Ta ut blod av trollkjerringa når ho blir brent

heks

Bilde frå serieliv.no

IVAR KLEIVEN: Ei trollkjerring var brent på den plassen som vart kalla Båle. Da dei følgde ho til rettarstaden, batt dei for augo hennar, for dei ottast for at ho kunne ha makt til å gjere olykke med dei vonde augo sine. Og da ho skulle rettast og dei løyste frå augo hennar så ho fekk dei frie ei lita stund, fjettra ho tre plogkrøkje og tre plogkarar på Steig, men det fjerde krøkje og plogkaren greidde ho ikkje, for der var både plogkaren og krøkje fromsingar, og så var selapinnen gjort av flogrogn.

Noko mykje seinare i tida var det ei trollkjerring i Holom; ho hadde trollkatt, og han drog nok mjølk og rømme til ho, så det var for mykje av det gode.  To karar var huga til å brenne trollkattspy og ville prøve å få denne kjerringa tvinga fram. Det var enda ein frå Tofte som heitte Hans, som sette brenninga i verk, og dei brende i ei børsepipe. Jau, ho måtte møte opp, trollet, og Hans Tofte var kvasst ferdig til å gje ho ein dask i kjeften med ein beksømskohæl, så hø blødde – det lyt takast ut blod av trollkjerringa når ho blir brent fram, ellers er ho farleg.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kvinner

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s