I dag har denne sida vore på nettet i eitt år. Og fordi det er så god tilgang på lokalhistorisk stoff i Fron, har ho vel utvikla seg til å bli ei digital historisk lokalavis. Meir enn 300 innlegg, over tusen bilde, film og videoar sidan starten, og desse innlegga er lesne meir enn 102 000 gonger. Mest frå Noreg, med òg frå land over heile verda. Vi takkar for interessa så langt. Det hadde vore triveleg med nokre reaksjonar og innspel på facebook-sida. Er det fleire som vil vera med på å drive denne sida, er dei hjarteleg velkomne. Her har Fron historielag fått trivelege helsingar frå godt folk:
Ole Tvete Muriteigen, ordførar i Sør-Fron: Eg vil gratulere Fron historielag med eittårs-jubileum for nettsida. Historielaget har arbeidd godt gjennom mange, mange år, og samla verdifull kunnskap – kunnskap som det er svært viktig å ha med seg inn i framtida. Heimesida blir oppdatert med nye, interessante artiklar, og det faktum at det har vore meir enn 100 000 treff på sida det siste året, stadfestar at interessa er svært stor. Lykke til vidare med eit viktig arbeid.
Olav Røssum, ordførar i Nord-Fron: Eg vil gratulere Fron historielag med dagen i dag. Eitt år med eiga heimeside på internett, med over 100 000 besøk, fortener det. Fron historielag har gjennom mange år lagt ned eit viktig arbeid for bygdene våre. Historia vår gir oss viktig kunnskap om kvar vi kjem frå, korleis vi kom dit og kvar vi er. Og: ikkje minst er det viktig å kjenne vår eiga historie når vi skal skal velja veg framover. Det siste året har Fron historielag si heimeside lagt nok eit godt grunnlag for at historia om Fron skal vera levande i åra som kjem. Heimesida er ein moderne, og lett tilgjengeleg møtestad, for dei som vil vite meir om Fron. Historia kan ikkje endrast, men teknologi i endring gjer det lettare å forstå og lære om det som har vore. Lykke til med viktig arbeid!
Arnfinn Engen, leiar i Gudbrandsdal historielag og Dølaringen: Heimesida til Fron historielag har utruleg mykje spennande stoff. Eg vart sitjande lenge å bla og fann mykje interessant. Vi gratulerer Fron historielag med heimesida og med eittårsjubileet. Alle historielag i dalen burde ha ei slik heimeside.