Anders Massing, det var kar med rifla, det

Eg vil ha den elgen!

IVAR KLEIVEN: Anders Massing var sterk og før og hardsett som ulv og bjørn. Mellom 1700 og 1750 var han i si fulle makt. Kor mange bjørnar han skaut, hadde han nok ikkje tal på. Han skaut ein 800-900 reinsdyr. Det var ein gong han skaut ein avråde stor elg oppmed Murulona, og han stod ute ei lorttjønn da elgen fekk daudhogget. Ja, å få den tunge skrotten på land var ikkje barneleik, og han sette seg og skulle grunne ut ei råd. Medan han satt såleis, sette det på å braske og bråke i skogen, og det var hørandest at turrkvisten vart skjyr. Anders smatt attom ei gjømsle og hadde hug til å sjå, kva for eit åverk som var ute og fór. Om litt kom det ein vaksen medels stor bjørn hufsande og ga seg til å stå og stire på elgbranden, som låg uti Murulona, låg der og halvflaut i vatnet.

Bjørnen tykte nok det var likt til å vera mange gode matmål å finne der, og det var berre å få drege den karen på turr grunn. Han såg seg litt bedre over stoda: vått og klinat og landbakken både høg og tverr – best å fylle opp med skat, ropp og gamle læg. Og det arbeidet stod ikkje lenge på, og da brua var såpass han såvidt rokk i elgen med ein labb, drog han den tunge branden ein god stubb, men det såg ut til at han var for tung. Bjørnen hufsa på land att, sat ei ri og likesom tenkte ut ei ny råd. Best det var, spratt bjørnen oppi ei vid klurfuru som stod tett frammed, der sette han på å tøygje, tenja og smøygje seg mellom greinene og heldt ei svare møykjing av skrotten sin, sist datt han ned på marka, men spratt oppi furua att og dreiv på med same øvingen.

Tre gonger datt han ned, og den siste gjorde det nok vondt òg, for det raut ikkje liklegt i han, men da var han nok både høveleg oppmøykt og sennleg gretten vorten. Han sette ut i lona, greip tak i elgen og dro han langt inn på land i eitt skjei. Han laut nok ha seg all fornøden likevel, han geispa og sette seg på landbakken, ville kanskje blåse ut før han tok seg ein beta.

Men da kom det ein stor blåbær og la bjørnen på jamnt med elgbranda, det var takk for hjelpa. Ein råka mangt som ute fêr, men Anders Massing hadde nok aldri tenkt seg å veida bjørn og elg så tett ihop.

2 kommentarar

Filed under Jakt og fiske

2 responses to “Anders Massing, det var kar med rifla, det

  1. Kaare Holshagen

    Som liten gut på 1950-talet fekk e høyre fleire forteljingo um Anders. Bestemor Bina Holshagen, født Øverjordet 1886, gift med Stener Stenstugun frå Lalm, født 1884,tremenning med Ivar Kleiven, fortalte mange hendingo frå gåmålt og øyrun mine var opne…
    Dette som her er fortalt fekk e høyre.
    Dei brukte namnet Anders Massingjordstugun, men det er nok same person..
    Ein gong han gjekk se på ein bamse var han uheldig og vart angripi av bjørnen og den flådde heile «heinna» av skallen så den hang nedover ansiktet.
    Andrrs la seg med andletet ned og gjorde som han var død og da fekk han omsider vera i fred, slik at bjørnen luska bort og Anders la bakover att huda over skallen og tok seg heim til folk att.
    Denne forteljinga er og sikkert kjent av nokon i Kvikne/Skåbu enda..

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s