Flom i Kvam – gjennom tidene

Reblogga frå 14. juni 2013: «Kvamværen er usedvanleg sterkt rotfesta, sjølv om han har båe føtene planta i lausmasser.»

ARILD TEIGEN:  “All historie er samtidshistorie” var det ein klok kar som sa. Det fekk eg prov på, kvelden den 22. mai, 2013. Ved åttetida banka det på utgangsdøra vår, på Øvermofeltet, midt i Kvam sentrum. På dørhella stod to ukjente karar frå Raude Kross. Beskjeden var grei: “Kom døkk onda, nå kjem åa!

Med to livredde småjenter i hendene strauk vi til fots sørover Moavegen. Bak oss høyrde vi brølet frå vatnet som no nekta å følge elvefaret og den tunge romlinga av steinmassene som valsa ned heimane på båe sider av Storåa. Lufta var tjukk, rå og ekkel, og hadde eg vore over gjennomsnittleg religiøs så hadde eg vel helde ein knapp på at Dommedagen kom med vassmengdene frå Veikledalen. Men etterpå slo det meg at dette var noko som tallause generasjonar av kvamværar hadde vore igjennom opp gjennom historia.

 

Flom i Kvam 1938. Foto frå Per Ottesen

Flom i Kvam 1938. Foto frå Per Ottesen

TIDLEGE KATASTROFER

Heilt sidan den siste istida tok slutt, har vatnet arbeidd med å forandre bygda. Da isen smelta, danna det seg ein stor innsjø som strekte seg frå langt nord i dalen til eit utløp ved Kvamsporten. Etterkvart vart denne innsjøen fylt att med lausmasser, som vart ført ned i dalen ved hjelp av elver og ras.  I grunnen ved Kvamskyrkja er det gjort målinger som syner at det ligg leire og sandavsetningar 50 meter under bakkenivå. Delar av det som er Kvam sentrum i dag, er derfor bygd på gammal åkerjord og lausmasser som har vorte ført ned i dalen under flommane.

Slik ser Kvam sentrum ut når vi fjernar all vegetasjon og alle bustader. Gjennom 11.000 år har elva frå sidedalen Veikledalen bygd opp ei stor vifte med avsettingar frå flom og flomskred.(Frå NGU)

Figur 2 gjev eit nærare laserbilete (målestokk 1:4000) av den store vifteforma, der to aktive bekkefar (Storåa og Veslåa) trer tydeleg fram, medan det elles er vegar og planerte hustomter som dominerer finmosaikken.

 

I 1348, eit år før svartedauden nådde Noreg, skal det ha herja ein voldsom flom i landet, og spesielt hardt ramma vart Gudbrandsdalen. Det var Trond Eklestugun, handelspartnaren til Anders Sandvik, som ein gong hadde synt fram eit gamalt dokument som skildra hendinga. Originaldokumentet er det så langt ingen som har kunnet framskaffe. Men på Opplandsarkivet/Maihaugen ligg eit notat som fortel noko om innhaldet i dette gamle dokumentet. Hvis opplysningane stemmer, dreier det seg om ei dommedagsliknande katastrofe som fekk Storofsen i 1789 til å bleikne.

Korleis Kvamsbygda vart råka veit vi ikkje. Men det står blant anna at Vågåvatnet var berre lite før denne flommen demte det opp, og gjorde det så stort som det er i dag.

Om det er lite skrifteleg frå denne tida, så finnes det likevel muntlege sagn. Eit av dei fortel at Veikleåa ein gong gjekk innunder Røssum og Klomstad gardane til ho nådde Laugen ved Vik. Hvis dette er riktig,  må det ein eller annan gong ha skjedd ei voldsom katastrofe som fekk åa til å ta eit nytt far, kanskje der ho går i dag

Andre segn fortel òg at det på denne tida låg ein større gard i området der storåa/vetlåa går i dag. Martinius Høgåsen meinte dette kunne være ein gamal Kvamsgard med navnet Skalpestad(Skalpæstadum). Skalpestad er omtala i minst to gamle skinnbrev (datert 1394 og 1434) som omhandlar Kvamsbygda. Hvis Skalpestad låg her så kan garden ha vorte rasert og  nedurda  for godt ein gong etter 1434. Dette er imidlertid noko som er vanskelig å klarlegge utan omfattande arkeologiske utgravingar.

Dei ferske arkeologiske utgravingane på Frya har dessuten avslørt at dalen har hatt ei lang rad med store flommar 1000-2000 år attende i tid.

STOROFSEN I KVAM

I seinare tid er det ”Storofsen” som har stått sterkast i minnet sjå bygdefolket, og har vorte ståande som flommen med stor F.

Men det var òg fleire betydelige flommar i forkant av Ofsen. I 1754 noterte presten at ein person hadde drukna i  Veikleåa under flommen. Medan i året 1760 kom det ein flom som måtte ha ødelagt ganske mykje i bygda. Provet på det er at det vart samla inn pengar i kyrkjene i dalen for å bøte på skadene i dei ulike bygdene som var ramma. Totalt kom det inn 313 riksdaler. Fronsbygdene vart tilgodekjent med 47 daler av denne potten. Det tyder på at skadene var merkbare, også i Kvamsbygda.  Likeså er det nevnt om store flommar i dalen i 1772 og 1778. Om dei råka Kvamsbygda veit vi ikkje.

Med Storofsen er det annleis. Etter at den hadde gjort reint bord , vart det gjort ei offentleg befaring, og ein omfattande registrering av skadene på gardene. Husmannsplassane vart ikkje registrert på eigne skjema, men under enkelte gardar er det nevnt skader på plassane.

I tilegg har ulike personar fått overlevert nokre muntlege historier, og skrive dei ned i ettertid.

Ei av skildringene Olav Åsmundstad skreiv ned var henta frå Forbrigd :

`N Ommon Forbrigd i Kvam stod mellom husom på Forbrigd og såg at ei stygg skriu kom veltande nedover den bratte lia, beint på husa. Han lågå bort tie tynno konn om husa slapp. Da klauv skriu seg- summe si ho klauv seg på ein krok-, og husa på Forbrigd vart berga.

Ei anna historie, som til forveksling likna Forbrigdhistoria ,  omhandla hendingar på Sigstad:

Folkene i Kvam samlet seg på Sigstad fordi de mente at de måtte være tryggere for skred der. Men det dannet seg likevel en stor revne ovenfor gardene, og folkene tok til å frykte for at et stort skred skulle gå. Til alt hell ble jorda liggende, og det ble ingen skade fra skred på garden.

 På Søljerusten seter heldt ein familie til under flommen. Ei jente, Lisbet Olsdatter (f.1779),  fortalte på sine gamle dager kva dei såg av Kvamsbygda :

Oss va utpå bergom nea setra og såg nordigjennom Kvam. Mange stader såg oss berre hustaka i vatne. Laugen må mest ha fylt hele dalbunnen og gikk tykk som velling med hus, tømmer, trær og gjørme.

 Frå Klevstad eksisterte følgande historie:

Erik Klevstad hadde kome heim frå militærtjeneste like etter ofsen, men da han på avstand fekk sjå korleis det såg ut, vart han så nedfor at han berre la seg til i ei steinrøys nedanfor garden ” (Merk! husa på Klevstad låg den gongen høgare oppe enn i dag)

Sjølv om temaet er flom, vil ikke det seia at all muntleg tradisjon «held vatn».

Bygdahistorikaren Ivar Kleiven har  òg gjenfortalt noko av det han hadde fått av muntleg stoff. I boka ”Fronsbygdin” hevda han at ein Nils Ruststuen drukna da han prøvde å ta seg over Laugen med båt.

Likeins fortel Martinius Høgåsen om nokre slåttefolk som dreiv på Skurengjom då uværet sette inn. Dei tok seg sørover til Klevstadlia. Her skulle ein av dei ha vorte teken av ei skriu. Dei andre skal så ha fått tak i ein båt og rodd over til Røssumbakkane.

Vatnet skal da ha stått langt opp på kyrkjeveggen. Det vart òg i ettertid ei alminneleg oppfatning at sjølve kyrkjetårnet vart skeivt under denne flommen.

Sjølv om det her er dødsulykker som blir skildra, så er det i dei offentlege synsforretningene for Kvam Sokn ikkje  notert at nokon i bygda omkom under Storofsen. Ei yngre jente, Tore (Torø) Sletten skal riktignok ha havna i elva,og vorte hengande i ei bjørk ved Teigøya, men faren hennar skal ha kome seg ut til henne og fått ho over på turt land.

Ei pussig episode vart fortalt av Per Aasmundstad i Syn og Segn i 1899. På Klomstadøya i Kvam budde det ein kar som heite Eirik Frostad. Laugen drog med seg det han hadde av eigedelar under flommen. Millom anna hadde han ei forseggjort øltrøys, med inngravert navn, bumerke og årstal.

Eirik fekk nokre år seinare klokkarpost i Stange, så han flytte dit. Der fekk han snart høyre at det var funne ei øltrøys i Mjøsa med navnet hans på. Da han fekk sjå den trudde han ikkje sine eigne augo. Det var øltrøysa som vatnet hadde ført burt i 1789. Så seier i alle fall soga.

GARDANE I KVAM

Alle gardane i bygda vart meir eller mindre skadde.  Ein gjennomgang av skadeskjema gjort av W. Sommerfeldt gjev følgande liste over tapte hus og buskap i Kvam.

Antall ødelagte hus 103
Antall skadde hus 56
Antall kverner tapt 27
Antall hester tapt 3
Antall storfe tapt 7
Antall småfe tapt 53

Omfanget av skadene forstår ein kanskje betre når ein ser at gardene i Kvam hadde ein verdi på 40605 riksdaler før flommen, og etterpå var verdien sett til 21550 riksdaler. Det skulle være ein verdinedgang på 47%.  Storleiken på avlingene i bygda hadde ein nedgang på 45%. Dette førte i sin tur til at husdyrtallet òg minka drastisk i ettertid . Det vart til dømes 56% færre hestar, talet på storfe gjekk ned med 59% og talet på småfe vart redusert med heile 63%.

Landskapet i Kvam og i heile dalen vart til dels dramatisk forandra etter ofsen. Øyene fra Kjørum til Brendløkken skal alle ha vorte til under Ofsen. Jordene i Krok og Leine skal ha rasa ut og i Kjørumsberget vart det djupe dalar etter skreda.

Kvernhusa vart naturleg nok hardt ramma og alle desse skal ha gått med under Storofsen i Kvam .

Også sagene fekk seg en stygg skrell under flommen.

I ”sagmanntallet” skulle følgene være anført for Støsaga i året 1790 ”Paa denne saug, som ved vandflom er bleven ruinert, er intet skaaret dette Aar, hvilket bevitnes saa sandt hjelpe mig Gud og Hans Hellige Ord” undertegnet av Johannes Amundsen Støe m.ph (”med påholden penn”).

I ETTERTID

Det vart dårlig med hjelp av noko slag, for dei som vart ramma av Storofsen. Skattefritak  frå 3 til 10 år var det lengste styresmaktene strekte seg når det gjaldt ”bidrag”. Dette hjalp ikkje særleg mange. Det vart med andre ord å klare seg sjølv, som best ein kunne. Enkelte hadde mista så si alt, så enden på visa vart å flytte frå bygda. Vi har ikkje nøyaktige tal på kor mange som måtte flytte frå Kvam på grunn av Storofsen. Men det var eit faktum at flommen røska livsgrunnlaget under føtene på mange i bygda. Dei første åra etter 1789 braut svært mange opp, i heile Gudbrandsdalen, og reiste nordover.

At Ofsen sette spor som synte mange år etterpå kan illustrerast gjennom ei skildring av Christen Pram. Han besøkte Kvam i 1805:

Nede ved Kvam kirke er en slette, i form av en halvsirkel. Den inneholder 300 tønners land, som siden 1789 ligger der bedekket med et ubortryddelig lag av den av fjellet nedstyrtede, eller ved oversvømmelsen dithen rullede klippestykker. Overalt sees fra sted til annet striper av fjellsidene, blottede, derved at jordlaget, med alt som derpå var, da gled bort, og overhyllede det nedenforliggende land. I mellom disse ruindynger, hvor ødeleggelsene ikke nådde, er den smukkeste og rikeste avveksling av åker, eng og skog.

 

FLOM ETTER OFSEN

Vel 70 år etter Storofsen, i 1860,  kom nok ein storflom. Denne gongen var det først og fremst Laugen som gjekk berserk. Flomstøttene i dalen syner at 1860 flommen var den som kom nærast Storofsen hvis ein ser på vannstanden i Laugen.

Ved Søre Bosåen er det fortsatt eit minne frå 1860. Ved enden av jordet som ligg ned mot E6, er det eit flomerke på ein stein som syner kor langt innover vatnet gjekk den gongen.

Ein annan plass som fekk merke 1860 flommen var Buøya. Heimplassen  til den smått legendariske Per ”Tambur” Buøien. Denne plassen vart truleg fråfløtt like etter 1860 flommen p.g.a. dei stadige flomplagene.

På Kolloen er det nevnt at det var folk som ikke fant anna råd enn å reise til Amerika i kjølvatnet av 1860 flommen. Bruka nord i Kvam som  Rustsstugu, Kjørumslykkja og  Heggerusta  mista forøvrig mykje jord i denne flommen.

Utover på 1900 tallet kom flommene med ujavne mellomrom. Både i 1910, 1927, 1934 og 1938 vart det gjort store skader.

Veikleåas herjingar i 1934 vart behørig dekka av Pål Kluften i Dagningen under overskrifta ”Redselsnatten i Kvam”. Det første Kluften merka seg, da han var på veg nordover til Kvam, var at sjølvaste Bjørnsonprofilen vart ramma av flommen:

Oppi Teigkampen blev en var noe rent nytt: Bjørnsons profil, det berømte fjellbillede var innhyllet i et slør! En ny foss hadde dannet sig der oppe, en fjellelv styrtet utover og blev pisket til støv som dannet et majestetisk slør om hele fjellpartiet.

Langs Åa i Kvam gav Kluften ei levende skildring av både dramatikk, kaos og handlekraft. Mange av karane som budde ved Åa, hadde lang røynsle frå anleggsarbeid. Dette var til god hjelp når ein skulle fjerne demninger av rask, som hadde bygd seg opp i elva:

…her var skytterbasen den gamle anleggsarbeider Carl Florin og mange gjeve og uredde karer. Og her hadde dynamitten ordet! Når vanmassene knekket trær og pakket sammen til en demning for å få nytt far, så passet karene på,- 10 dynamittpatroner, innsmurt i fett, på en lang stang som rekker ut i demningen, se det sprog hjelper! Vannspruten står himmelhøgt, kanonaden ruller mellem de høge fjellene, elven klemmer på, trær og røtter hives og virvles av gårde. Nye salver, vågsome krafttak, en og annen får sig en dukkert, men blir halt i land av sterke never. Elvens grå raseri blir møtt med sammenbitt energi for å redde hus og hjem. Det er ingen tvil om at karene her oppe reddet meget.

Eigedommane langs Åa var små og til dels fattigslige den gongen. Enkelte hadde litt jord i tilegg til ei lita stugu.

Kari Leika hadde bare en hageflekk, den skar vannmassene igjennom og skyflet vekk. Hos Petter Kamp var det rent uhyggelig om natten; han har et nybygg som blev omringet av elven. Folkene fikk reddet seg opp på jernbanelinjen og krøtterne reddet sig ved å legge på svøm gjennom flommen. Han har kostet på den vesle eiendommen sin det han hadde. En 1000 kroners ødeleggelse er ikke småting for en mann i hans kår. Hos Hans og Ola Røssummoen var lignende skade på jorden. Ligeså hos Johan Leika og flere. En kone blev båret ut, da vatnet gikk opp på vinduene i stuen hennes. Den voldsomme flom forårsaket et merkelig virvar da folk måtte rømme husene- kvinner med syltetøykrukker, skrikende grisunger, bohave og husgeråd, alt måtte reddes.

Flaumen i 1934 var øydeleggende og dramatisk , men den gav faktisk ein del arbeid i bygda i ettertid. Denne tida var dalen sterkt prega av den økonomiske depresjonen og det var mykje lediggang. Opprenskinga i Åa vart gjort med handmakt, og det arbeidet krevde mange hender. Heile arbeidet gjekk over 2-3 år.  Den imponerande Forebygginga, som kom fram at i dagen under 2011 flommen, vart bygd på denne tida.

Det vart i det heile tatt mykje vatn som kom på avvege på 1930-tallet.

Ein lastebil frå Kvam fossar gjennom flomvatnet i Vika mellom Kvam og Vinstra. Jernbanesporet ligg godt under vatn. Med så mange staute karar på lasteplanen er det vel rimeleg å tru at dei er ute på oppdrag i samband med flommen.

1938: Ein lastebil frå Kvam fossar gjennom flomvatnet i Vika mellom Kvam og Vinstra. Jernbanesporet ligg godt under vatn. Med så mange staute karar på lasteplanen er det vel rimeleg å tru at dei er ute på oppdrag i samband med flommen. Dette første gong ein flom i Kvam er dokumentert fotografisk.

Flom i Kvam i 1938. Mannekraft og ikkje så mykje maskinar. Foto frå Per Ottesen

Flom i Kvam i 1938. Mannekraft og ikkje så mykje maskinar. Foto frå Per Ottesen

Karane ordnar opp etter flom i  Kvam i 1938. Foto frå Per Ottesen

Karane ordnar opp etter flom i Kvam i 1938. Foto frå Per Ottesen

Allereie i 1938 flomma det over att. Denne gongen viste Laugen muskler. Flommen kom relativt seint på året (august/september), og dette var fyrste gongen ein flom vart  dokumentert fotografisk i Kvam.

Det rasa noko i 1938,  men ikkje i nærleiken av det som skjedde under ofsen. Dagningen kunne den 5.september 1938 melde følgende om forholda i Kvam/Nord-Fron:

Telefonforbindelsen til Kvam var brutt fremdeles i går ettermiddag. Efter hva vi hører var imidlertid det meste av strøket oversvømmet da flommen var på sitt verste. Alle kjellerene var fulle av vann. På småbruket Øien var alle hus fulle av vann og folkene på seteren. Ved Sørum har lågen tatt nytt leie. Anne Stakstons eiendom på 75 mål er ødelagt og all avlingen tatt av flommen. På vestsiden var 30 bruk helt avskåret da flommen hadde tatt alle båtene”

Etter dette har det i åra 1958, 1967 , 1995 og 2011 vore merkbare flommer.

I framtida vil likevel året 2013 skille seg ut. Ein ny generasjon kvamværar fekk merke kva krefter som bur i den vanlegvis fredlege Åa. Øydeleggingane var voldsomme denne gongen. Katastrofe er det einasta ordet som kan dekke hendinga. Det kjem til å ta tid før bygda er heilt på stell igjen.  Men kvamværen er godt “vaksinert” mot katastrofer. Det er små lysglimt å sjå over heile bygda. Hjå naboen min har eit nybygg reist seg, dei fleste vegane nede i bygda er framkommelege og i Slettakrysset har kafeen opna dørene. Det raraste er likevel at det er uråd å finne nokon som ynskjer å flytte frå bygda. Kvamværen er usedvanleg sterkt rotfesta, sjølv om han har båe føtene planta i lausmasser.

KJELDER

Kleiven Ivar, Fronsbygdin (1930)

Sommerfeldt Wilhelm, Ofsen i 1789 (Fron Historielag 1972)

Øverli Ragnar, Historia om Fron (Fron Historielag 1987)

Åsmundstad Olav, Ovanom Hegefell (1962)

Den norske turistforenings årbok (1934),

Årbok for Gudbrandsdalen 1947, artikkel av Martinius Høgåsen

Årbok for Gudbrandsdalen 2000, artikkel av Iver Forseth

Dagningen 28.mars 1934

Dagningen 8.mai 1934

Dagningen 28.mai 1937

Dagningen 5.september 1938

Notat frå arkivet til Gudbrandsdal Historielag

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s