Daily Archives: 19. april 2014

Heile bygda kunne ikkje vere kyrkjegard

Heilt oppe i Krok, der britane hadde skyestillingar, fekk stallen ein tysk granat gjennom veggen.

«Heilt oppe i Krok, der britane hadde skyestillingar, fekk stallen ein tysk granat gjennom veggen.»

RAGNAR ØVRELID: Krigshandlingane i Kvam frå 25. til 27. april 1940 var over. Etter kvart tok folk seg ned i bygda att. Den øydelagde grenda grein mot dei. Over 70 nedbrunne hus, sundskote bygningar, raserte marker og vegar, og i fjøsa døde eller uthungra krøtter. Men gardbrukarane i Kvam opplevde også å sjå at krøttera hadde fått mat mens folket var borte. Om det var britiske eller tyske soldatar som hadde gitt dyra vatn og høy visste dei ikkje. I revegardane hadde mange sølvrevar og verdifulle platinarevar kasta kvelpane og ete dei opp. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar