
Leiaren i Fron historielag Anders Hage legg fram årsmeldinga for 2013 på årsmøtet på Sygard Grytting. Foto: Carl Henrik Grøndahl
Så mange som 55 møtte fram på årsmøtet på Sygard Grytting. Ingen stor strid om årsmeldinga 2013. Blant høgdepunkta: Lanseringa av boka Fronsbygdin 2013 var på Dale-Gudbrands gard 31. oktober. Heile 75 møtte fram. Boka kom ut for tiande gong og hadde derfor 16 sider ekstra. Gard Espeland prata om oppbygginga av boka. Rasmus Stauri fortalde om Einbusalen og måleria der. Odd Jan Skriubakken fortalde om arbeidet med artiklane sine «Husmannplassane under Ulberg» og «Slik levde vi i Huse». Ole Christian Risdal viste filmen «Seterreise på Isum». Denne ligg nå ute på historielaget si heimeside.