Monthly Archives: mai 2014

På tide vi blir kompisar att

Bilde frå GD

Kvam og resten av dalen har dei siste åra fått oppleve naturen demonstrera kreftene sine på brutal måte, skriv Håkon Sveen i bloggen sin i GD. -Trening gjer mester, heiter det. Men Vårherre, eller kven det nå enn er som styrer med oss, kan da vel snart seie at nok er nok. Vi treng ikkje meire av den type trening nå! Det er da tredje gongen på fire år at vatnet huserer med oss! Er det ikkje på tide vi blir kompisar att – naturen og vi? Vi øydelegg da aldri for deg, natur! Eller gjer vi det?

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Heia jødene

heia-jodeneIsrael Krupp er på plakaten når Jødisk Museum i Oslo markerer de 200 årene med norsk selvstendighet med en utstilling. Det er han som bryter målsnora. Israel Krupp skapte mye i Fron. Frøning ble han kanskje aldri, men han hadde fabrikk i Lia og hus og gard på Tofte.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Idrett, Menn

Ta ut blod av trollkjerringa når ho blir brent

heks

Bilde frå serieliv.no

IVAR KLEIVEN: Ei trollkjerring var brent på den plassen som vart kalla Båle. Da dei følgde ho til rettarstaden, batt dei for augo hennar, for dei ottast for at ho kunne ha makt til å gjere olykke med dei vonde augo sine. Og da ho skulle rettast og dei løyste frå augo hennar så ho fekk dei frie ei lita stund, fjettra ho tre plogkrøkje og tre plogkarar på Steig, men det fjerde krøkje og plogkaren greidde ho ikkje, for der var både plogkaren og krøkje fromsingar, og så var selapinnen gjort av flogrogn. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kvinner

Registreringskurs på Dalseter tysdag 27. mai!

3722441203_5446788a

Utgravingsfelt på botnen av Olstappen i Skåbu. Foto: Kulturhistorisk museum

I samband med kulturminneregistreringa i Skåbu, vil arkeologane arrangere kurs i registrering av kulturminne på Dalseter Høyfjellshotell fyrstkommande tysdag klokka 17.30. Fyrst kan alle kose seg med ein god kaffikopp og noko frukt i konferanserommet, og samtidig få ei teoretisk innføring. Deretter blir det tur til Verksodden for å sjå på fangstanlegg, jernvinneanlegg og nyare kulturminne. Det vil bli utdelt nødvendig utstyr slik at deltakarane kan få prøve seg på registrering. Tanken er at folk kan føle seg betre rusta til å registrere på eiga hand utover sommaren og hausten. Dette er eit viktig bidrag til dei kommunale kulturminneplanane.

Kurset er fyrst og fremst for dei som meldte seg på førre gongen, men ein kan gjerne ta med venner og kjente. Hugs å ta med gode sko og gjerne litt niste!  Vel møtt!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Husgåta i Fron

Låg det eit kloster her? Bilde: Anette Berve

IVAR KLEIVEN: Etter folkesagnet stod det to munkeklostre i Fron i medelalderen, det eine på Grytting og det andre på Rolstad. Om desse husa finst det ikkje noko i gamle fornbrev, men både Gerhard Schjøning og presten Hjorthøy fortel om dei, og den gamle bygninga på Grytting stod ennå i 1775, ettersom Schjøning skriv: Les meir

Éin kommentar

Filed under Folketru, Kommunikasjon

Sankt Olav og ormen

Bilde frå helsenorge.no

IVAR KLEIVEN: Da Sankt Olav kristna dalen og kom til Fron etter slaget på Breden, fór han på vestsida gjennom Ruste og heldt rast på Bø. Somme seier det var på Lomoen. Kongen og mannskapet kvilte og åt under bar himmel, og mens dei reidde opp maten, kom det rennande ein orm mot Olav. Han sette ormen og forbaud han etter den dag å «vise seg mellom Jolun og Golun, mellom Hågåhaugen og Laugen». Og sidan har det ikkje vore sett orm i desse stroka på vestsida av Laugen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Menn

Men kva med dei som slost i 1814?

sjoa

Kvam Historiske Forening og Heidal historielag heidra eidsvollmannen Paul Harildstad i Søre Åmodt på Sjoa. Bilde frå FB-sida til Kvam Historiske Forening.

CARL HENRIK GRØNDAHL: Dei fekk rikt med godord i dag, eidsvollsmennene. Vel og bra. Men kvifor tillet vi oss å gjøyme at i månadene som fulgte etter 17. mai 1814,  blødde og døydde mange unge norske menn for at grunnlova skulle overleve? Og mange av dei var frå Fron. Kvifor får ikkje dei eit einaste godord ved eit slikt jubileum? Kvifor vil vi ikkje minnast at sjeldan har krigsviljen vore så sterk i landet som i 1814? Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Historia om GoL

Har var Sibir, Alaska og mus.

RAGNAR ØVRELID: Slik var starten på Gudbrandsdal landsgymnas, som opna dørene på Vinstra i august 1946: Skoleromma på det gamle sommarhotellet Furuheim, bygt i 1890, var temmeleg primitive, og dei var kalde. Vedomnane greide ikkje å varme opp det gisne huset. To av klasseromma heitte Sibir og Alaska. Men musa likte seg godt mellom dei brune tømmerveggane og sette sitt preg på undervisninga. Les meir

Éin kommentar

Filed under Verksemder

Om Breiveg-slekta

BredeveienbokWENCHE BREDEVEIEN: Interesse for slekt har eg nok arva etter bessmor. Eg har samla slektsopplysninger i mange år, og etter eg vart førtidspensjonist, aksellerte interessa og disponibel tid, og dette arbeidet resulterte i  SLEKTERS GANG, Breiveg-slekta frå Sør-Fron. Og nå er boka ferdig. Slektsboka fortel om slekta mi, og kanskje di?, som i første omgang fekk seg ein husmannsplass å bu og livnære seg på nedpå Breivegen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn

Dei fann kvarandre etter Svartedauen

Pesta kje. Teikning: Theodor Kittelsen

IVAR KLEIVEN: Svartedauen sopte det folketomt både i Kvikne og Skåbu. Berre eit einaste menneske levde att etter sotten, og det var ein ung gut frå Megard i Skåbu. Han tok på vidda og ville leite etter folk som var i live, gjekk over fjellet og kom til Slette i Heidal om julkvelden. Der såg han det lyste gjennom glugga i stuguveggen, han gjekk inn og trefte ei ung jente, som var det einaste menneske i Heidal etter Svartedauen. Frå dei to grodde folket i Heidal opp att. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru