Husmannsguten frå Kvikne som skar brennevinsdonken

akevitt_vinmonopolet_lysholm1_300

I 1866 tinga Jørgen Lysholm, eigaren av det store akkevittbrenneriet i Trondheim, eit utstillingsskilt som Laulo skulle arbeide til ei akkevittutstilling i Stockholm. Kunstnaren valde å setja ein døl med topphuve på skrevs over ei brennevinstynne og med ein donk under kvar arm, dette skiltet til Lysholm-akkevitten som mest alle kjenner.

IVAR KLEIVEN: Ein husmannsgut frå Fron kom til å vinne seg eit bra namn som treskjerar og bilethoggar. Han heitte Ola Jakopsson Laulo og er fødd på ein plass Espe under Vistad i Kvikne. Far hans døde da Ola var 8 år, og mora må ha reist til Oslo og slite seg igjennom som tenestejente eller med dagsarbeid. I 1837 kom ho til Leinstranda, nokre mil synnafor Trondheim og vart buande på en plass under ein gard som kallast Laulo. Dette gardsnamnet tok Ole Jakopsson til etternamn.

Ola synte tidleg godt næme og stor hug til å skjera ut, kanskje mest til biletskjæring, og da kunnauge folk såg at guten kunne bli noko, fekk han hjelp til å gå på teikneskule, først i Trondheim og seinare i Oslo. Etter som han mona seg fram, gjorde han eitt og anna arbeid som vart vel omtykt. Han fekk hjelp med penning til å gjera utferd til Køpenhamn to gongar. Han arbeidde stadigt og bar til å få eit godt ord for konsta si; men det var ei trong tid ennå for ein fattig konstnar, og da Laulo snart gifta seg, vart det smalhans i huset. Han hadde det smått og trongt framigjennom åra, han han laut streve med å arbeide opp billige trevarar han kunne avhende på torget i Trondheim. Sjølv var han ei tid i Oslo mykje attåt, og her dreiv han med å skjera ut gallionsfigurar til krigsskip i Horten og andre skip òg, nar han fekk ei tinging.

Han flytta attende til Trondheim og fekk avogtil tinging på eitt og anna større arbeid, men det fall ujamnt, og han hadde det tungt og vondt.

Huslivet hans var ikkje slik at det var til oppkveik for han, det vart snarast til å øykje motløysa og maktstela han. Dette var han nok mykje skuld i sjølv, for han var dessverre nokså huga på det sterke.

I 1866 tinga Jørgen Lysholm, eigaren av det store akkevittbrenneriet i Trondheim, eit utstillingsskilt som Laulo skulle arbeide til ei akkevittutstilling i Stockholm. Kunstnaren valde å setja ein døl med topphuve på skrevs over ei brennevinstynne og med ein donk under kvar arm, dette skiltet til Lysholm-akkevitten som mest alle kjenner.

«Gutten med brennevinskaggen» var eit godt arbeid som vart mykje påenst og omtykt på utstillinga, og prins Oscar, seinare Oscar II, tinga ei etterligning. Av Lysholm fekk han òg ei ny tinging. Laulo gjorde fleire arbeid denne tida frametter og var ofte så heppe, at han tok til å få eit bra konstnarnamn.

Fram mot 1870-åra tok han til å hogge somt av kleber, av same slaget som steinen i domkyrkja i Trondheim, og dette lykkast vel for han, og da arbeidet med attreisning av domkykrja vart sett i gang, fekk Laulo fast arbeid. Her arbeidde han i 11 år til 1882. Han gjorde mykje godt arbeid og hogde bortimot 30 hovud, ein stor mengde søylefotstykkje, bladverk og mang anna prydverk.

Med utkomme bar det nok mest like kleint, og det hendte nok at han laut gå på fattigkassa, og likare vart det nok ikkje da han mista arbeidet i domkyrkja.

Han prøvde å slå seg igjennom med biletskjæring, skar saker til sals til turistar og fekk ei og anna litt større tinging ein gong imellom.

I om lag to år var han i Stavanger og arbeidde for ein gullsmed, men i 1892 eller -93 kom han attende til Trondheim.

Han dreiv ennå i mange år med å skjera eventyrfigurar av rotknolltro og rare vokster han fann i skog og mark, og mykje av desse skulle vera riktig godt gjort.

Men Laulo var nå over 70 år og arbeidshelsa rokk ikkje til lenger. Om hausten 1899 laut fattigstellet i Trondheim ta han i full forsorg, og han vart for det fyrste utsett på landet, men bad seinare om å få kome attende til byen. Her døde han på «Gamlehjemmet sykestue» i juli 1901. Det siste ynskjet hans var at dei skulle reise han opp i senga, så han ennå ein gong fekk sjå Nidarosdomen.

Kunstnaren hadde ikkje mindre enn 11 born, men alle er døde, og ættgreina hans vart avbrote med han sjølv.

3 kommentarar

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn

3 responses to “Husmannsguten frå Kvikne som skar brennevinsdonken

  1. Christian Andreas Lysholm

    Jørgen Lysholm døde i 1843 og kunne neppe tinge noe som helst i 1866!

    • CHG

      Det betyr jo bare at bygdehistorikeren Ivar Kleiven er en frodig og meget interessant krønikeforteller, men ikke alltid til å stole på med fakta. Men det er mange Jørgen Lysholm´er – så det er kanskje tilgivelig om han har vært litt forvirret?

  2. Carol black

    Ole J Laulo was my great great grandfather and I have been researching his carvings and artwork

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s