Tyske fallskjermtroppar over Fron?

Tysk fly styrta ved Fagerli 1940. Bilde frå Johan Brandstad/Vegar Skar

Tysk fly styrta ved Fagerli i april 1940. Bilde frå Johan Brandstad/Vegar Skar

RAGNAR ØVRELID: Mange i Fron var tidleg oppe 9. april 1940. Dei som slo på radioen om morgonen, fekk ikkje inn det vanlege programmet. Dei høyrde berre pausesignalet. Lærar Ringdal i Kvam mintest dette som eit varsel om at noko heldt på å skje. Så kom dagsnyttmeldingane utover morgonen, med stadig nye uhyggelege og uverkelege meldingar om tyske landgangar langs kysten og i Oslo. Likevel var folk i Fron i villreie korleis dei skulle oppføre seg. Dette var ein tysdag, borna gjekk på skole som vanleg, men vart etter kvart sende heim. Dei vaksne prøvde å kome i gang med dagens arbeid, men søkte så saman om radioapparatane, på vegane og på stasjonen, på kafeane for å høyre nytt. Quisling kom i radioen klokka 1930 og sa at Nygaardsvold-regjeringa hadde gått av, og at han fra nå av var landets statsminister. Kva skulle folk tru? Det eine ryktet kunne vere like godt som det andre.

I Fron kjende folk seg trygge ennå, langt unna krigshandlingane. Det var rimeleg å tru at striden om Noreg ville gå for seg langs kysten og i dei store byane. Men etter kvart kom det familiar som hadde evakuert frå Oslo og frå Lillehammer. Frå Oslo kom den store puljen etter flukta frå byen 10. april. Det siste ordinære toget frå Oslo kom til Fron om kvelden 12. april. Det kom fly over dalen, stadig flerie fly, store, grå Junkerar, mange i følgje.

Den 14. april sleppte tyskarane ned fallskjermtroppar på Dovre. Rykta gjekk. Kanskje ville dei gjere det same i Fron og? I Kvam samla folk seg natta til den 15. april. Med hestar og bilar dro dei tømmer frå elva og la stokkane i flakar over heile Klevstadvollen, så fly ikkje kunne lande der.

Før dette hende, hadde ein del av regjeringa reist gjennom Fron. Det var meininga at Kongen og heile regjeringa skulle forlate Trysil natt til den 12. april, etter at Nybergsund var bomba, og ta seg fram over Hamar gjennom Gudbrandsdalen til Otta. Men for ikkje å vekke oppsikt måtte bilane køyre kvar for seg, og dei kom får kvarandre. Statsminister Nygaardsvold og tre statsrådar kom seg gjennom Elverum, Hamar og Lillehammer. Kongen og resten av regjeringa rota seg bort på sperra vegar og vart skremde av rykte om tyske soldatar, og brukte tre døgn gjennom Østerdalen, over Hjerkinn, før dei kom seg over Dovre og til Otta.

Det kjem meir. Følg med.

Frå boka Historia om Fron etter 1940.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s