I bruk heilt til 1850-åra. Foto: Teigens Fotoatelier / Norsk Folkemuseum
RAGNAR ØVRELID: Bøndene i Sør-Fron held altfor mange krøtter og hestar. For å halde liv i budskapen gjennom vinteren med sveltefôring, kjører bøndene dagleg til fjells for å hente høy, mose og ris. 20 skikkeleg fôra dyr ville gi meir mjølk og gjødsel enn 30 dårleg fôra, skriv sokneprest Schiøth i 1743. Men bøndene vil ikkje høyre på slikt, dei vil ha mange dyr til sommarproduksjon av smør og ost. Men Schiøth trøstar seg med at denne tungvinte driftsmåten i alle fall skaffar arbeid til mange. Les meir