
Ein lastebil frå Kvam fossar gjennom flomvatnet i Vika mellom Kvam og Vinstra. Jernbanesporet ligg godt under vatn. Med så mange staute karar på lasteplanen er det vel rimeleg å tru at dei er ute på oppdrag i samband med flommen.
PER OTTESEN: Inga trøyst, men flom i Gudbrandsdalen er diverre ikkje noko nytt. Det er 75 år sidan ein av dei største flommane i historisk tid gjorde livet surt for mang ein døl. Ved hjelp av Dagningen frå 5. september 1938 og Iver Forseth sin artikkel i Årbok for Gudbrandsdalen for år 2000 skal vi sjå på kva som skjedde denne dramatiske veka. Les meir