Fron eit midtstøe for trolldom

Tre trollkjerringer brent i Fron

Tre trollkjerringer brent i Fron

IVAR KLEIVEN: Framover til 1630 er det fleire trolldomssaker på Fron, og som på den tida vart straffa med brenning. Etter det professor Molkte Moe har funne ut, skulle Fron i dette leite vera eit midtstøe for trolldom og runekonster. I 1619–20 vart det brent 3 trollkjerringer i Fron, og om dette står det skrive såleis:

en huskvinde (inderst) Karen (Kari) Berge, hennes bo av årsag, at hun for trolddom blev rettet med ild og brand, beløper seg boet 4 daler 1 ort. Udi lige måde Barbro Amundsdatter for trolddomssag hedenrettet med ild og sverd, boet 3 1/2 daler 1 orrt. Udi lige måde Ingri Olufsdatter for trolddom rettet med ild og sverd.

I utgiftsreikneskapen står :

givet skarpretteren af Oslo for de 3 kvinder på Fron at rette med ild og sverd 15 daler.

Fleire  livsdomar på Fron for trolldom er ikkje funne, men trolldomskonsta heldt seg nok i lange tider i den største lønndom. Erik Klomstad hadde sagt at ho Ragnhild Vik, kjerringa på garden, hadde laga niste til han av trollkattsmør, da han skulle reise til Fåberg. Ho var nok meint på å forgjere han, hadde han sagt. Viksmannen stemnde Eirik, men på tinget sa Eirik at det vart sagt i fylla og var ikkje verdt å ense, og med det slapp han bot.

Sakfall for trolldom og signing fell bort, men slagsmål og blodvide held ved, attåt er det ofte sedskapsbrot, «leiermål». Etter Hannibalskrigen, Krabbekrigen og Gyldeløvekrigen kom det att ein og annan gjevorningen (Gevorben, leigd soldat), og dei var jamnast reine okjuro, fyllelko og sedløysingar, og frå dei kjem mykje av «leiermål», som det kunne vera så mange sakfall av på tinget, Men dei soldatane som ennå stod i teneste, gjekk fri frå bot og straff for leiermål, og så var det ingen veg å koma med dei, om dei laut gjera offentleg orsaking i kyrkjene, var dei snart same karane att.

På tinget på Hove i 1670 er tre gardmenn dømt til bot for kvar sin knivstikking, som dei sona med ein bot på 6 daler 3 ort kvar seg. På eit anna ting same året er Elling Myre sakgjeve for å ha skote bror sin ei kule i ryggen for di han sleppte øykja sine i åkerens hans Elling. Henning Forr var på same tinget sakgjeve for å ha bite Tjøstol Nørdsgard i fingeren i ein dugnad på Oden. Karane har vorte uvener og gauv ihop, og da Henning beit, ropte Tjøstol:

Slå som ein kar og ikkje bit som ein hund!

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s