Daily Archives: 20. juni 2014

Fråversgrunnar: mangel på mat eller klede

Rusteskule

Pensjonert rektor Anders Nustad i skulemuseet på tidlegare Ruste skule.

ANDERS NUSTAD: I Ruste Skoledistrikt var det tre roder, søndre, midtre og nordre. ”Skole skulle holdes 21 Uger aarlig”. Omgangsskulen flytta frå gard til gard med ei veke på kvar stad. Dei største gardane  hadde skuleplikt  ei veke kvart år, dei middelstore ei veke annankvart år, og dei minste ei veke tredjekvart år. Det går fram av protokollen kor mange dagar ungane møtte på kvar gard. Desse gardane hadde skule minst ei veke kvart år: Lo, Kongsligardane, Brynsgardane, Bø, Hov, Storlunde, Sandbu, Rusthage og Rudlandsgardane. Det var skule på mellom 20 og 30 ulike gardar. Protokollen er ført slik at i første kolonne står namnet på gardbrukaren, i neste kolonne husmennene og i tredje namn og alder på borna. Vi får eit glimt inn i det klassedelte bondesamfunnet. Det var husmannsungane som hadde det dårlegaste frammøtet på skulen. Grunnane ser vi er mangel på mat eller klede, eller det står berre kommentaren ”Fattig”, som fråversgrunn. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar