Tyske soldatar skulle ha mat og sengeklede

92img353

Tyske trentroppar med feltkjøkken på veg nordover utpå sommaren 1940. Dei slo seg ned på gardar og opne stader med alt utstyret sitt, og fyrte og kokte så uforsiktig nær husveggar på feltkjøkkena sine at folk vart livredde. Bilde frå Anne Lise Jørstad Røsand/Vegar Skar

RAGNAR ØVRELID: Våronn vart det ikkje i Fron før ut i mai-juni. 1940. Krigshendingane hindra det. Det same gjorde den seine våren. Så seint som den 25. april kunne soldatane gå over elveisen mange stader. Sør-frøningane var dei som først kom tilbake til den vanlege kvardagen.

Den 29. april hadde dei fleste evakuerte bydefolka kome ned att til gardane og husa sin. Pasientane på gamleheimen var blitt flytta attende til Lillehove etter eit opphald på Alme sjølve krigsdagane. Ingen hadde vore lenger heimanfrå enn at dei kunne kome kvar dag og stelle dyra. Alt den 25. april kunne ein sjå gardbrukarar i arbeid mellom dei tyske soldatane. Mai kom. Kampane i bygdene var over. Men kvardagen vart ikkje normal for det.

Gjennom Fron gjekk det stadige straumar av tyske soldatar og militærkolonnar, på veg nordover til kampane i Trøndelag og Nord-Noreg. Dei måtte bruke riksvegen, ettersom jernbanen var øydelagd i kampdagane. Tyske soldatar kom på dørene, fullt væpna, og skulle ha mat, sengeklede og anna som dei ”rekvirerte”.

På Grytting kom det tyskarar ein dag og skulle kjøpe høy. Bonden vart sint og nekta å selje, men måtte gje seg til slutt. Prisen på høy var da 11 øre kiloet. Tyskarane ville ikkje betale meir enn 10 øre. Bonden synte dei avisa der prisane stod. Tyskarane heldt på sitt. Bonden var rasande. Han reiv opp slirekniven. Men før den tyske offiseren hadde fått tak i pistolen sin, hadde bonden tatt fram skrå, det var det han skulle bruke kniven på. Historia fortel ikkje korleis handelen enda, men rimelegvis fekk tyskaren det som han ville.

Det kom rykte om at alle arbeidslause menn i Fron vill bli tatt og førte bort, og mange trudde på dette. Det vart sagt at tyskarane var svært interesserte i kjerrene på gardane, og i hestane. Så mange heldt hestane sine på sætrane framleis, eller dei hadde dei oppe i skogen og bar opp fôr til dei der. Dei tyske hestane skulle også ha fôr. Så det gjekk hardt ut over vårreservane på fronsgardane. I aprildagane hadde også fjordingane til mørebataljonen på veg sørover fått sin del.

Og tyskarane skulle overnatte. Det vil seie, dei flytte seg gjerne om på natta og kvite om dagen; dei var redde for britiske fly. Dei slo seg ned på gardar og opne stader med alt utstyret sitt, og fyrte og kokte så uforsiktig nær husvegger på feltkjøkkena sine at folk vart livredde.

På Nerbygda skole i Sør-Fron låg det tyske soldatar heile våren 1940, så undervisninga der kom ikkje i stand att før om hausten. På skolen i Kvam kunne det ligge opp til 200-300 tyskarar slike dagar. Dei kom gjerne i 5-tida om morgonen, med hestar, bilar og motorsyklar og kvilte der utover dagen. Det var motorbråk og kommandering. Vaktpostar med bajonettar og luftvernkanonar vart eit dagleg syn.

Sokneprest Nordrum skreiv i dagregisteret sitt den 19. mai – han skulle ta i bruk kapellet ved den nedbrunne kyrkja i Kvam:

Jeg hadde en skrekkelig cyckletur til Kvam, da veien var meget ødelagt. Tyske biler passerte i massevis – likeså meget træn. Det støvet forferdelig.

Store lastebilar og stridsvogner sleit vegdekket heilt ned til pukken, så det vart farleg å gå og sykle, steinsprut frå bilhjula kunne smelle som prosjektil i vegsidene.

 

Frå Historia om Fron, bind II

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s