Monthly Archives: mai 2014

Skolehusa i Fron hadde sitt eige preg

Skulehuset i Muriteigen. Bilde frå Telma Fosse/Vegar Skar

RAGNAR ØVRELID: Ved sida av huset: utedoen med den spesielle lukta av renna på staden til gutane, og av fulle eller overfylte stampar, med gamle aviser som tolettpapir og «Kooperatøren» med det glatte, umulege papiret. Der smugrøykte gutane og utveksla meir eller mindre brukbare historier, dit kom jentene fnisande to og to. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk

1814: Ei luve med breitt sølvband

luve

20 riksdalar for luva. Teikning: Andreas Bloch

IVAR KLEIVEN: Hallvor Båssån frå Kvam var òg med i skansen ved Onstadsundet, og han prata om kor kvasst dei skaut med dei to kanonane ved Langeneset: «Dæ va som ner tu tryskare held vanleg tustslag», sa han. Da svenskane drog seg attende, fekk Hallvor hug til å sjå borti den låven dei norske skaut på, og som svensken heldt seg i ei stund. Det såg fælt ut med blod og daude folk. Han Halvor tok ei luve frå ein av dei fallne svenskane, det låg att hjerne i luva, men ho hadde eit breitt sølvband omkring, og da kapteinen hans fekk sjå luva, kjøpte han ho for 20 riksdalar.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Sensasjon i Skåbu

Arkeologene Hildegunn Maria Haanes Ruset (t.v) og Birgitte Bjørkli ved Kulturhistorisk museum i Oslo graver nå intenst i Olstappen i Skåbu på jakt etter gamle spor. Funnene så langt er oppsiktsvekkende. Foto: Einar Almehagen, GD

Arkeologer kan nå slå fast at det var mennesker i Skåbu for 10.000 år siden. Funnene er sensasjonelle i Norge, skriver GD i dag. – Kan dette være spor etter den første befolkningen i landet? spør avisa. – Nei, det finnes eldre dateringer fra langs kysten, rundt 9.000 år f.Kr. Men funnet her i Skåbu er absolutt blant de eldste, og altså den eldste knyttet til elgfangst som vi vet om. Det er ganske fantastisk at det har vært aktivitet i dette område i 10.000 år, sier arkeologen Hildegunn Maria Haanes Ruset. Her er Facebook-sida for utgravingene. Her er mer om hva og hvorfor.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Jakt og fiske

1814: Tok hovudet av ein svensk løytnant

lierslag1808

Kvar er Eilev Olsson Moen frå Skåbu? Teikning: Andreas Bloch.

IVAR KLEIVEN: Endeleg nådde vi året 1814, og siste ufredskula med dei gamle grannane våre attafor kjølen braut laus. Alt var som å stire inn i svarte vonløysa: ein mannsterk fiende med stormaktene bak seg, mens i Noreg var det uår, matløyse og eit øydelagd penningstell. Men folket ga ikke opp, og soldatane slost som karar i fillene sine, ofte med kost av heil havre og turrfisk. Eilev Olsson Moen frå Skåbu var med ved Toverud den 19. april 1808. Han reide seg fælt til i slaget med lort og blod og såg fæl ut da han om  morgonen råka på Pål Sjurhuset, ein av sambygdingane som ikkje vart med i slaget: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Ei innestengd bok?

ivarkleiven

Ivar Kleiven (1854-1934)

CARL HENRIK GRØNDAHL: Dei fleste har hørt om Ivar Kleiven og det nybrottsarbeidet han gjorde, da han skreiv det grundige lokalhistoriske verket Fronsbygdin, som kom i 1930. Men kor mange har lese boka? Han skriv godt og levande, Ivar Kleiven, men han skriv med ”ånda og dåmen i di ekte Kviknemåle med or´leggjing og målbruk.” Fronsbygdin er altså skrive på eit målføre slik ”dæ vart tålå” i siste halvdel av 1800-talet. Interessant for nokre få norskfilologar og dei meir enn vanleg språkinteresserte, men eit problem for mange andre. Målforma i boka kan ekskludere lesarar. Denne heimesida vil gjere boka meir tilgjengeleg ved å publisere utdrag på meir normalisert nynorsk. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Det vart ikkje meir sabotasje

Rostren

Etter sabotasjeaksjonen i Rosten i 1940 sette tyskarane opp eit vakthus og bygde opp att brua. Bilde frå Ola Rosten/Selhistorie.no.

RAGNAR ØVRELID: Nokre norske soldatar vart oppdaga på Rusthågåsætra fleire veker etter at kampane i Fron var slutt i april 1940. Folk frå Fron ville hjelpe dei med sivile klede og mat, men vart temmeleg tøft mottekne. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

U-sola og ferdigbleika!

Håkon Sveen bak t.v.

Ha é visst at du va med, skull é haft på mé sveisebrillun mine, kommenterte ein publikummar treffsikkert da «atleten» inntok banen med marmorblåe legger og lår. Skriv Håkon Sveen i blogginnlegg på GD, der han spør: -Kvifor var interessa for lokalfotball så mykje større den gongen enn nå?

Kommenter innlegget

Filed under Idrett, Menn