Ei innestengd bok?

ivarkleiven

Ivar Kleiven (1854-1934)

CARL HENRIK GRØNDAHL: Dei fleste har hørt om Ivar Kleiven og det nybrottsarbeidet han gjorde, da han skreiv det grundige lokalhistoriske verket Fronsbygdin, som kom i 1930. Men kor mange har lese boka? Han skriv godt og levande, Ivar Kleiven, men han skriv med ”ånda og dåmen i di ekte Kviknemåle med or´leggjing og målbruk.” Fronsbygdin er altså skrive på eit målføre slik ”dæ vart tålå” i siste halvdel av 1800-talet. Interessant for nokre få norskfilologar og dei meir enn vanleg språkinteresserte, men eit problem for mange andre. Målforma i boka kan ekskludere lesarar. Denne heimesida vil gjere boka meir tilgjengeleg ved å publisere utdrag på meir normalisert nynorsk.

Kvifor vart Fronsbygdin skrive på målføre? Truleg i forsvar mot den nye tida og lengt etter det som ”har helde seg reinast og mest oskipla.” I perspektiv er det utruleg interessant, det Ivar Kleiven seier i sitt ”Fyryor`”:

Di siste 60-70 åra har vore ei vond ti´ for bygdamålom, frå skula, aviso, bøk og omgang med byfolk, er dæ kome inn så my´ oekte, og den, som tek se for med å skrive bygdamål, har gjenne sjøl ei reim tå framon hud, så´n dreg inn papirmål. Di gamle sa om folk som knota, at ”døm ha fått kalvelort på tonga”, og dæ va å ønskje, at måle i desse boken itte drogst my´ med di slagje.

Godt og rett når ein skriv for sambygdingane sine i nåtid, men språk er noko høgst levande og kan ikkje haldast fast i nostalgi. I dette høve stengjer denne lengten etter det opphavlege utan tvil ei bok som Fronsbygdin inne i ein mykje mindre kulturkrins enn ho fortener.

Denne heimesida har prenta utdrag frå boka – både i opphavleg målform og på meir normalisert nynorsk. Dei normaliserte utdraga er heilt klart mest lese.

For den som vi gje seg i kast med boka, kan det vera godt å vite at professor Andreas Bjørkum laga ei ordliste til Fronsbygdin.

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s