Sprenginga av Kvamsporten var mislukka

Minnesmerket over de tre nordmennene som mistet livet på Hillingen den 26. april 1940. De endte sine liv ved den nå falleferdige låven i bakgrunnen. Foto: Per Fredriksen.

RAGNAR ØVRELID: Nordmenn og britar klarte ikkje å stanse den tyske frammarsjen ved Kvamsporten. Den planlagde fjellsprenginga av Kvamsporten fylte området med støv og røyk, men var mislukka. Desutan bar framleis isen på elva mange stader. Nå stod tyskarane i Kvam. og det var mest berre britar att i forsvarslinjene. Torsdag 25. og fredag 26. april raste slaget om Kvam. Fredagen tok ein tysk tropp seg opp i lia til Hillingen for å kome i bakhald på britane ned Veikledalen. Tre norske soldatar som var på flukt til fjells, oppdaga tyskarane og opna eld. Nordmennene skaut så lenge dei hadde ammunisjon, men fall til slut.

Denne fredagen var den kritiske dagen for tyskarane. Bak kyrkja heldt den tyske sjefen, general Pellengah, på å blir drepen, da han skulle gå over flatene der. Tilfeldigvis var det ein underordna offiser som gjekk i staden, og han vart skoten av maskingevær.

s45lite

General Pellengah (nr to frå venstre) i Kvam

Laurdag 27. april braut så tyskarane igjennom. Nord for Kvam, ved Bakkemoen, kom tyske styrkar i bakhald på dei siste britiske stillingane og nedkjempa dei søndagen den 27. april.

Dagen etter, måndag den 28. april, stod tyskarane på Otta, onsdagen den 30. april hadde dei tatt Dombås. Kampen om Gubrandsdalen var over. Måndag den 28. april hadde britane fått beskjed om at alle styrkane deira skulle trekkast ut av Sør-Noreg. Dei som kom seg unna, vart henta i Åndalsnes den 2. mai. Dermed var kampane i Sør-Norge slutt.

 

Få boka Historia om Fron etter 1940.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s