Storflommen i 1938

Ein lastebil frå Kvam fossar gjennom flomvatnet i Vika mellom Kvam og Vinstra. Jernbanesporet ligg godt under vatn. Med så mange staute karar på lasteplanen er det vel rimeleg å tru at dei er ute på oppdrag i samband med flommen.

Ein lastebil frå Kvam fossar gjennom flomvatnet i Vika mellom Kvam og Vinstra. Jernbanesporet ligg godt under vatn. Med så mange staute karar på lasteplanen er det vel rimeleg å tru at dei er ute på oppdrag i samband med flommen.

 PER OTTESEN: Inga trøyst, men flom i Gudbrandsdalen er diverre ikkje noko nytt. Det er 75 år sidan ein av dei største flommane i historisk tid gjorde livet surt for mang ein døl. Ved hjelp av Dagningen frå 5. september 1938 og Iver Forseth sin artikkel i Årbok for Gudbrandsdalen for år 2000 skal vi sjå på kva som skjedde denne dramatiske veka.

Flommen i -38. Tatt fra Hundorp-brua mot fyllinga og Søre Lia.

Gudbrandsdalen har hatt mange store flommar. For oss står nok den såkalla ”Storofsen” i 1789 som den absolutt verste, men Forseth fortel at det i 1348 var ein flom som til og med set Storofsen i skyggen. Så er den da også denne kalla ”Digerofsen”! At denne flommen kom på same tid som ”Svartedauden” gjorde ikkje ting lettare.

Men attende til 1938. Denne flommen har truleg berre Storofsen og flommen i 1860  som sine ”overmenn”, og særleg i norddalen rasa den nådelaust. Dovre og Lesja fekk gjennomgå; Dagningen fortel mellom anna at Jøndalen i Dovre vart heilt rasert. Ein ny veg som akkurat skulle opnast vart heilt øydelagt, og jord, skog og hus var feia vekk av vatnet. Vågåmo fekk, som så mange gonger både før og seinare, skikkeleg juling av flomvatnet. Dagningen hadde ein navnlaus utsendt medarbeidar på plass i Vågå, og han skildra i detalj korleis vagværane kjempa mot vatnet og korleis dei måtte sjå at bygda var rasert. Sjeldan har eg sett ein så detaljert og dramatisk avisreportasje. Eg fekk mest gåsehud av noko som kunne likna eit manus til ein amerikansk katastrofefilm.

Dramatisk på Flatnes (rett nedanfor det gamle S-laget på Vinstra). Eit uthus og stabburet er teke av flomvatnet. Stabburet fekk dei forresten festa taug i og klarte å berge det, men eg veit ikkje om dei berga uthuset. Det er Reidar Haanshus, son til eigaren av Flatnes, lensmann Haanshus, vi ser på bildet.

Dramatisk på Flatnes (rett nedanfor det gamle S-laget på Vinstra). Eit uthus og stabburet er teke av flomvatnet. Stabburet fekk dei forresten festa taug i og klarte å berge det, men eg veit ikkje om dei berga uthuset. Det er Reidar Haanshus, son til eigaren av Flatnes, lensmann Haanshus, vi ser på bildet.

Starten

Forseth fortel i Årboka: Natt til tysdag 30. august 1938 sette det inn med regn sør i Gudbrandsdalen. Vind frå søraust reiv med seg ein heil del kornstaur oppover dalen. Utpå kvelden kom regnet for fullt over det meste av Gudbrandsdalen, i lag med eit torever heilt utanom det vanlege. Landskapet vart lyst opp omtrent utan opphald i timevis. Dagen etter høljregna det. Rektor K. K. Sortdal på Klones i Vågå fortel:

jeg har aldrig nogensinde sett maken til regn, som det som faldt utover ettermiddagen onsdag 31te august. Når skurene kom som verst var det omtrent uråd å se ut av vinduet, endog midt på dagen… I den beksvarte natten hørtes et dommedagsbulder av ras og sten som de frådende vannmasser førte med seg. Det luktet svovel i luften så en kunde nesten få tanke om at enden var nær.

Dette bildet syner kor høgt vatnet sto på Flatnes. Dette uthuset sto omtrent like høgt opp frå elva som dagens Strandgate!

Dette bildet syner kor høgt vatnet sto på Flatnes. Dette uthuset sto omtrent like høgt opp frå elva som dagens Strandgate!

Midtdalen

Forseth fortel vidare at det var vestsida av dalen som fekk mest nedbør, heilt opp til 156 mm på to døgn. I dei fire dagane etter kom det også ei full rotbløyte. Desse nedbørsmengdene førte til den største haustflommen i hundreåret. Særleg i tverrelvane på vestsida av dalen var det storflom. Nedbørsområdet var skarpt avgrensa mot aust. Dei store vassmengdene bløytte opp jorda slik at den rasa ut. Det gikk ras i dei fleste bygdene på vestsida av dalen, ikkje minst på baksida av Nedre Heidal, der det gikk mange store ras. Vegen til Heidal kunne ikkje køyrast onsdag kveld. Prestgardsbrua over Sjoa reiste i flommen. Riksvegen gjennom Gudbrandsdalen vart sperra, mellom anna ved Tromsa bru.  I Ringebu sto vegen under vatn fleire stader og på Fevollen i Sør-Fron nådde flommen 10 cm over flommerket frå 1860. Losna steig med 4.8 meter på to døgn.

Jernbanen måtte også gi tapt for vatn og ras. I Otta og sørover Bredebygden sto vatnet over togskinnene, og det var så mykje vatn at dei kunne fortøye båten i stabbursveggen på Gammel-Sandbu.

Distriktsjef Poppe i NSB fortalde:

Det er brudd i brudd hele veien på jernbanelinjen. Det foregår et intenst arbeid med å få linjen i stand. Like nord for Otta er det et 30 m brudd, og et mindre ved Sandbu.

I Vika nord for Vinstra grov også flommen vekk massa under jernbanesporet. Når det er flom, går straumen nokså rett mot jernbanesporet her, så det er særleg utsett for skade.

Her opplevde forresten far min, Otto, nokre dramatiske minutt den fyrste flaumdagen. Han var hos Søren Sørensen på Hønhaugen (Vinstra). Dei såg at elva voks, og det tok til å koma ein god del tre og rask med elva. Søren hadde vedrett borti Vika, og han og far gikk dit for å dra inn veden som kom rekande. Far tok ein båtshake og sto på ein stein ute i elva og senda veden innover til Søren. Han la merke til at elva voks ”rykkvis” – gjerne fleire centimeter om gongen, og brått vart han merksam på at han ville få problem med å koma i land att på grunn av straumen, som vart sterkare og sterkare. Han torde ikkje å hoppe uti og vasse til land, men så fekk han ein ide: Stavsprang! Han brukte båtshaken som stav, og klarte å hoppe så langt innover mot land at han (truleg med hjelp frå Søren) klarte å kare seg til lands.

Moajordet rett sør for Vinstra. Vatnet dekker heile jordet og når inn til skråninga opp mot jernbanen. Elva grov også ut store hol og grøfter og tok med seg ein god del jord nest på jordet.

Moajordet rett sør for Vinstra. Vatnet dekker heile jordet og når inn til skråninga opp mot jernbanen. Elva grov også ut store hol og grøfter og tok med seg ein god del jord nest på jordet.

 Skader på eigedom og avling

Dagningen fortel  at skadane på veg, jord og avling i Nord-Fron går opp i over 100.000 kroner. Då flommen var på sitt verste, var det meste av dalbotnen oversvømt, og alle kjellarar var fulle av vatn. På småbruket Øien (Kvam?) var alle hus fulle av vatn, og ved Sørum har Laugen teke seg nytt fâr. Anne Stakston sin eigedom på 75 mål er øydelagt og all avling er teke av flommen. På vestsida er 30 bruk heilt isolert, da flommen har teke alle båtane. Avisa opplyser også at Nord-Fron kommune vil få store utgifter med å setja i stand att vegen til Kvikne og Skåbu, da det meste er kommunal veg.

På Sør-Fron er det Forr-gardane har fått hardast medfart. På ein av gardane har over 100 mål stått under vatn, og Laugen har gått opp i låvane og øydelagt mykje avling og åker. Fleire som har vollar nede ved Laugen, har fått store skader på jordvegen, og eit par bureisningsbruk har mista all avling.

I bygdene sørover frå Sør-Fron er det stort sett Laugen som har anretta skader. Særleg i Ringebu og Fåvang har det gått hardt ut over avlinga. Sokneprest Lunke i Ringebu fortel til Dagningen at berre i ein av låvane som står under vatn er det 400 lass med høy. Han fortel om fleire småbrukarar som har mista all avling, og som nå treng hjelp.

Utbedringsarbeid

Den 5. september melder Dagningen at ordinær jernbanetrafikk kan takast opp att denne dagen. Men så har dei arbeidd hardt også! Berre NSB hadde 400 mann i arbeid, og frå grustaket på Storhove hadde 20 mann klart å laste 40 vogner med grus kvar dag, og gruskjøringa ville halde fram ei tid, for mange skader var nok reparerte provisorisk.

Hovudvegane kunne også takast i bruk att frå denne dagen. Fleire hundre mann hadde gjort ein fantastisk innsats for å få dette til, men avisa gjer merksam på at det må kjørast med ”stor forsiktighet”.

Heidalsvegen hadde fått dei verste skadane. Denne dagen kunne dei berre køyra bil frå Sjoa til Faukstad, og dei frykta at det kunne ta lang til før den var fullt ut reparert, for ”nord for Faukstad har den fått en fryktelig medfart”.

På Kvikne/Skåbuvegen var det ei lang rekkje med stygge brot, som det vil ta lang til å reparera. Hovudvegane hadde prioritet, noko som også ville forseinka utbetringane på denne ”bygdavegen”. Sjølv om situasjonen såg svart ut, kan avisa likevel melda at posten hadde kome seg fram tidlegare på dagen. Dei kunne fortelja at det låg ei mengd øydelagte karjolar, giggar og kjerrer etter hele vegen. Tilstanden på vegen blir godt skildra av dei som kjørde hestane som kom frå Sikkilsdalen ned til Vinstra stasjon på søndagen:

Turen nedgjennem Vinstradalen var en slitsom ferd. En av hestekarene forteller, at noen ganger kunde de kjøre på veien, men de var like meget utenfor!

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s