Det vart ein annan dans borti Lia

30 år seinare: Valgfag «Swing» Vinstra ungdomsskule, 1985. Uka etter at Bobbysocks vant Grand Prix.

TORDIS IRENE FOSSE: I 1953 kom ho Målfrid Vik frå Østfold. Ho var den friskaste innflyttarpusten ein kunne tenkje seg, ein virvelvind. Ho var ung og rund og sette i gang med alt: Ho var med i songkor og amatørteater, studiering i husmorlaget og fekk i sving ein speidarpatrulje borti Lia. Speidartida er ærleg verd ein song, men Målfrid gjorde enda meir. Målfrid varsla at ho ville få i gang leikarring for alle interesserte i sjette og sjuande klasse. Gjett om vi i fjerde og femte vart lange i maska! Og gjett om ikkje Målfrid da sette i gang to leikarringar – ittno knussel!


Slik gjekk det til at det er ei østfolddame som har mye av æra for at somme av oss frå borti Lia er svært stødige i ymse steg og gamle rytmar, og at vi kan utanboks at hjarta i vårt Noreg er Gudbrands gamle dal. Denne leikarringen er det eg nå vil gjera ære på ved å skrive ned noko frå dansinga i gymnastikksalen på Liene skule  denne fjerne og nære tida på femtitalet. Det begynte med gründaren, Målfrid, og da ho reiste sin veg etter to år, kom det heldigvis ei solid telemarkslærarinne, Arnhild Naadland, som kunne ta over og føre vidare både det eine og det andre. Arnhild var den som lærte oss turdansar, og somme vart ekstra glad for henne og hugsar henne best. Kor som er: Med desse to kom dei gamle dansemåtane for fullt inn i livet vårt.

Den norske songdansen var konstruert på grunnlag av færøydansen, som kanskje har mellomalderrøter. Det var Hulda Garborg (1862-1934) som drog til Færøyane fyrst på 1900-talet og fekk med seg færøystega attende. Klara Semb (1884-1970) dansa i leikarringen hennar og vart seinare ei drivande kraft. Brigda, desse spesielt koreograferte innslaga, som er ulike frå song til song, er det i hovudsak Hulda Garborg som har funni på. Vi dansar altså til dels etter hennar umåteleg kreative pipe.

Å lære masurkasteg var ei jentesak

Da eg var ni år, innskrenka erfaringa mi med ”dans” seg stort sett til songleik i den store gangen rett innafor utgangsdøra på skulen. Kulturen var slik at jentene kunne vera inne der i friminutta om vinteren og drive med songleik medan gutane var ute. Vi song og leikte ”Fløy en liten blåfugl”, ”Bro, bro Brille”, ”Reven låg i solabakka” (som er ein språkleg innhaldsrik gudbrandsdalsversjon av ”Bjørnen sover” og fortener å haldast i hevd) og ”Tyven, tyven” og mange fleire.

Vi hadde dessutan ein variant av tjuvleiken der vi song ”Kjerringa med staven”. Og det var viktig! Da brukte vi nemleg gammaldagse masurkasteg, slike som kanskje somme gamle kan den dag i dag: Det var seige steg som sopte i golvet, med lengst tid på den tunge taktdelen på venstrefoten i dansretning. Dette var ikkje slik ein fekk til med ein gong! Men vi små vart slepte med av dei store jentene, for her føregjekk det på tvers av alle aldrar, og eg meiner at i tredje klasse hadde eg masurkarytmen inne, som forresten ingen nemnde at var masurka. Det kjendest som å avansere til stor jente, og eg hugsar det som større enn å lære å lesa. Det viser det seg at også for andre enn meg  var masurkaen den gongen testen på å kunna danse. Og viss det er nokon som trur det er masurkaen som manglar, så kæin døm få lært n tå me.

Gutane var ikkje med på songleiken den gongen, men nokre år seinare vart visst gutane med av og til. (Speidaraktiviteten var også kjønnsdelt den tida: Det var speiderpikeforbund og speiderguttforbund, og i Sør-Fron var det berre vi jentene som dreiv med slik.) Å leike med gutar var mest å slå ball i friminutta og stå på ski bortpå Svelle-jordet. Heime på Fosse slo vi ball og stod på ski saman med Arne og Bjørn (Vangen) og leikte i grusgruva. På grunn av denne innarbeidde kjønnsfordelinga var eg litt usikker på den nye kombinasjonen: Skulle eg gå i leikarring og danse med gutar? Men da eg var i gang, vart tvilen fort borte! Dette baud på meir enn eg hadde visst om.

Det va itte æill verda å gå på

Eg tenkjer på kven som eigentleg var med i leikarringen. Nå hadde iallfall gutane plutseleg danseinteresse! Eg kan ikkje hugse at gutar var ein knapp ressurs i dei tider. Var det mødre som dytta somme av dei garde kanskje? Det var sjølvsagt å begynne i leikarringen, seier Gunnar. ”Det va itte så my å vera mæ på, ” seier Hans. Kari seier at ho syntest detta var morosamt, og ”det va itte æill verda å gå på,” og så tenkjer ho seg at det var vel slik at somme skulle vera med og ”kæin itte du gje de mæ?”

Eg ser for meg at det var mange med i leikarringen, enda vi var ikkje så forferdeleg mange i dei to-fire klassene. Men somme var altså ikkje med. Var det for lang veg, sjølv om det var ein kortreist aktivitet – vi tok oss fram til fots alle saman. Å bli kjørt i bil var det ikkje snakk om. ”Itte hadde nån någå å kjøre mæ hæill,” seier Kari. Gunnar hadde lang veg frå Djupdalen og fortel at han brukte rattkjelke til leikarringen om vinteren og kanskje ski iblant.

Vi gjorde forresten knapt noko utafor fire-fem kilometers omkrets i barndommen. Kommunelokalet med kino var det yttarste punktet for fritidsaktivitet. ”Far til fire” med den lyshåra sjarmerande bror til storesyster Søs var absolutt verd tre kvarters gåing nedover Kleiva, bortover fyllinga, over den kalde brua og gjennom Hyttebyen – kanskje vart danmarkskjærleiken grunnlagd da?

Men tilbake til dansen: Kvifor var ikkje alle med på denne nye fellesskapen? Leikarringen kosta iallfall ingen ting. Målfrid og Arnhild dreiv vel både med speidinga og med leikarringen av pur interesse og kjærleik til ungar og ungdom og kultur. Var nokon mot dans, det kan eg ikkje hugse? Eller var nokon for tilbakehaldande eller rett og slett meir interesserte i andre ting? Eg veit ikkje om dette førte til ei direkte splitting.

Gutane hekk etter føtene oppi ribbeveggen, men sure var dei ikkje

I leikarringen var det god orden og faste ritual. Når vi kom, sette vi oss på dei låge, smale benkene langs dei to langveggene, med ribbevegg over, jentene ved venstre veggen og gutane ved høgre. Litt klatring oppover ribbeveggene og deromkring var det nok innleiingsvis. Utolmodet kan jo ta den som ventar, og Velle hugsar at dei hekk etter føtene i ribbeveggen i ventetida før start. ”Dei” var av naturlege og kulturelle årsaker nok gutar, for i oppned stilling ville jo tyngdekrafta ha vendt skjørta våre i uakseptabel retning.

Det var elles ein rimeleg grad av likestilling, når ein tenkjer på tida. Vi hadde to omgangar med dansing og ein pause i midten. Det var ikkje slike anarkistiske tilstandar som i dag, at gut og jente berre grip tak i kvarandre, eller at leiaren seier at to og to skal finne saman. Nei da! På eit gitt signal skulle engasjeringa føregå, ein gong før pausen og ein gong etterpå. Gutane fekk alltid engasjere før pausen og jentene etterpå, så ein visste kva ein gjekk til. ”Den som skulle bli engasjert, hadde itte stort anna å gjera enn å sitta der. N kunne jo alltid håpe på nån som itte va altfor ille,” seier Ragnhild.

Eg hugsar det slik at det var liksom ikkje berre å velja fritt på gutehylla etter pausen. Vi tok eit hint, iallfall eg. Det ”naturlege” var da å engasjere den same som hadde godkjent ein ved å engasjere før pausen! Eit teikn på at jenteengasjeringa ikkje var inngripande, er at somme gutar knapt hugsar at jentene engasjerte.

Korleis gutane resonnerte eller hadde det i det heile tatt, visste eg lite om. Men noko kunne ein jo tenkje seg av kroppsspråket. Før klarsignalet var gitt, såg det ut til at gutane konsentrerte seg som til ein 60-meter. Det var da også ein god bit å tilbakelegge over golvet. Somme sette endatil føtene sine på skrå i den retninga dei hadde tenkt seg, og det gav jo ein ekstra forventningsfryd til den som trudde seg utpeikt! Det var eit temmeleg sikkert teikn på interesse når fotpar peikte rett mot ein sjølv, men ein kunne jo ta feil av vinkelen!

Det var ingen reglar for fart og stil over golvet. ”Døm kom fort over golvet og bukka, døm messom sikta, og så fór døm fort tvert over for å prøve å få tak i den jenta døm ville danse mæ, ” seier Kari. ”De va å storme fram,” seier Gunnar. Gutane rasa over golvet i uordna flokk. Det var ei mølje når ein skulle engasjere, hugsar Velle. Eg meiner at vi jentene hadde ein meir beherska måte å gå over golvet på – løpet var jo i grunnen kjørt.

 

Heller dans enn dikt!

Som sagt hadde vi pause midtvegs i kvelden. Og da hadde vi avis! Det var ei tjukk skrivebok med liner og stiv perm. To stykke hadde i oppdrag til kvar gong å vera redaktørar og skrive noko i denne ”avisa” og lesa det opp i pausen. Det kunne vera vitsar eller dikt eller kva som helst. Dette var ein gammal og god tradisjon frå ungdomslaga.

Eg hugsar at Ragnhild og eg ein gong vart så inspirerte av denne opninga for skriving og publisering, at vi nok tok i vel sterkt i omfang. Det gjekk etter kvart opp for meg at dei andre venta på å få danse og ville ikkje høyre på oss i det uendelege. Og vi som hadde hatt det så morosamt da vi skreiv! Eg hugsar enda at vi hadde laga eit dikt om eit egg med skjegg, men det kunne altså ikkje måle seg med dansen. Og dersom du som les dette, synest eg nå skriv i lengste laget og heller vil ta ein vals på kjøkkengolvet, så er det heilt i orden for meg. Men dersom avisboka frå hine skrivande dagar finst, så hadde det vori stas å sjå kva ho openberrar av tekstinteresse og skrivekunst.

Songen var viktig

Dansinga var i grunnen minst to ting, både sjølve dansen og så songen. Hans seier at han for sin del vart med i leikarringen ”my på grunn tå sanga”, og Anne-Marie legg også vekt på at ho var glad i musikk og song. Leikarringen kom nok den interessa i møte hos fleire. Vi fekk eit lite hefte, der songane stod. Eg har enda det vesle gulna heftet med ”Norske folkedansar” frå Vest-Agder Ungdomslag, som forresten også inneheldt nyare songar.

Vi måtte lære songane utanboks. Leikarringen har ein stor del av æra for at eg den dag i dag har eit ganske stort repertoar av songar i meg, songar som eg kan ta fram når eg treng å synge litt. Kanskje er det lett å lære tekst som ein dansar til: Ein uttrykker rytmen med heile kroppen, og somme ”brigde” (der ein altså gjer noko anna enn berre dei vanlege stega) viser meir eller mindre det orda seier. Nå har eg ikkje vori fri for å danse folkeviseleik også etter femtitalet, men eg kjenner nesten at eg er attende i gymnastikksalen på Liene skule når eg er Vesle-Kari og går føre lullands og lokkands, og når eg ser  på deg og du ser på meg, og når vi byggjer med tankar ei bivrebru til den heilage, høge framtid.

Tekstene var forskjellige. Somme var ikkje til å begripe i det heile tatt, men det var heilt i orden. Den gongen gjekk det an å lære utanboks sjølv om ein ikkje forstod det grann. Og lyden og rytmen kunne ein ha moro av i alle fall. Eg hugsar enda det verset eg forstod minimalt av, men som eg seinare altså så nokolunde har fatta: ”Soga sagd om mange/ menn det står segn og sol av,/ rister eg her i rad og rim/ om den heilage Olav,/ om den heilage Olav.” Og etterpå vart det bloddrypande fælt! Kanskje vart innhaldet forklart for oss, men den kunnskapen datt i tilfelle ut att. Framleis synest eg at dette er magiske lyduttrykk!

Så lokka vi ein kar

Ganske mange tekster hadde ord for det vi var meir forsiktige med å snakke om. Det kunne for eksempel ikkje falle oss inn å nemne at vi var interessert i den og den guten, og ikkje var det mye generelt snakk om kjønn heller, anna enn erting og fleip frå somme frimodige. Men songtekstene song ut kva som helst! Der var det ei anna verd der ein for eksempel kunne halde guten i handa og seia: ”Sjå det ljosnar i li, og vinden leikar så blid. Du skal vera min ven i allan tid”. I songane var det dristig snakk om å lokke ein kar ifrå Hallingdal, om at eg ser deg utfor gluggen, kjær søte venen min, om å koke heit graut og gi rom til guten som kjem oppå setra, om at det står ein friar uti garden osv.

Rett skal vera rett, vi song ikkje berre folkeviser og slik i den tida, vi song slagerar også: ”Sugarbus, I love you so”, ”Jeg har forelsket meg, forelsket meg, forelsket meg. Det er som himmelen har åpnet seg for meg for meg.” Og etter kvart vart det ”Tro, håp og kjærlighet skal deles på to” med Nora Brockstedt og andre klare utsegner, for eksempel frå søstrene Bjørklund (som eg hadde den lykka å få oppleva livs levande på Steinbergmuseet på Toten da eg var elleve år og fekk vera med onklane mine på dans).  Men vi kunne jo ikkje utan vidare halde ein gut i handa og synge slikt i friminuttet; signalet måtte eventuelt sendast diffust syngande ut i rommet.

Blikk-kontakt og kroppskontakt førte denne folkedansinga med seg. Eg ser på deg, og du ser på meg. Eg kunne ha ein gut i kvar hand, og når vi tok det tunge taket, som færøystega la opp til,  var armen tett innåt bringa. Brigda i songdansen innebar dessutan at vi i stutte stunder spesielt var innpå ein om gongen. Vi song om den vesle guten oppi bakken som fria til meg og kunne handa rundt albogen til kvarandre. Da var det litt ekstra stas med stutterma bluse.

Denne nye samværsarenaen førte nok til ei viss pardanning. Det utvikla seg når ein dansa bra i lag, seier Gunnar nøkternt. ”Greitt å danse mæ døm som va flinke te å danse,” seier Kari og hugsar godt ein som var det. (Aha! Kari også! Eg visste slett ikkje den gongen at ”alle” andre òg hadde lyst til å danse med akkurat han!) Ein hadde lyst til å danse med den og ikkje med den, seier ho, ”men det rekne e itte som någå vidløftigt”.

Vel, somme av oss, som elles kunne vera blyge og klønete, hadde i leikarringen ein stad der forelskingar forsiktig kunne utfalde seg. Oj, han liker meg visst! Det nyttar ikkje, han dansar berre med Randi – sukk og stønn. Å, vil han danse med meg, å lykke over all forstand! Ja ja, nå ser han ikkje til min kant lenger. Men eg har jo ikkje lagt merke til han andre som har gått i mi retning heile tida og har skrivi i minneboka at ”draumane er om deg”, nå vil eg absolutt vera inntil han og synge at det er laurdagskveld og longt i alle lundar!

Å dans vals, det er farleg, det

Det var ikkje berre songdans vi fekk drive på med, og vi var ikkje alltid i stor ring. Særleg Klara Semb hadde arbeidd med oppskriving av gamle turdansar, og med Arnhild Naadland kom turdanstradisjonen inn i gymsalen på Liene skule. Spelmann hadde vi ikkje, men vi hadde stemmer å bruke, så vi fekk til firetur frå Romerike og klappdans og kva det skulle vera. Det innebar at vi inniblant kunne sleppe taket i ringen og danse ordentleg med berre ein. Dette kunne by på visse utfordringar for gutane. For eksempel i gammal reinlender skulle jenta lyftast høgt opp i veret. ”Å lyfte lange jenter var eit helvete!” seier Velle.

Fireturen gav oss høve til å danse vals. Eg ønskte meg forresten og fekk boka med den pirrande tittelen Den første valsen til jul før eg var ti, ikkje lenge etter at eg hadde begynt i leikarringen, så eg hadde nok fort erfart at det var noko ved denne dansinga. Klappdansen innebar polka, og den gamle reinlenderen med alle turane inneheldt jo også rett og slett reinlender. Dette er ein barnelærdom eg har hatt stor glede av i alle år. Men vi fekk i same slengen lært noko i tillegg. Kor lenge var Eva i paradiset?

