Daily Archives: 9. april 2014

-Fron historielag går verda rundt.

gdGD har laga ei sak på at heimesida til Fron historielag har besøk frå heile verda og siterer nettredaktøren: – Eg har aldri opplevd noko liknande. Kven er desse menneska? Vi har treff på sida vår frå land som India, Venezuela, Bulgaria, Romania, Pakistan. Det er nesten ingen land som ikkje har vore på internettsida vår, seier Carl Henrik Grøndahl, nettredaktør for Fron Historielag. 9. mars i år opplevde han at det vart sett ny rekord på heimesida til historielaget som vart oppretta for snart eit år sidan. – Til vanleg ligg vi på 300–400 treff kvar dag. 9. mars hadde vi 1.507 treff. Det som er spesielt er at treffa kom frå ip-adresser frå eksotiske land. Det har vore inne frå fleire land før, men ikkje så mange og ikkje på same tid. 305 av 1.507 treff var frå Norge, resten kom frå andre land i verda. Etter den dagen har det vore stor interesse for nettsida vår – trafikken er der framleis, seier Grøndahl.

Nettsida til Fron historielag er eigentleg ei historisk lokalavis.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kommunikasjon

Tyske fallskjermtroppar over Fron?

Tysk fly styrta ved Fagerli 1940. Bilde frå Johan Brandstad/Vegar Skar

Tysk fly styrta ved Fagerli i april 1940. Bilde frå Johan Brandstad/Vegar Skar

RAGNAR ØVRELID: Mange i Fron var tidleg oppe 9. april 1940. Dei som slo på radioen om morgonen, fekk ikkje inn det vanlege programmet. Dei høyrde berre pausesignalet. Lærar Ringdal i Kvam mintest dette som eit varsel om at noko heldt på å skje. Så kom dagsnyttmeldingane utover morgonen, med stadig nye uhyggelege og uverkelege meldingar om tyske landgangar langs kysten og i Oslo. Likevel var folk i Fron i villreie korleis dei skulle oppføre seg. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon