Daily Archives: 18. juni 2014

Dokkalykkja

Vinstra Våren 1950

Vinstra og Sorperoa våren 1950

TOR LARSEN:  For oss gutar som voks opp i Sorperoa på 60- og 70-talet var lykkjefotballen ein del av oppveksten. Der vart grunnlaget for livslange vennskap lagt, og ein og annan brukbar fotballsparkar vart det av sume også. I Sorperoa var «drømmenes teater» Dokkalykkja. Ei grøn slette innved Stormyren under foten av Grindberga. Når vinden frå berga tok tak i grantrea rundt stadion vår, var  det som om vi hørte susen frå  «The Kop « på Anfield Road. Og i fantasien vår fekk laga på banen namn som Liverpool, Manchester United og Leeds. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Idrett