Eg må vel fortelja det som det var. Dette var jo i gamle dagar, det må vi hugse på. Og eg har mye godt å seia om denne glupe og mangfaldige læraren, og han kunne jo ikkje hjelpe for at han var frå enda gamlare dagar. Han var mannen, han var den gamle, han var autoriteten, han var skulestyraren, han visste kva som var rett, og det ikkje berre i skuletimane.

Plutseleg ein gong stod han der, midt i valsinga vår. Så underleg, for han høyrde liksom slett ikkje til, enda han kunne gripe til fela i ein skuletime når han var i lystig lune. Nå var han mørk og sint og sa med sterk stemme at dersom det ikkje vart slutt på at vi dansa vals, så skulle det bli slutt på heile leikarringen! Eg hadde for min del ikkje hatt peiling på at det var noko fælt med å danse vals, men da begynte eg jo å tenkje forskjellig. Eg kan ikkje hugse at Arnhild sa eit ord. Eg lurer på om den solide dama plutseleg vart ei lita jente. Eller kanskje hadde dei ei drøfting i einerom etterpå; ho kunne sikkert forklare med tyngd om turdanstradisjonen.

Det merkelege er at eg kan ikkje hugse om det vart vals etter dette eller ei. Velle, som kom inn i leikarringen eit par år etter meg, fortel at nei, dei dansa ikkje vals, ikkje turdansar i det heile tatt, berre pent i ring. Denne dramatiske scenen beit seg i alle fall fast i meg for alltid. Vals fekk eg likevel lært. Fleire av oss har dansa svært mye vals og minst sju andre slag seinare i livet, slike dansar der to og to mye av tida vender framside mot framside og kan sjå kvarandre nært inn i augo og ikkje har andre like ved som balanserer kontakten.

Ikkje nok med at vi dansa vals. Vi var slett ikkje særleg slitne etter dansinga. Vi skulle gå heim att. Somme av oss hadde frykteleg stutt veg, og somme skulle langt oppover Søre Lia. Om vinterkveldane tok mange seg fram med spark eller kjelke. Måneskin var det jo også rett som det var. Så vart det ein vane at vi som eigentleg skulle nedover og bortover, heller gjekk eit stykke oppover i måneskinet saman med dei som skulle oppover. Det kunne også hende at ei jente fekk sitta på sparken eller kjelken til ein gut. Det kunne vera stor stas, og det smakte absolutt av å bli stor jente, og livet var ganske fint under månen. Gunnar seier at det var sosialt å bruke kjelke: ”Ein kunne sitja på han, veit du! Eg hadde rattkjelke, heitte han Tarzan, tru? Det var plass til to, men han kunne ta tre om ein aksepterte å ha det trongt. Og det gjorde ein da? Og det hende nok meir enn ein gong at vi køyrde litt nedover att, når nokon snudde for å gå nedover og heim.” Men kor lenge var Adam og Eva i måneskinsparadiset?

Eg hadde atter ikkje peiling på at vi hadde vori på ville vegar før læraren i dagslys og skuletime fortalde oss at dersom vi ikkje slutta med desse måneskinsturane, så måtte det bli slutt på heile leikarringen! Slik skjønte vi at det eigentleg var han som eigde leikarringen.

Og så la vi krølltonga under steikepanna

Det var vel ein gong i halvåret eller året at vi hadde avslutningsfest og pynta oss etter moderat evne, for eksempel i livskjørt og kvit bluse, og kanskje krølla håret med krølltong, passeleg oppvarma på kokeplata under ei panne, og så hadde vi framsyning for foreldre. Vi song fint, og vi var flinke, seier Ragnhild. Men eg hugsar enda at ei mor smålo og sa at vi var rørande, og da forstod eg at vi var ikkje så flinke med takta som eg hadde trudd!

Nå var det ikkje så lett å halde takta når vi denne eine gongen skulle danse etter fele. Han Pål Tron kom nemleg og kasta glans og spelte fele for oss. Det kjendest fremmendarta og høgtidleg, og det vart fest av det, men vi var meir vane med den eigne songen som vi sikkert tilpassa dansinga til ein kroppsnær heilskap.

Avslutningsfesten var for begge ringane, for store og små, og det var også stort og rart. Og det var underleg at nokon skulle sjå på oss og meinte noko om oss. For elles i året var vi berre midt oppi det. Seinare har eg da også alltid likt best å vera midt oppi dansen saman med alle dei andre, og ikkje framsynar eller tilskodar.

