
I 1866 tinga Jørgen Lysholm, eigaren av det store akkevittbrenneriet i Trondheim, eit utstillingsskilt som Laulo skulle arbeide til ei akkevittutstilling i Stockholm. Kunstnaren valde å setja ein døl med topphuve på skrevs over ei brennevinstynne og med ein donk under kvar arm, dette skiltet til Lysholm-akkevitten som mest alle kjenner.
IVAR KLEIVEN: Ein husmannsgut frå Fron kom til å vinne seg eit bra namn som treskjerar og bilethoggar. Han heitte Ola Jakopsson Laulo og er fødd på ein plass Espe under Vistad i Kvikne. Far hans døde da Ola var 8 år, og mora må ha reist til Oslo og slite seg igjennom som tenestejente eller med dagsarbeid. I 1837 kom ho til Leinstranda, nokre mil synnafor Trondheim og vart buande på en plass under ein gard som kallast Laulo. Dette gardsnamnet tok Ole Jakopsson til etternamn. Les meir