Det omskiftande livet til ein låve

snikkarsalen

Det kan skje så mangt i ein gamal låve. Foto: Redaksjonen i Fronsbygdin.

RASMUS STAURI: Ikkje mange hus har hatt eit så omskiftande tilvære som den gamle tømmerlåven frå Sigstadvolden i Kvam. Har har det budd ein mørkredd teolog, gutar på jentejakt, ein sløydlærar med skarpt blikk og trøytte pilegrimar. Og låven er attpåtil vigsla av ein biskop.

Skulestyrar Rasmus Stauri, fødd i Nordfjord i 1867, kom til Kvam frå Seljord i Telemark hausten 1902 for å ta til med folkehøgskule. Etter 13 år i Kvam, der han leigde hus av bonden Anton Silli på Vik, flytta han til Hundorp for å halde fram med skulen der, Gudbrandsdal folkehøgskule. Dei vanskelege åra sist på 1920-talet gjorde det nødvendig med nye pedagogiske tilbod, og ein trong fleire hus for elevane. Ein større tømmerlåve i Kvam skulle vise seg vera eigna til eit slikt formål. Huset vart seld av Hans Kjørum (1873-1941) i 1928, og dei var godt kjende som naboar nokre tiår før. Kjærum dreiv elles butikk på Sigstadvolden frå hundreårskiftet fram til krigen. Sonen Einar (1914-1983) tok deretter over butikken og dreiv denne til sist i 1960.åra.

Dagboka til Rasmus Stauri frå 7. oktober 1928:

I morgen skal jeg til Kvam for å se på en gammel låve som tenkes brukt til hus for snekkeravdelingen, sløiden.

Nokre dagar etter, 12. oktober:

Har i dag kjøpt en gammel låve av Hans Kjørum i Kvam for kr 800. Den skal danne grunnlaget for en ny bygning på Hundorp og brukes til lokale for snekker- og husflidundervisning.

13. oktober:

Den nye bygningen bør ha en tilbygning på midten, en inngang. Over bør vere en utskåret gutt med høvelbenken. Over sees kanten av fjellkammen og solen som rinner. Det skal være symbol på at lys, varme og solskin skal det være i arbeidslivet. Både bønder og arbeidere skal ta del i åndsliv som er menneskenes herlighet. Lyset skal ikke være for de lærde blot.

Dette er idear og tankar som den danske diktarpresten Grundtvig stod for. Han er rekna for å vera far til den frilynde folkehøgskulen. Teori i seg sjølv er langt fra nok. Det som er viktig, ifølge grundtvigianismen, er at teori må setjast om til praktisk livskunnskap. Kunnskap er godt for mennesket. Her var det tale om dannande, praktisk kunnskap – livskunnskap. Og frå 1930 vart tømmerlåven frå Kvam eit signalbygg for nettopp «Ånden og håndens verk.»

Det store tømmerhuset vart frakta frå Kvam til Hundorp vinteren 1928/29 med rustning, som dei sa. Det var ein doning med to spesielle sledar, der den fyrste vart kalla «bukk». Den bakre delen fekk namn etter bukken og vart kalla «geita».

Det vart sett igang oppattbygging med lokale handverkarar, og bygningen stod ferdig til skuleåret 1930/31. Byggmester Hans Haverstad (1872-1951) i Lia fekk hovudansvaret for å få det heile i stand.

Men fleire paktiske spørsmål måtte løysast for å gjera huset tenleg til bruk. Ein ny inngang midt på eine langveggen måtte på plass. For at den gamle tømmelåven kunne huse både snikkarsal og undervisningsrom, laut ein byggje tropp, dele huset i to rom nede og deretter ordne til med fire dobbeltrom i andre høgda. Det vart au sett inn glas og bygd eit utskot i andre høgda.

Huset endra heilt karakter, for her skulle unge dølagutar halde hus gjennom skulevinteren. Varmt og kaldt vatn låg langt fram i tida og vart ikkje lagt inn før i 196-åra, så det vart å gå over gardsplassen for å hente vatn og vaske seg der oppe. Som ein kan tenkje seg, hadde ikkje Sigstadlåven fullgod isolasjon, men i alle år vart «Snikkarsalen» opphaldsrom, undervisningsrom og internathyblar for unge gutar.

Gutane på snikkarlina

For nokre år sidan fekk underteikna eit brev som gav eit godt tidsbilde frå skulevinteren 1939/1940, ni år etter at bygningen vart reist på nytt. Eleven frå Fåberg skriv:

Det var ymse som ikkje fall i god smak. Vi måtte vera inne klokka 10 om kvelden. Vi fekk ikkje sjå inn til jentene på romma deira, ikkje ein gong midt på dagen. Dette syntest vi var i drugaste laget. Vi misunte gutane som budde på «Hurraplex», 2. etasje i snikkarsalen. Dei hadde berre cand. theol. Nor å forsere når dei skulle inn att. Han var så mørkredd at det var verkeleg morosamt. Dette vart utnytta til yttarste. Han torde ikkje gå ut om kvelden åleine. Karane på «Hurraplex» fekk han ingen hjelp av. Og med alle skrømthistoriene dei fortalde, kvamverane og dei frå Skåbu, var det ikkje rart dei baud seg til å møte opp og følgje cand.theolen heimatt når han hadde vore ute om kvelden.

Kva som skjedde etterpå, veit denne skrivaren mindre om…

Bygdekunstnaren Petter Sveipe (1876-1963) frå Sør-Fron fekk i oppdrag å laga ei utskjæring over inngangen, der han forma illustrasjonar og figurar i tre for å syne sider ved snikkarfaget. Framfor inngangen blir synet retta mot ein gut som tølgjer med ei øks. Til venstre står ein høvelbenk og til høgre ein dreiebenk. Det var viktig at dei unge elevane kunne kjenne seg att. Det gav identitet. Dette arbeidet løyste Sveipe på ein framifrå måte, hendt som han var, og han ramma det heile inn i tradisjonell dølaskrud.

Her har Petter Sveipe vore. Foto: Redaksjonen i Fronsbygdin.

Her har Petter Sveipe vore. Foto: Redaksjonen i Fronsbygdin.

Petter Sveipe vart seinare tilsett som handverkslærar for dei mange unge dølaungdomane som gjekk snikkarlina frå 1930. I fyrste høgda gjorde elevane seg skåp, stolar, bord og mangt anna. Det finst att fleire elevarbeid i bygdene den dag i dag. Dette var solid og godt handverk. Petter Sveipe var ein nøye kar, og arbeidet laut ha kvalitet, skulle det bli godkjent av det skarpe blikket hans. Det er mang ein forteljing om kor nøye han kunne vera. Han var sjølv ein fyrsteklasses finsnikkar og ein dyktig treskjærar. Han kunne stryke med fingrane over ein skøyt i treverket og seia om han ikkje var heilt fornøgd:

Her kunne det vore pussa noko betre!

Få ord, men klår beskjed. Da han kom att uti 1960-åra og såg på det dei unge fór med den gongen, sa han:

Det døkk driv med nå, er berre taterarbeid, det!

Trearbeid og treskjering var historie, det gjekk i tinnarbeid og anna handarbeid. Alle skulle den gongen få tilbod om praktisk arbeid. Respekten for godt handverk hadde endra seg. Elevane var au av eit anna slag.

Ytre del av fyrste høgda vart innreidd til skulesal frå 1930,  den minste på folkehøgskulen., og fekk namnet «Snikkersalen». Har vart det særleg undervist i rekning og norsk, og rommet var i bruk til nedleggjinga etter internatbrannen 21. april 1987.

I nokre år rundt 2000 var her turistinformasjon, og i to år fram til 2009 eit dokumentasjonsrom over følkehøgskuleperioden på Hundorp, som vara frå 1915 til 1987.  Denne utstillinga er i dag erstatta med eit «pilegrimsrom» – eit informasjonsrom for pilegrimar på veg nord- og sørover dalen.

Den tidlegare «Snikkersalen» har gått gjennom så mangt eit skifte og fekk attpåtil brannstige på utsida i 2010 for å kunne godkjennast til dagens bruk. Innvendig ble det lagt til rette for pilegrimskontor og utstillingsrom. Her kan dei vandrande og andre besøkjande få kunnskap om Fron og den historiske garden Hundorp. I andre høgda kan dei vandrande kvile til nestye dagsmarsj.

Den gamle låven frå Kvam har endra totalt karakter frå 1930.

 

 

 

 

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Verksemder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s