og det er nok han som har skrive denne kommentaren.
Den nyordna krinsskulen vart delt i nordre og søndre Ruste krins. Dei følgde den gamle rodedelingsgrensa. Nordre Ruste hadde skulestad i Tårud (Sandheim).
Omgangsskulelærar Ole Erlandsen Morken vart tilsett i den nye krinsskulen i N. Ruste frå 1864. Han tok eksamen frå seminaret året 1863. I skoleprotokollen ser vi at siste året med omgangsskule var året 1862. Da var det skule på Skinne fire veker, Rusthage fire veker, Bryn åtte veker og Myren seks veker, 22 veker i alt. I skulesoga til Kvammen står det at Ole Morken var konstituert i Ruste i fire år frå året 1856. Men i skuleprotokollen har han kvittert ei boktinging for året 1861. Og etter skrifta i protokollen å dømme, var han nok også lærar det siste året det var omgangsskule.
Dagbokføring for året 1864
Side 68 står det: ”Dagbok for Skoleholdet og Skolesøgning i Søndre Ruste Skolekredse 1864. (1. Søndre Kreds.) Dette tilsvarer ”søndre rode” i omgangsskuletida, seinare kalla ”Brandstad krets”. Dette året er det innskrive 32 ungar, og frammøtet er jamnt og godt heile året.
Dei gjekk på skulen kvar dag i januar, i mars kvar dag frå den 14., kvar dag i april til den 16., kvar dag i november frå den 24. og kvar dag i desember til den 21., i alt 71 dagar.
Brandstad skule var enda under bygging, og ungane møtte kanskje dette året på nye Brynsmoen skule, men aller helst brukte dei nok framleis ein eller fleire av gardane frå omgangsskuletida som fastskule.
Side 69 står det:
(2. Nordre Kreds.) Dette tilsvarer ”midtre rode”, seinare kalla Brynsmoen kreds.
Nederste Afdeling.
Det er innskrive 34 ungar, og frammøtet er svært ujamt. Dei gjekk på skulen 13 dagar i februar, 5 dagar i mars, 5 dagar i april, 10 dagar i mai, 5 dagar i juni, 9 dagar i oktober og 8 dagar i november, 55 dagar i alt.
Side 70 står det:
(Nordre Kreds)
Øverste Afdeling.
Det er innskrive 27 ungar. Dei gjekk på skulen annankvar dag i same perioden som nederste avdeling, 54 dagar i alt. Frammøtet var dårleg i mai, juni. Her hadde mange arbeid som gjetar eller var heime i anna arbeid. Dei som vart konfirmert, gjekk ikkje på skulen om hausten.
Då ”Nederste Afdeling” møtte på skulen 1. februar 1864, var det truleg første skuledag i nyskulen på Brynsmoen. Ein skulle tru det var ein merkedag i grenda. Likevel møtte berre 12 av dei 34 elevane. Elevane i ”Øverste Afdeling” møtte neste dag. Frammøtet var noko betre, 18 av 27.
Etter skulelova frå 1860, som no var gjort gjeldande i Nord-Fron, var skuletida i udelte skular 12 veker (72 dagar), og 9 veker (54 dagar) i skular med to avdelingar.
Dagbokføring for året 1865
Det er andre året det er skule i skulehuset på Brynsmoen. Nå står også skulehuset i Brandstad ferdig. Pål Hansen (Tarud) tek fatt på sitt tredje år som lærar ved Søndre Ruste Kredskoler. Han bor i lærarbustaden på Brynsmoen. Morgonen den 9. januar har han Nederste Afdeling. Ungane har benka seg på dei lange skulepultane der det er plass til fem på kvart sete. Dei helsar. Så syng dei ei salme etter tonar frå det nye salmodikonet. Læraren tek fram dagboka der han har ført inn 38 elevar og i tillegg 11 ”Börn under den skolepliktige Alder”. Men i dag møter det berre 14. Dagen etter møter Øverste Afdeling. Der er frammøtet betre, 22 av 32. Slik går ungane annankvar dag fram til 18. februar. Da flytter lærar P. Hansen til Brandstadkrinsen, og bur da kanskje på Tarud –. Skulen er ny og fin og klar til å ta i mot ein spent elevflokk.
Den 20. februar møter det 30 ungar med ei alderspreiing frå sju til 17 år. I protokollen er det innskrive 37 + 11 under skolepliktig alder. Dei går kvar dag fram til 18. mars. Så har dei fri til 8. mai, og går så kvar dag til 17. juni. Mai og juni er dårlege skulemånader. 28. mai møtte det 7 elevar, medan det 18. mars møtte 43. Som fråversgrunnar er ofte nemnt mangel på mat eller klede, gjeting eller reist på setra. I Brandstadskulen er det ei avdeling, og dei har 12 veker skule. På Brynsmoen med to avdelingar har dei berre 9 veker i kvar avdeling. Til hausten tek skulen til att i oktober, og læraren må pendle mellom Brandstad og Brynsmoen med ca. ein månad på kvar stad. Skuleåret følgde kalenderåret i åra 1836 – 1892. Dei fire åra 1832 – 1836 var ungane innskrive om hausten, og skuleåret gjekk frå haust til vår slik som i dag.
Lærar P. Hansen Tarud avslutta lærargjerninga si med skuleåret 1872. Han har kvittert fem boktingingar i protokollen. Lærar Nils Røine tek over frå året 1873. Røine har kvittert for dei to siste boktingingane i protokollen, 1873 og 74.
Dei to siste dagbøkene.
Det er lærar Røine som fører dagbok nr. 3 og nesten heile dagbok 4. Vi legg merke til at dette året innfører ein ny skuleårsordning med skulestart om hausten, og skuleåret blir utvida frå 9 til 12 veker i Brynsmoen skulekrins.
Skulefaga, karakterar, eksamen.
Skuleåret 1834-35 har omgangsskulelæraren gjeve kvar elev ein talkarakter i protokollen. Han bruker karakterskala frå 1 – 6 der 1 er beste karakter. Berre 111 av dei 218 innskrivne borna møtte på skulen. Desse har alle fått ein samlekarakter i ”Næmme”, eller ”evner” som vi seier i dag. Han var snill i bedømminga her i starten. Dei fleste har fått 1,2 eller 3, medan 28 elevar har fått 4 og 5. Ein elev fekk 6. I samsvar med skulelova av 1827 har læraren året etter gjeve karakter i desse faga: Indenadlæsning, Udenadlæsning, Religionskundskab, Regning, Skrivning, Forhold, Næmme. Skulelova har òg med eit fag som heiter ”Sang efter Salmebogen”. Dette er ikkje med i protokollen kvart år.
Svært mange av ungane hadde møtt fram berre ti – tolv dagar av skuleåret, så grunnlaget for å sette karakter kunne ikkje ha vore det beste. Berre ti elevar kunne skrive, og dei fleste av dei har fått 4 eller 5. Fire elevar har fått karakter i rekning, to einarar og to firarar. Det var lesing og religionskunnskap som var dei viktigaste faga. Skolen hadde som hovumål å få ungane konfirmert.
Skulelova kravde at presten skulle halde eksamen kvart år
I den eldste skuleprotokollen er det innført kommentarar om eksamen for fire år:
1839 Res.kap. P.M. Selmer 15. februar Hof (Hov) 62 til stade 18. februar Lo 38 til stade
1840 6. juli S. Kongsli 13 til stade 7. juli Bø 32 til stade
1841 24. november S. Kongsli 18 til stade
1845 Res.kap. Paul R. Hoffgard 18. januar S. Bryhn 27 til stade 22. februar Storlunde ? til stade
Selmer refsa borna for mangelfulle kunnskapar og påla foreldra å følgje nøyare med. Borna skulle kunne bokstavane og helst også kunne lesa når dei møtte på skulen, meinte han. Foreldre som heldt ungane borte frå skulen, ville få mulkt. Hoffgard var ikkje så streng.
Ved eksamen 1839 har presten ført karakteren sin i protokollen. Denne samsvarar godt med læraren sine karakterar.
(Blogga første gong august 2013)