Monthly Archives: april 2014

Fellæte i Gullbransdala

skabujunior

«Fellæte gjor» eit riktig dugeleg framsteg i heile Gullbransdala siste parten tå 1700-tale.» Nokre år seinare: Skåbu juniorspelmannslag har fått eit oppdrag i samband med at kong Olav var her i høve ei krigsminnemarkering på Kvam, truleg i 1987 eller 1988. Med Olav Blekastad, Knut Håvard Iverstuen, Roar Morten Brenden, Roger Slåstuen, Oskar Johansen og Asgeir Dahle.

IVAR KLEIVEN i Fronsbygdin 1930: Fela va sjølsagt dæ instrumente som va best skikkja for å danse ette, men kå ti» ho kom i full bruk i Gullbransdala er dæ nok ingen som veit. Ho ska ha vore kjent i Nori» ti’leg i medeladra, men ein finn ho itte nemnt her i dala i 1600, likevæl er dæ rimeleg at ho kunn» vera brukt her og der fyry 1700. Pålag 1720 fekk «stadsmusikeren» i Oslo forpakta «instrumentalmusikken» synnafjells mot ei årleg avgift åt kongens kasse. Og alle spellmenn som vil låte te dans i bryllaup, aksione hell fri dans i bygdom synnafjells, laut pakte se spellmannsrett tå stadsmusikkera i Oslo. Les meir

Éin kommentar

Filed under Kunst og handverk, Musikk

Tyskarane kjem til Fron

92img353

Tyske trentroppar med feltkjøken på veg nordover. Bilde frå Anne Lise Jørstad Røsand/Vegar Skar

RAGNAR ØVRELID:  23. april 1940 vart Fron fylt av britiske soldatar nordfrå, og norske soldatar som drog seg tilbake frå kampane ved Tretten. Den norske staben tok opphald i Sør-Fron eitt døgn, og Hærens sanitet heldt til på Steig. Det vart oppretta feltlasarett på Frøningsheimen og på Folkets hus i Sør-Fron og på Furuheim i Nord-Fron. Men dei såra soldatane måtte flyttast nordover alt den 24. april. Da var vegane fulla av norske og britiske soldatar på veg nordover til Kvam. Ut på ettermiddagen kunne folk høyre detonasjonane da norske troppar sprengde bruene over Lågen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Så veggjin skolv og heile huse ristast

3125988537

Teikning: Th Kittiilsen

IVAR KLEIVEN i Fronsbygdin 1930: Dæ va rusdrikken som både i 16 og 1700-tale va grunnlage åt all moro i omgangslive, i lag og samkåmo. Live igjenom denne lange tidsbålken va har’t og villt og dæ onde makten år rusdrikka kunn» bli rått og ågålaust. Både i likfer’e, bryllaup og andre samkåmo hendte dæ tidt og jemnt. at dæ braut laust med stygge har’kulo, osemje og slåsting så blo’e rann og hårtoppan fauk, ofte tok folk ska’e på kropp og klæ’e. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Eitt år

google-plus-one-year.151I dag har denne sida vore på nettet i eitt år. Og fordi det er så god tilgang på lokalhistorisk stoff i Fron, har ho vel utvikla seg til å bli ei digital historisk lokalavis. Meir enn 300 innlegg, over tusen bilde, film og videoar sidan starten, og desse innlegga er lesne meir enn 102 000 gonger.  Mest frå Noreg, med òg frå land over heile verda. Vi takkar for interessa så langt.  Det hadde vore triveleg med nokre reaksjonar og innspel på facebook-sida. Er det fleire som vil vera med på å drive denne sida, er dei hjarteleg velkomne.  Her har Fron historielag fått trivelege helsingar frå godt folk: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Dei smurde over ublenda lykter

Tyske stridvogner i Lillehammer

Tyske stridvogner i Lillehammer

RAGNAR ØVRELID: Utover i april 1940 kom det stadig militærkolonner gjennom Fron, både sørover og nordover, og vegstøvet la seg grått på snøkantane. Dei kom med soldatar, med ammunisjon og anna krigsmateriell. Bilar og tog var fulle av ungdom på leit etter avdelingane sine. Etter dei første kaotiske dagane etter 9. april hadde nå general Ruge tatt over som sjef for dei norske styrkane. Det tok til å bli plan og system i den norske militærleiinga. Tanken var å stanse tyskarane i Gudbrandsdalen og Østerdalen, og hindre dei i å nå fram over land til Trondheim. Slik kom Fron i skotlinja. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Bombemålet på Tofte

Var kong Haakon her på flukt i aprildagane 1940?

Var kong Haakon her på flukt i aprildagane 1940?

RAGNAR ØVRELID: I aprildagane i 1940 danna det seg etter kvart segner i Fron om det som skulle ha hendt her. Kong Haakon og heile regjeringa skulle ha vore på Tofte. Gullet frå Norges Bank skulle ha vore på folkehøgskulen på Hundorp. Men det som skjedde, var dette: Statsminister Nygaardsvold og følgjet hans tok seg i kamuflerte bilar opp til Tofte Turisthotel utpå kvelden 12. april 1940. Her var det fullt av evakuerte folk frå Lillehammer og andre stader. Dei var ikkje særleg glade over å sjå statsministeren blant seg: eit opplagt bombemål for tyskarane. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon

-Fron historielag går verda rundt.

gdGD har laga ei sak på at heimesida til Fron historielag har besøk frå heile verda og siterer nettredaktøren: – Eg har aldri opplevd noko liknande. Kven er desse menneska? Vi har treff på sida vår frå land som India, Venezuela, Bulgaria, Romania, Pakistan. Det er nesten ingen land som ikkje har vore på internettsida vår, seier Carl Henrik Grøndahl, nettredaktør for Fron Historielag. 9. mars i år opplevde han at det vart sett ny rekord på heimesida til historielaget som vart oppretta for snart eit år sidan. – Til vanleg ligg vi på 300–400 treff kvar dag. 9. mars hadde vi 1.507 treff. Det som er spesielt er at treffa kom frå ip-adresser frå eksotiske land. Det har vore inne frå fleire land før, men ikkje så mange og ikkje på same tid. 305 av 1.507 treff var frå Norge, resten kom frå andre land i verda. Etter den dagen har det vore stor interesse for nettsida vår – trafikken er der framleis, seier Grøndahl.

Nettsida til Fron historielag er eigentleg ei historisk lokalavis.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kommunikasjon