Astrid kunne masurka da ho var seks år!

Men masurkarundsnu lærte ikkje leikarringen oss. Kan det vera at forbodet mot vals rimelegvis breidde seg ut over all front mot front-dansing? Dessverre. For der kunne leikarringen ha fylt eit fælt tomrom. Da eg var ni år og blotta for rundsnuferdigheit, oppdaga eg nemleg at Astrid på seks kunne masurka ut og inn. Ho dansa så lett og nett med far sin, han Alfred –  han og Olga var ekstra gode til å danse og glade i å danse. Og eg såg på den vesle masurkajenta og tenkte som så at livet hadde gått meg forbi.

Leikarringen fekk meg på dansesporet, det er sikkert, men det var Bergs danseskole som sette ein prikk over i’en og innvigde oss i masurka-rundt. Det elegante Berg-paret frå Lillehammer kom på visittar til bygda og fekk lært oss cha-cha-cha og engelsk vals og swing, sjølv om desse sakene aldri vart innbygde i beina mine slik som barndomsvalsen. Men det skal dei altså ha at dei lærte meg rundsnuen i masurka, så han sitt der for alltid (så langt eg ser).

Knepet var enkelt når det endeleg kom til stykket: Det var for jenta i grunnen same stega som bortover, berre å ta dei raske i midten og vri mot høgre, og det siste kraftige steget ute i kanten! Somme gjekk år etter år hos Berg og fekk slik ei avgjerande forsterking av den gode leikarringstarten på danselivet sitt. ”Eg hugsar absolutt første gongen eg fekk til å danse skikkeleg rundt i masurka på ein privatfest på Vinstra,” fortel Gunnar og stadfestar at masurkameistring var ein milepel i dei tider.

Oss som kæin danse masurka

Korleis har det så gått etterpå? Det vart visst slutt på fritidsleikarring i Sør-Fron både med og utan vals og måneskin. Derimot kom leikarringen heilt inn i skulen. Petra Norberg reiste fyrst på 60-talet rundt og inspirerte. Ho var også borti Lia, og så var det avslutningsframsyning i avhaldshuset. Folkehøgskulen dyrka folkedansen i alle år, og på syttitalet vart det leikarring for vaksne i bygda. Der dansar dei den dag i dag, men i trygdealder blir dei, og leikrarring har visst ikkje ungdommen tru på, og det er mangt anna som trekker, både kort og langt. Det er nok mest andre dansar nå?

Med meg og dansen har det gått bra, lyt eg seia. Songdansane frå den gongen på Liene skule sitt i kroppen som om eg var fødd med dei i beina og i munnen. Ingen skal få meg til å synge at den vesle guten har kvit vest, som dei gjer nå til dags, sikkert av heiderlege grunnar, når han hadde grøn vest på femtitalet! Og eg kan når som helst gi meg med i ringen og hugse det rare brigdet i ”Det leikar så mangt ei sumarnott”. Når ein klappdans dukkar opp – den med polka innlagd og ”du for meg” – kjenner eg susen frå førpuberteten. Masurka dansar eg fryktlaust – eg prøvde meg endatil ei tid som masurkamisjonær på Sunnmøre, utan særleg hell forresten. Felemusikk har med tida vorti svært heimsleg for meg, ja, direkte omtykt, og måneskin og sparking har eg det også fint med. Og når eg tenkjer på oppveksten i Sør-Fron, så er leikarringen av dei udiskutabelt gode tinga. Framleis er songane og dansane vi song og dansa den gongen som ein glad flekk langt inni meg, og eg dansar vals utan skruplar.

Leikarringen gav oss sosial trening, song, musikk, litt kroppsnærleik, å kunne føre seg, seier Gunnar. Det var samhørigheit, seier Anne-Marie og ser ein god samanheng mellom leikarringen den gongen og seniordansen ho nå er med på. Leikarringen la nok grunnlaget for dansinga seinare, meiner Kari også, og det har gitt ein mange trivelege stunder.  ”E ha dansa tå me my,” seier Hans. Vi som kæn dænse masurka, vi kjem over litt av kvart, har eg lært av May Petershagen. Vi skal nok greie oss. D’er æiller fali for den som dæinse, seier eg med Prøysen. Hei kjære gamle lærar i himmelen, korleis har du det? Spelar du fele litt oftare nå? Eg har høyrt at Gud smiler inniblant, og kanskje englane dansar både slik og slik?

