Dokkalykkja

Vinstra Våren 1950

Vinstra og Sorperoa våren 1950

TOR LARSEN:  For oss gutar som voks opp i Sorperoa på 60- og 70-talet var lykkjefotballen ein del av oppveksten. Der vart grunnlaget for livslange vennskap lagt, og ein og annan brukbar fotballsparkar vart det av sume også. I Sorperoa var «drømmenes teater» Dokkalykkja. Ei grøn slette innved Stormyren under foten av Grindberga. Når vinden frå berga tok tak i grantrea rundt stadion vår, var  det som om vi hørte susen frå  «The Kop « på Anfield Road. Og i fantasien vår fekk laga på banen namn som Liverpool, Manchester United og Leeds.

 

Fantasi og glede

Slike tankar for gjennom hovudet på oss gutane som kjempa om ballen på den vesle grassletta som hella svakt mot sør. Hit for vi varme sumardagar etter skuletid for å gjera det dei fleste av oss tykte var aller gildast på den tida. Å sparke fotball. Fotballreglane kunne vi til punkt og prikke, men vi tilpassa dei sjølvsagt til omgjevnadene. Offside gjaldt ikkje og uttrykka sekstenmeter og femmeter fekk andre dimensjonar. På Dokkalykkja var det og to steinar, storsteinen og veslesteinen som fungerte både som ein ekstra motspelar og medspelar. Det heile kom an på  om du kom med ballen i motbakke eller nedoverbakke. Staurar stole frå Stormyren sitt hesjestaurlager like ved vart brukt til mål og kila godt fast i bakken med stein. Stor rundstein nedst og kvass flatstein øvst. Tverrliggaren vart for det mest kutta ut då han stort sett havna i skolten på keeperen, og keeperrolla gjekk på omgang, så det var lite usemje om det. Verre var diskusjonane om skotet gjekk over eller ei, og ikkje sjeldan måtte vi gå manngard for å finne att ballen i skogen bak mål. Målnett var uoppnåeleg luksus for oss sorpegossane. Klokka hadde heller ikkje så mykje ho skulla ha sagt når det gjaldt kor lange omgangane var. Det meste var styrt av når Skippy eller Kruttrøyk vart sendt på ein av dei få svart-kvitt-TV-ane som fanst i Sorperoa. Sportsdrikken og tørsteslukker`n vår var eit vassoppkomme fullt av rumpetroll som låg berre eit langt frispark unna. Ei vasskjelde vi delte med vøllakua. Var kjelda turr, så vart den gamle vasskjelda til Furuheim Sanatorium ved Givra ein fast stopp etter ei lang og hard økt på Dokkalykkja.

 

Lagånd og dugnad

Det gjaldt å komme først på Dokkalykkja før kampen kom i gang. Dei to som var dei første på plass fekk trekkje stutt om kven som skulle velje lagkameratar først.  Ein uskreven og høgt respektert regel. Ofte var det forutsigbart kven som vart ståande att til slutt, men alle fekk vere med. Dei som ikkje ville vere med hadde som oftast unnskyldinga at dei hadde nybuksa på. Var det jenter til stades som tilskodarar, hende det at det vart meir grasligging enn fotballsparking for sume. Jenter sparka ikkje fotball på den tida. I alle fall ikkje på Dokkalykkja. Samhaldet var stort, og det same var dugnadsånda gutane imellom. Den siste snøen som forsvann frå Dokkalykkja om våren vart som oftast lempa vekk med spade, og når Dokkalykkja skulle gjerast ordentleg klar til kamp, så var det i samla flokk oppmøte hos han Ola Mo. Ein av Dokkalykkja sine næraste naboar som attpåtil var snekker med eigen snekkerverkstad. Der fekk vi  strisekk med flis til å markere våre eigne oppmålte femmetrar, sekstenmetrar, sidelinjer og dødlinjer. Det einaste Ola ikkje kunne hjelpe oss med var fotball, men han ga oss også noko anna enn flis som sette spor. Heime hos gamle Ola benka vi oss ned.  Han var blant dei første med farge-TV i Sorperoa og gav oss gjennom tippekampane i farger nærmast ei åpenbaring. Gule Leeds- og raude Liverpooldraktar, saman med dei fargerike bannera som gynga blant fansen bak mål, gjorde banda til engelsk fotball sterke blant oss oppkomlingane. Ja, til og med sangen og jubelen frå fansen hørtes sterkare og klårare ut på farge-TV. Dette gav seg sjølvsagt også utslag på Dokkalykkja. Snart var det ikkje ein einaste ein som ikkje gav seg sjølv, eller fekk, eit engelsk namn. Min kvite strie lugg, herja av datidas UFO-liknande hårtørkarar, gjorde at eg ikkje var heilt ulik Birmingham City-spelaren Kenny Burns. Liverpoolfrelste Ole Magnus vart sjølvsagt heitande Kevin Keegan, og Arne frå «Vesløidda» vart Bobby Charlton. Sveisen til Charlton fikk han med åra også. Fotball av lær var ikkje forbruksvare den gongen, så vi var velsigna med ein enkelt ball frå Tormod Skilag som vi henta oppe hos Hagelien. Ein annan god hjelpar som budde i Dokkalykkja-nabolaget og vakta lærkula som det reinaste gull. Når lærkula var slitt og begynte å bule og sprekke, må det vel innrømmast at ho fekk litt bistand i den vidare prosessen. Og det var ein gledens dag når lærkula sprakk og vi kunne steppe opp hos Hagelien med krav om ein ny fotball. Ein gledens dag var det derimot ikkje når Dokkalykkja sine fiender hadde vore på besøk. Det var dei med moped, sauen og vøllakua. Da måtte banemeistrane trø til igjen. Møkk måtte lempast vekk og mopedspora måtte pakkast ned att i den grøne grasmatta vår. Enda verre var det om det hadde vore besøk av dei som i våre augo var vaksne. Dei kom i bil og brukte stadion vår som rallybane og festplass, og etterlet seg ikkje berre stygge spor i graset, men også knuste flasker rundt veslesteinen. Da var det å krabbe rundt på alle fire og plukke glasbitar omtrent slik vi innimellom gjorde i pausene då vi leita etter murrunykjil i graset. God og sunn vegetarmat frå Dokkallykkja

 

Venner og uvenner

Ein som hadde moped, men som likevel var venn og nabo av Dokkalykkja var, Per Stormyrbakken. Ein driblefant med eit hardt skot og ein høg latter.  Då han nærma seg mål etter å ha dribla av eit par, sto latterdøra på vidt gap før det frykta skotet kom. Forfattaren  erfarte dette skotet ein gong som keeper og enda opp på sjukehus med knekt håndledd. Det siste eg hugsar var ein høg latter, eit smell og eit lite knekk. Etterpå sykla Per meg heim og i halvsvime vart eg  følgd inn på kjøkkenet til mor. Men eg hadde hørt at han skratta då han trødde som hardast!  Gipsen sat på mykje av sommaren, men forsvann etter å ha fått eit ufrivillig bad under ein fisketur i Lågen. Så det vart ein stutt sesong for meg på Dokkalykkja det året. Med så mange gutlarvar samla, så blir det sjølvsagt også uvennskap innimellom. Bestekameratar fekk fram naseblodet på kvarandre og brør sloss så tårene rann. To Wahlquist-brør frå Sorperoa, Øystein og Vidar, havna  stadig i klammeri når kampen om lærkula sto på som verst. Og det slo ikkje feil om dei var på same lag eller ei. Uvenner vart dei, og det roa seg som oftast ikkje før ein av dei gjekk heim att. Vidar fekk heller ikkje lov av Øystein å vere Manchester United-fan før han klarte å skrive namnet på klubben heilt ordrett. Lite visste nok Vidar da at han omlag 12 år seinare skulle vere keeper og takke Manchester United-spelarane Alex Stepney og Bobby Charlton for kampen. Kankje var det då han fekk namnet “kry –keeper`n”? Alt dette er gode minne som bringar latter i dag når vi sorpegossane innimellom treffast og mimrar om glade fotballdagar på Dokkalykkja.  Utvisningsregelen vart sjeldan praktisert på Dokkalykkja, så ein kan vel trygt seie at det var eit inkluderande miljø inni skogen der sjølv om det handla om blod, sveitte og tårer. Ein gong utfordra vi til og med jamnaldringar frå andre sida av Sundbrua til kamp, men vi vart møtt med latter. Dei tykte ikkje at denne lykkja vår var noko til fotballbane, dei som var vane med grønt horisontalt gras i Kåja. Men dei lo ikkje då dei reiste heim att etter å ha tapt med tre mål.

 

Gamle og nye heltar

På slutten av 70-talet dukka fleire og fleire leikeplassar og ordentlege fotballbanar med jamnhøgt gras og kritkvite striper opp. Brått vart det slutt på tida då gutane sjøl rådde grunnen og organiserte leiken sin gjennom sjølvjustis og improvisasjon. Til og med jentene fløtte seg frå sidelinja og inn på banen for å spele fotball. No har organiseringa og tilrettelegginga tatt over det som tidlegare var ein del av leiken på lykkja. Kunsten å improvisere er avgrensa innanfor standardiserte inngjerda mål, og fotballheltane er heller ikkje slik dei ein gong var. Heltane våre på 60- og 70-talet var typar som Kniksen og Ivers, i tillegg til askegrå, kvisete søner av engelske gruvearbeidarar som gjekk til i taklingane så det gjekk gjetord om dei heilt oppunder Grindberga. Dagens fotballheltar er fotomodellar, har ring i øret og reklamerer for shampo og parfyme. Kumøkka og graset på ei ope fotballykkje er bytta mot kunstgras og høge, impregnerte vegger i ein ballbinge. Dokkalykkja fostra få fotballstjerner, men utruleg mange talent. Til og med ei ny fotballfinte såg dagens lys på Dokkalykkja. Wahlquistfinta, med før omtalte Øystein Wahlquist som opphavsmann. Ei dobbel overstegsfinte over ein ball som låg død! Som oftast etterlet ho seg ein hjelpeslaus gapskrattande motstandar, så ein kan trygt seie at finta gjorde nytta si og ho nemnes fortsatt den dag i dag. Dette er berre noko av det eg hugsar frå lykkjefotballen frå slutten av 60 -og førsten av 70-talet, men eg trur det stutt fortalt samsvarar bra med slik dei hadde det rundt omkring på andre lykkjer i Fronsbygdom. Ei tid som ikkje kjem att, men som eg hadde ynskt ungar som veks opp i dag kunne fått med seg som ei god nistepakke gjennom livet. For oss som no er i 40 -og 50-åra er lykkjefotballen eit stadig tilbakevendande tema når vi møtes i lystig lag. Gode minner gløymer ein aldri.

Blogga første gong september 2013

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Idrett

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s