Tyskarane kjem til Fron

92img353

Tyske trentroppar med feltkjøken på veg nordover. Bilde frå Anne Lise Jørstad Røsand/Vegar Skar

RAGNAR ØVRELID:  23. april 1940 vart Fron fylt av britiske soldatar nordfrå, og norske soldatar som drog seg tilbake frå kampane ved Tretten. Den norske staben tok opphald i Sør-Fron eitt døgn, og Hærens sanitet heldt til på Steig. Det vart oppretta feltlasarett på Frøningsheimen og på Folkets hus i Sør-Fron og på Furuheim i Nord-Fron. Men dei såra soldatane måtte flyttast nordover alt den 24. april. Da var vegane fulla av norske og britiske soldatar på veg nordover til Kvam. Ut på ettermiddagen kunne folk høyre detonasjonane da norske troppar sprengde bruene over Lågen. Folk i nedre delen av bygda hadde da flytt oppover, i Sør-Fron til Øverbygda. På prestegarden i Sør-Fron sat soknepresten mest aleine att og kjende seg som i ingenmannsland, skriv han.

Litt over klokka ni om kvelden 24. april rulla dei første tyske motoriserte troppane forbi kommunelokalet i Sør-Fron. Dei hadde møtt skyting ved Elstad og Frya, men hadde brote gjennom. Etter dei kome stadig nye regulære tyske troppar. Dei tok seg til rette på dei folketomme gardane langs riksvegen frå Forr til Solbrå, og på skolen og kommunelokalet i Nerbygda, og fòr ikkje pent fram.  Store tyske styrkar vart liggande i Sør-Fron det neste døgnet som støttetroppar for det som skulle skje i Kvam.

Natta før – natt til onsdag 24. april – hadde Mørebataljonen kome nordfrå til Kvam. Soldatane hadde blitt hefta på Dovre, der dei måtte nedkjempe tyske fallskermtroppar. Onsdagen kom også tyngda av britane, nye troppar frå nord og soldatar på retrett frå sør. Men onsdags kvelden stod tyskarane alt på Vinstra. Norske ingeniørtroppar sprengde to spenn på Sundbrua på Vinstra, men det hjelpte ikkje noko særleg, det gjekk berre ut over uthusbygninga på Byre og Amundsens hotell. Vinstra var folketom. Alle hadde rømt opp i Sødorp eller til fjells. Berre ei gruppe gardbrukarar frå Sødorp med hestar hadde møtt opp ved Folkets hus for å berge unna dei militære matlagra der. Det meste fekk dei med seg, men fleire av hestane sleit seg da dei tyske troppane kom ramlande og vart ikkje gjenfunne før fleire dagar etterpå. Dei tyske troppane kom med hestar, lastebilar og tanks. På Vinstra braut dei seg inn i hus og forretningar og forsynte seg med mat, med ur og med briller hos Berge, med hermetikk og sjokolade i kolonialforretningane.

 

Frå boka Historia om Fron etter 1940

 

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s