Kjeldene til denne skrivinga er for det aller meste mine eigne minne. Dertil har eg samtalt med nokre av dei som var med i leikarringen den gongen: Anne-Marie (Jøråsen) Corneliussen, Velle Espeland (som dessutan er folkevisegranskar), Jan Hovden, Ragnhild Jørstad, Lise (Strype) Løkken, Gunnar Sørbotten, Hans Wassrud og Kari (Haverstad) Wassrud. I tillegg har eg samtalt med Lillian Aspen, Gard Espeland, Rasmus Stauri og Astrid (Jøråsen) Stockholm. Prøysensitatet er frå ”Vårvise” i Samlede viser og vers III  i Alf Prøysen: Verker, Tiden Norsk Forlag, Oslo 1978. ”Vi som kæn dænse masurka” står i May Petershagen: Det er je som er kælvbent, Gyldendal Norsk Forlag, Oslo 1977. Interessant stoff om folkedans er å finne på www.folkedans.no, om songdans, turdans, Hulda Garborg, Klara Semb og mye meir. Sjå elles  av Egil Bakka, professor i dansvitskap, bl.a.: Norske dansetradisjonar, Det Norske Samlaget, Oslo 1978.

Glimt frå songskattane i det gulna heftet

Desse glimta har eg tatt med for å gi enda litt meir inntrykk av det tekstmiljøet vi levde i den gongen. Songane i heftet er ikkje sette opp som dikt, sikkert for å spara papir, så da gjer eg likeså:

Nyst munde det regna so såre, og det dryper av tre og av runn;

Vind og stein, furegrein hev deg rive Dei hev slite di kåpe i sund.

”Um det regner og snor, Um det stormar av nord, Ut i hugen so leikar dine ord!”

Vesle gute upp i bakken,

grøne vesten, snor um hatten,

han fria til meg.

Lat ’n koma, lat ’n fria, tru du meg, han skal få bia eit år eller tvo.

Inntil rugen vert’e mogen, han vekse som skogen, då gifter eg meg.

 

Å eg ser på deg, å du ser på meg,

å eg ser på deg, å du ser på meg,

Å hei å hei å hildrande deg, kor ille du hev vel narra meg.

 

Å vesle Kari vår,

Så lita som hu går,

Hu lokka ein kar i frå Hallingdal,

Med sale og med hest

Å med sylvknappa vest,

Med gullstava hår

Å med sprotabelte på.

Å Teleguten visste sitt eige beste,

Kaupte seg ei drift med fe og med heste. F

øre kom Kari lullands .. Lokkands,

Etter kom Teleguten diltands og hoppands

På silkesokka’.

 

Frå visa om Heilag-Olav:

Troll og tussar tunge Sterk i stein han støytte;

Rått og rote med rot han reiv, Hardhug i blod han bløytte.

Sjå Lågen strøymer stor og brei frå Jotunheimen!

Kraft han fær frå breom og frå klåre kjeldom.

Roleg han fær fram, Men sterk han er i hellom;

Dalen ligg i fred og smil og speglar seg so blid.

Og døl’n er i dalom, og dølan’ rår i gardom,

I husom og heimom. Med dug i gjerd og talom

Skaper han dag over folket og landet.

Og hjarta i vårt Noreg er Gullbrands gamle dal.

Det er lauvfallstid og longt i alle lundar

Rogn og asal står med tunge, mogne bær.

 

Det er sundagskveld og guten gjeng og stundar

Etter møte med den gjenta han har kjær.

Men han Einar hev fått Astrid under armen,

Og Vårherre veit kvar han fekk modet frå.

Høgt og hastig dulpar hjarta inni barmen

så han tykkjer det må høyrast langt ifrå.

 

Frå Laurdagskveld-dansen:

Du er ute og gjeng i fine veret? Ja visst er eg so, svara ho.

Eg hev deg so inderleg kjære, – vil du verta mi gjente so god?

Tra-la-lo – ja det vil eg, svara ho. Tra-la-lei – so fekk eg ikkje nei.

 

Ja, lat oss strida og lat oss tru,

Og byggja med tankar ei bivrande bru

Til den heilage, høge framtid!

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Musikk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s