Fellæte i Gullbransdala

skabujunior

«Fellæte gjor» eit riktig dugeleg framsteg i heile Gullbransdala siste parten tå 1700-tale.» Nokre år seinare: Skåbu juniorspelmannslag har fått eit oppdrag i samband med at kong Olav var her i høve ei krigsminnemarkering på Kvam, truleg i 1987 eller 1988. Med Olav Blekastad, Knut Håvard Iverstuen, Roar Morten Brenden, Roger Slåstuen, Oskar Johansen og Asgeir Dahle.

IVAR KLEIVEN i Fronsbygdin 1930: Fela va sjølsagt dæ instrumente som va best skikkja for å danse ette, men kå ti» ho kom i full bruk i Gullbransdala er dæ nok ingen som veit. Ho ska ha vore kjent i Nori» ti’leg i medeladra, men ein finn ho itte nemnt her i dala i 1600, likevæl er dæ rimeleg at ho kunn» vera brukt her og der fyry 1700. Pålag 1720 fekk «stadsmusikeren» i Oslo forpakta «instrumentalmusikken» synnafjells mot ei årleg avgift åt kongens kasse. Og alle spellmenn som vil låte te dans i bryllaup, aksione hell fri dans i bygdom synnafjells, laut pakte se spellmannsrett tå stadsmusikkera i Oslo.

Frå 1730 framette er dæ flerie «forpaktarspellmenn» oppette Gullbrandsdala, og for ein 60 år sea livde dæ gamle folk som minntest sume tå desse «forpaktarom», døm ha dæ te di au, at di spellmennan som ha forpakta musikken i eit distrikt, va overlag go’e spellmenn.

Dæ va jemnt ogrei’e med forpaktingsavgiftom, og statsmusikanten ha ofte desse bygdamusikka på tinge for attskuldaug pakting. Årsavgifta for pakting i ei hell  fleire bygde kunn» vera 4 rd og 1 tylt med rupe, 5 rd og deromkring.

Denne forpaktinga tå bygdamusikka heldt ve te i fyrste årom ette 1814. Ein kann sjå tå di tinglyste forpaktingsbrevom, at dæ i årom omkring 1730 fanst itte så fåe felspellmenn i Gullbransdala, og at fleire tå døm va bra spellmenn skull» itte vera orimeleg.

Den ti’a va dæ nok itte brukt an’n dans hell springdans, «springleik», som n» da va nemnt, og den dansgjer’a va nok ve den ti’a godt innøvd både hos spellmennom og dansarom. Kår springdansen kann vera utstokkjin er kanskje itte di musikkunnauge heilt sikre om, dæ ha vore tymte på at’n kunn» vera kome te»-lands med sigeøinere frå Polen, for springsdansen har my» iblandt vore kalla Pålsdans (polsk-dans.)

At fellæte skull» vera sers godt framvokse her i dala i di fyrste mannsaldra ette 1700, er dæ litor von te, dæ va nok livgardistan og Holsteinkaran som ette midten tå hondeåre ga fellæte ein dugeleg framskuv. I Køpenhamn va dæ eit rikt musikkliv denne ti’a, og di gardistan som lêt på fela da døm sleig i garden, forsømde nok itte å lære se opp – ein kann sålest godt høre, at mange tå di gamle brurmarsom er militærmusikk, gardemarse. Og de Holsteinkarom som lêt på fele, fekk go» ti» te å høre og lære my» både ny og gåmål musikk, den lange ti’a døm låg ørkjelause i imse bye i Holstein. Defor er dæ nok te-felle, at fellæte gjor» eit riktig dugeleg framsteg i heile Gullbransdala siste parten tå 1700-tale.

Éin kommentar

Filed under Kunst og handverk, Musikk

One response to “Fellæte i Gullbransdala

  1. Han kunne ordleggje seg, Ivar Kleiven!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s