Gardbrukarane forandra nødig bruksmåten

I bruk heilt til 1850-åra. Foto: Teigens Fotoatelier / Norsk Folkemuseum

RAGNAR ØVRELID: Bøndene i Sør-Fron held altfor mange krøtter og hestar. For å halde liv i budskapen gjennom vinteren med sveltefôring, kjører bøndene dagleg til fjells for å hente høy, mose og ris. 20 skikkeleg fôra dyr ville gi meir mjølk og gjødsel enn 30 dårleg fôra, skriv sokneprest Schiøth i 1743. Men bøndene vil ikkje høyre på slikt, dei vil ha mange dyr til sommarproduksjon av smør og ost. Men Schiøth trøstar seg med at denne tungvinte driftsmåten i alle fall skaffar arbeid til mange. 

Fronsbøndene møtte matmangel og naud på 1600-talet med å legge om drifta frå krøtterhald til det meir næringsrike kornet. Frå ca 1700 vart det faktisk slik at det aller meste av innmarka på garden var tilsådd med bygg. I staden vart setrane i fjellet inngjerda og brukte til høyavling. Frå 1668 høyrer vi om seterslått på Steig. I det heile blir det avla lite høy på heimemarka, skriv presten Hjorthøy i 1781, det meste kjem frå frå utslåttane, frå slettene ved Lågen, frå fjelldalane og frå setrane.

Omlegginga til korndyrking på heimemarka blir også kritisert av embedsmannen Chr. Pram, som inspiserte Fron i 1805. Korndyrkinga i Sør-Fron har overtatt alt, skriv han. Skogen der er nedhogd, og jorda rydda til åkerland. Han har høyrt klager over at korndyrkinga reduserer krøtterhaldet, slik at det blir for lite gjødsel til å halde jorda ved like.

Potet

I tillegg til aukande korndyrking kom potetene til bygda. Justisråd N. C. Lassen reiste gjennom dalen i 1777 og fortel om potetedyrking på Steig og i Øverbygda elles:

Kartofler sees her nesten hos hver bonde, ja også hos husmenn.

Pram noterer i 1805:

Kartofler kjennes, og begynner å utbrede seg. De trives her ret godt, og gir vel en 16-20 foll.

Det tok likevel tid før potetene slo igjennom for alvor i Fron. Det var krigs- og nødsåra kring 1810 som sette fart i dyrkinga. I 1838-40-åra var det potetåkrar på alle gardar. I 1835 vart det avla 4500 tønner i Fron. i 1850: 24 000 tønner. Ein grunn til at potetdyrkinga om seint igang her var at planten kravde betre opparbeid jord og meir gjødsel enn kornet. Dessutan tok det tid før gardbrukarane fekk laga i stand frostfrie lagringskjellarar.

Serleg viktig vart poteten for dei små bruka. Fattigkommisjonen laga ein heil lovsong til denne planten i kriseåret 1842:

Potetavlens betydelige utbytte sikrer til dels, når ikke for mange ulykkesår stevner inn, bygden fra hungersnød.

Men bortsett frå ei sakte omlegging til korndyrking, til slåtteland på setrane og innføring av potetedyrking, skjer det lite nytt i gardsdrifta i Fron. Rikeleg tilgang på arbeidskraft gjorde det uødvendig med serlege forbetringar. Arbeidsteknikken varte på gamlemåten, treplogane var i bruk til 1850-åra. Gardbrukarane forandra nødig bruksmåten til forfedrane, «da de tror denne er den beste, enda den ofte slår feil», skriv sokneprest Schnitler i 1816.

 

 

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Setring

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s