Historia om GoL

Har var Sibir, Alaska og mus.

RAGNAR ØVRELID: Slik var starten på Gudbrandsdal landsgymnas, som opna dørene på Vinstra i august 1946: Skoleromma på det gamle sommarhotellet Furuheim, bygt i 1890, var temmeleg primitive, og dei var kalde. Vedomnane greide ikkje å varme opp det gisne huset. To av klasseromma heitte Sibir og Alaska. Men musa likte seg godt mellom dei brune tømmerveggane og sette sitt preg på undervisninga.

Før 1946 måtte ungdom frå dalen reise til eit bygymnas, eller til Vestlandet, Trøndelag eller til Eidsvoll for å få høgre utdanning. Det var berre nokre få med sterke ressurar og med interesse heimanfrå som fann på slikt. Under krigen var det rett nok gymnasklasse på Vinstra som ei påbygging på realskolen på Furuheim nokre år. Frå 1943 til 1947 var det gymnasundervisning i Ringebu, og ein god del ungdommar frå Fron gjekk der. Gymnasklassane i Ringebu hadde ikkje eksamensrett, så elevane måtte gå opp i alle fag ved Hamar katedralskole. Det var ei tungvint ordning.

Men da hadde planane om eit landsgymnas i Gudbrandsdalen alt tatt form. Forslaget kom opphavleg frå Austmannalaget i 1920, og meninga var først at landsgymnaset skulle dekke både Gudbrandsdalen og Østerdalen. Men i dei økonomisk vanskelege mellomkrigsåra var det ikkje råd å få stat og fylke til å ta på seg slike oppgåver, og planane vart skrinlagde. I 1937 tok Ausmannalaget gymnassaka opp på nytt. Vinstra merkte seg ut som ein høveleg skolestad, og Nord-Fron kommune kunne tilby lokale i det gamle hotellet Furuheim, som i 1920-åra hadde vore brukt til mellomskole. I 1939 vart Gudbrandsdal gymnmaslag skipa, ein privat, interkommunal organisasjon, som skulle drive Gudbrandsdal landsgymnas, med det håpet at staten sidan kunne overta skolen. Denne gongen var det krigen som hindra skoleplanane.

Men i 1945 kom arbeidet i gang for fullt. Det var særleg lærar Martinius Høgåsen, formannen i gymnasnemda frå 1939, og Inge Krokann, som var pådrivarar, med ordføraren i Nord-Fron, Albert Kvammen, som ein solid støttespelar.

Tre bygder var aktuelle som skolestad: Sel, Ringebu og Nord-Fron. Men Krokann fornærma norddølane med å kalle Otta for ei gryte, og Ringebu gikk berre halvhjerta inn for skolen, så fylkesmannen bestemte i 1946 at den skulle ligge på Vinstra. Same sommaren tilsette gymnaslaget Agvald Gjelsvik som styrar. Han var brorson til juristen Nikolaus Gjelsvik, som i nasjonalbegeistring i 1906 først hadde kome med idéen til landsgymnasa.

Om hausen 1946 kom Gudbrandsdal landsgymnas i gang. Dei første åra var vanskelege for det nye gymnaset; igangsetting er ein ting, den daglege drifta noko anna. Økonomien var det verste. For å få skolen i gang måtte dei rekne med inntekter dei ikkje fekk og sjå bort frå utgifter dei visste ville komme, sa Gjelsvik seinare. Stadig var kassa tom. Så var det å gå den tunge gangen til dei 13 kommunane som var med i gymnaslaget og be om etterløyvingar. Ikkje alle kommunane i dalen var like glade for dette. Ved sida av vertskommunen Nord-Fron var det Lesja som i dei første åra stile seg mest positiv til skoleutbygginga.

Landsgymnaset var i starten fireårig. Det skulle bygge på folkeskole og framhaldsskole. Og elevane måtte gjennom ei opptaksprøve før dei kom inn. Dei første eksamenskulla måtte gå opp i alle fag som privatistar. Skolen hadde første året seks lærarar. Det var mange og solide søkarar til lærarpostane. Likevel fekk ikkje skolen eksamensrett før våren 1950. Eit viktig mål var passert. Det neste var å få staten til å overta skolen. Det skjedde i 1953. Frå da av vart namnet Gudbrandsdal offentlege landsgymnmas.

Staten kravde betre skolebygningar. Elevane hadde t.d. gymnastikk på Bøndenes hus, med 8-10 vaskefat med kaldt vatn som «dusj». I 1950 kom dei første nybygga på skolen, året  etter gymnastikksal. Sidan kom det fleire byggesteg, slik at dei mest nødvendige lokala stod klare til bruk i 1958, og det gamle hotellet kunne rivast året etter.

Fem år etter var landsgymnaset fullt utbygd, blant anna med internat. Formann i byggekomiteen til gymnaslaget hadde vore A. Gerh. Tothammer, og arkitekt for utbygginga Fredrik Winsnes. Byggeaktiviteten ved landsgymnaset vart eit stort løft for kommunane, og særleg for Nord-Fron, som måtte ta på seg tyngste børa.

Landsgymaset var i stadig vokster. Det starta med 3 klassar i 1946. I 1963 hadde skolen 15 klassar og 390 elevar. Dette året overtok Oppland fylke skolen, som da skifta namn til Gudbrandsdal gymnas. I 1960 og 1970-åra var gymnaset ein føregansgskole på mange vis, også i landsmålestokk, med ein svært aktiv lærarstab, og med interesserte elevar frå mange kantar av landet. Frå 1971 fekk skolen status som reformgymnas, der mange nye fag og undervisningsmåtar skulle utprøvast. I 1976 hadde gymnaset 19 klassar med 477 elevar. Da skifta skolen atter namn – til Vinstra videragåande skole. Og i det låg at skolen fra nå av ikkje berre skulle vere eit tradisjonelt gymnas, men også gi undervisning i handelsfag, husstell, maskin- og mekanikkfag, og sidan i bygge- og anleggsfag, elektrofag og sosial- og helsefag. I praksis betyydde det at yrkesskolen i Sør-Fron vart flytt til Vinstra og at det gamle gymnaset vart ein samleskole for allmenne og praktiske fag. Spesialbygningar måtte reisast, og mange lærarar tilsettast til dei nye yrkesfaga og til dataundervisning.

Samtidig med at Vinstra videregåande skole stadig har blitt større, har det distriktet skolen skulle tene, stadig minka. I løpet av 1970-åra fekk Dombås, Lom, Otta og Ringebu sine eigne videregåande skolar. I 1980-åra har derfor den opphavelege landsdelskolen på Vinstra blitt sittande att med elevar frå Fron, og med allmenfag-elevar frå Ringebu.

Det seier seg sjølv at Vinstra videregåande skole anno 1990 i det heile ikkje kan samanliknast med det opphavlege gymnaset. Den gamle eliteskolen som samla elevar frå heile austlandsområdet og frå Nord-Møre, har blitt avløyst av ein skole der mest all ungdom mellom 16 og 19 frå Fron og Ringebu har inngangsbillett. Det gamle gymnaset med 19 allmennfagklasaar har i stigande grad blitt yrkesskole, og vil verte det ena meir i åra som kjem, når talet på u7ngdom i skolealder går bratt ned.

Samleskolen har blitt tungdriven. Administrasjonen har vakse, yrkesfaga har tatt med seg ein del av sine særlege styringsordningar inn i det nye systemet, som har blitt nokså uoversiktig og ofte skapar avstand mellom dei som administrerer og dei som skal undervise.

 

Frå boka Historia om Fron, bind II, 1991

 

Éin kommentar

Filed under Verksemder

One response to “Historia om GoL

  1. Det er usigelig trist at politikere uten snøring klarte å ødelegge Gudbradsdak offentlege landsgymnas. Et stort tap for hele Norge.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s