Monthly Archives: mai 2014

Husgåta i Fron

Låg det eit kloster her? Bilde: Anette Berve

IVAR KLEIVEN: Etter folkesagnet stod det to munkeklostre i Fron i medelalderen, det eine på Grytting og det andre på Rolstad. Om desse husa finst det ikkje noko i gamle fornbrev, men både Gerhard Schjøning og presten Hjorthøy fortel om dei, og den gamle bygninga på Grytting stod ennå i 1775, ettersom Schjøning skriv: Les meir

Éin kommentar

Filed under Folketru, Kommunikasjon

Sankt Olav og ormen

Bilde frå helsenorge.no

IVAR KLEIVEN: Da Sankt Olav kristna dalen og kom til Fron etter slaget på Breden, fór han på vestsida gjennom Ruste og heldt rast på Bø. Somme seier det var på Lomoen. Kongen og mannskapet kvilte og åt under bar himmel, og mens dei reidde opp maten, kom det rennande ein orm mot Olav. Han sette ormen og forbaud han etter den dag å «vise seg mellom Jolun og Golun, mellom Hågåhaugen og Laugen». Og sidan har det ikkje vore sett orm i desse stroka på vestsida av Laugen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Menn

Men kva med dei som slost i 1814?

sjoa

Kvam Historiske Forening og Heidal historielag heidra eidsvollmannen Paul Harildstad i Søre Åmodt på Sjoa. Bilde frå FB-sida til Kvam Historiske Forening.

CARL HENRIK GRØNDAHL: Dei fekk rikt med godord i dag, eidsvollsmennene. Vel og bra. Men kvifor tillet vi oss å gjøyme at i månadene som fulgte etter 17. mai 1814,  blødde og døydde mange unge norske menn for at grunnlova skulle overleve? Og mange av dei var frå Fron. Kvifor får ikkje dei eit einaste godord ved eit slikt jubileum? Kvifor vil vi ikkje minnast at sjeldan har krigsviljen vore så sterk i landet som i 1814? Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Historia om GoL

Har var Sibir, Alaska og mus.

RAGNAR ØVRELID: Slik var starten på Gudbrandsdal landsgymnas, som opna dørene på Vinstra i august 1946: Skoleromma på det gamle sommarhotellet Furuheim, bygt i 1890, var temmeleg primitive, og dei var kalde. Vedomnane greide ikkje å varme opp det gisne huset. To av klasseromma heitte Sibir og Alaska. Men musa likte seg godt mellom dei brune tømmerveggane og sette sitt preg på undervisninga. Les meir

Éin kommentar

Filed under Verksemder

Om Breiveg-slekta

BredeveienbokWENCHE BREDEVEIEN: Interesse for slekt har eg nok arva etter bessmor. Eg har samla slektsopplysninger i mange år, og etter eg vart førtidspensjonist, aksellerte interessa og disponibel tid, og dette arbeidet resulterte i  SLEKTERS GANG, Breiveg-slekta frå Sør-Fron. Og nå er boka ferdig. Slektsboka fortel om slekta mi, og kanskje di?, som i første omgang fekk seg ein husmannsplass å bu og livnære seg på nedpå Breivegen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn

Dei fann kvarandre etter Svartedauen

Pesta kje. Teikning: Theodor Kittelsen

IVAR KLEIVEN: Svartedauen sopte det folketomt både i Kvikne og Skåbu. Berre eit einaste menneske levde att etter sotten, og det var ein ung gut frå Megard i Skåbu. Han tok på vidda og ville leite etter folk som var i live, gjekk over fjellet og kom til Slette i Heidal om julkvelden. Der såg han det lyste gjennom glugga i stuguveggen, han gjekk inn og trefte ei ung jente, som var det einaste menneske i Heidal etter Svartedauen. Frå dei to grodde folket i Heidal opp att. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru

Karl Johan i Fronskyrkja

kyrkjeinteriørl

Konsert i Sør-Fron kyrkje nesten 100 år etter at kong Karl Johan var der. Foto: Carl Henrik Grøndahl

IVAR KLEIVEN: Da Karl Johan var kront i domkyrkja i Nidaros om hausten 1818, reiste han over Dovrefjell og gjennom Gudbrandsdalen på attendeferda. Da han kom til Fron, stana han for å sjå på Fronskyrkja, som den tida var rekna for ei av dei sværaste landskyrkjene. Det møtte mye folk ved kyrkja som gjerne ville sjå den nye kongen vår, «Pontekurven», som dei hørde så mykje om i 1814. Mannen på Grov, han Nils, var den tida ein av dei fremst bøndene på Fron og hadde fått Danebrogsmerkjet, og det skal vera han Nils som la grunnsteinen under kyrkja. Nå møtte han, tok imot kongen og følgde han om i kyrkja. Da kongen hadde sett det han brydde seg om å sjå, sa han ved tolken dei orda, at han tykte denne kyrkja var i sværaste laget i ei bondebygd, og på det svara Nils Grov:

Oss ha bygt ho sjølve, deres majestet.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn