Monthly Archives: juni 2014

Det første Peer Gynt-stemnet

PG2

Under det først Per Gynt-stemnet i 1928 vart Solveig (Karen Schetelein) og mor Åse (Klara Dahl) fotografert i historisk miljø på Hågå av Pål Kluften

RAGNAR ØVRELID:  Når Pål Kluften fekk idéen til Per Gynt-stemnet i 1928 veit vi ikkje. Men han hadde lenge interessserte seg for segner og lokale tradisjonar om Per Gynt, og hadde skrive om det i Oslo-avisene. Kluften var ein god ven av forfattaren Johan Bojer og fekk sikkert impulsar frå han og frå omgangskretsen hans. I ei førehandsmelding i  avisa Tidens Tegn til det første stemnet, sikkert skriven av Pål Kluften sjølv, står det : Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn, Musikk

Skrivaren i grana

FhengjeFJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Anne Rykhus var ein gong hos skrivaren, og ho spurde han: «Hengjer det seg eit menneskje kvar veke?» Då vart skrivaren sint og svara: «Du tull-Guri, du æ! Du skuld sjølv vore hengt i den store grana utafor her.» «Gud nåde deg, du kjem sjølv til å hengje der!» sa ho Anne, og soleis gjekk det og.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kvinner

Slektsbøker i Fron

slektsbøkerDet er skrive mange og gode slektsbøker i Fron. Her på heimesida til Fron historielag bør det vera oversikt over dei. Hjelp oss, så denne lista blir så fullstendig som mogleg. Send bilde av framsida og kort samandrag av boka samt om og kor ho er å få tak i – til carl.grondahl at gmail.com. Så langt er fire bøker presenterte.

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Kvinner, Litteratur, Menn

Arnfinn Engen er død

arnfinnengenRASMUS STAURI: Det kom svært uventa at Arnfinn Engen (1944-2014) brått gjekk ut av tida. Alle som er interessert i lokalhistorie og kulturhistoria i Gudbrandsdalsdalen, har vorte mykje fattigare. Han hadde også fleire viktige verv i organisasjonslivet, og var i det heile ein dugande mann på mange område. I ettertid er det kanskje den omfattande faglitterære forfattarskapen hans som blir ståande. I Fronsbygdin, årboka for Fron historielag, skreiv han fleire artiklar med stor verdi, og han var alltid positiv til å bidra med dei breie kunnskapane sine. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Kva dei fann langs E6

Gudbrandsdalsmusea melder: Gardsbutikken på Dale-Gudbrands Gard er ope. Lokale mat- og handverksprodukter til sals. I tillegg kan du sjå utstillinga «E6 og arkeologi» samt høyre den tusenårige historien til Dale-Gudbrands Gard – Oppland Tusenårsstad – digitalt fortalt. Du finn meir om utgravingane i Fronsbygdin 2013.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Vis-Knut og ulla

visknut3FJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Det var eingong ei kjerring som spurde han Vis-Knut etter noko, og ho tok med seg noko ull til han. Men som ho kom på vegen eit stykke, tykte ho at ho hadde teke med seg for mykje. Og så gøymde ho att noko under ei gran. Men då ho kom til han og vilde gje han ulla, sa han: «Ha ulla di du kjerring, og ta med deg att detta du la under grana au.»

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Du kan gjere det betre

Skjermbildedigfor

denne videoen fortel Ingemund Midttveit om det som hende da heimbygda hans vart hardt råka av krigen i 1942. I Fron kan ein berre ause av tema for ein lokalhistorisk video. Og du kan vinne 5000 kr, blir du med på konkurransen til historielaget. Mange gamle kjem aldri til å skrive ned minna dei har frå 30-talet, frå krigen, frå liv og arbeid i ei tid som hadde heilt andre verdiar og vilkår. Berre nokre steinar og stokkar står att av hus der dei levde og elska, song og sleit. Dei som nå er 80 år gamle, vart fødde i 1934 og var seks år gamle da krigen kom oppover dalen. Dei fekk ein barndom med rare klede og lite moro. Dei var 20 år gamle i 1954, da Elvis Presley slo igjennom saman med grammofonen. Dei var 30 år gamle da The Beatles hauka seg inn i hjarta. Dei har opplevd store klasseskilje i Fron, dei har kjørt i mange rare kjøretøy, dei lærte praktisk kunnskap som er i ferd med å bli borte. På Digitalt fortalt finn du eksempel på slike videoar. Ingen tvil om at du kan gjere det betre! Meld frå at du blir med. Du kjem i godt selskap.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon