IVAR KLEIVEN: Endeleg nådde vi året 1814, og siste ufredskula med dei gamle grannane våre attafor kjølen braut laus. Alt var som å stire inn i svarte vonløysa: ein mannsterk fiende med stormaktene bak seg, mens i Noreg var det uår, matløyse og eit øydelagd penningstell. Men folket ga ikke opp, og soldatane slost som karar i fillene sine, ofte med kost av heil havre og turrfisk. Eilev Olsson Moen frå Skåbu var med ved Toverud den 19. april 1808. Han reide seg fælt til i slaget med lort og blod og såg fæl ut da han om morgonen råka på Pål Sjurhuset, ein av sambygdingane som ikkje vart med i slaget: Les meir