Slik enda vintersetringa på Furuseter i 1933

VintersetringFRIDE GUNN RUDI: Historia om vintersetringa på Furuseter i 1933 er både spesiell og interessant, men vinteren fekk ein trist utgang. I tidlegare tider hende det at ein låg på setra med dyr om vinteren. Da slapp ein det kalde og langvarige arbeidet med å kjøre heim høyet med hest og slede. Setring har i uminnelege tider vore spiskammeret og reservelageret for folk og dyr.


Sommaren 1933 var det svært tørt, og det vart berre små fôravlingar heime i bygda. Også generelt var det ei vanskeleg tid. Dette var dei harde 30-åra. Mor mi, Kjellaug Bergseth (1923-2012) kunne hugse at dei plukka kornet for hand ned på Melgardsjordet dette året, fordi halmstråa var så stutte. Det var også lite fôr å gå mot vinteren med, og truleg var det også lite hamn å sleppe dyra på når dei skulle komme heim frå fjellet. Og den gongen var det sjølvsagt ikkje like enkelt som i dag å hente heim fôret som var hausta på setra. Derfor var det eit betre alternativ å la både kua og budeia bli på setra over vinteren. Der var det trass alt ein del fôr frå seterkva, og truleg også hamn til dyra utover hausten.
Det har ikkje vore vanleg med vintersetring eller «vinterlego» som det ofte vart kalla, i dette område så langt folk kan hugse. Det var fyrst og fremst i Nord-Gudbrandsdalen at dette var brukt. Men vi veit at det også finst døme på vintersetring i Sør-Fron, og kanskje har det også vore vintersetring på Furuseter i tidlegare tider – kanskje også meir eller mindre fast busetnad om vinteren. Og på Furuseter er det fleire hus enn det som er vanleg. I tillegg til selet er det ei «Veslestugu», som ho blir kalla, ei vinterstugu, ein stall med trev, ein låve og eit fjøs med plass til både storfe og småfe.
Låg setra langt frå garden, var det vanleg å bruke vinterstugu når ein kjørte heim høy om vinteren. Ein kjørte da innover ein dag, overnatta i vinterstugu og kjørte ned att neste dag. Dette var spesielt aktuelt midt på vinteren, når dagane var stutte.
Oldemor mi, Mathilde Forr Melgard var 53 år og seterbudeie vinteren 1933. Mathilde var til saman vel 50 somrar på setra. Med seg hadde ho tanta mi, Oddbjørg, som da berre var fem år gamal og for ung til å byrje på skulen. Det var sikkert godt med litt selskap, og litt kunne ho nok hjelpe til. Ei ungjente som heitte Sigrid var også med. Ho var på Melgard mot betaling, fordi ho ikke var heilt som ho skulle, som ein sa den gongen. I dag ville vi vel sagt at ho var psykisk utviklingshemma. Det var vanleg at dei som ikkje var i stand til å greie seg sjølve, vart sett bort på gardane mot betaling. Kor mykje praktisk hjelp det var å ha henne på setra, er usikkert, fordi Mathilde ikkje torde å la ho og Oddbjørg vera åleine i lag i lengre tid. Mathilde var nemleg redd for at Sigrid kunne vere lei mot Oddbjørg.
I fjøset hadde Sigrid og Oddbjørg fast jobb med å sope fjøsgolvet. Oddbjørg skulle lyse med lykta, medan Sigrid skulle sope. Men da bestemota kom og skulle sjå etter korleis de gjekk, var det alltid Oddbjørg som sopte og Sigrid som lyste.
Oddbjørg kan ikkje hugse sikkert om dei hadde med seg høner på setra denne vinteren, men geiter hadde dei med.
Det kunne nok bli lange dagar med mykje slit for å halde det daglege i gang. Berre det å få inn ved og å dra vatn nede frå elva Lysa var tungt arbeid. Til dyra vart det brukt smelta snø, som var lettare å hente. Men også snøen skulle fraktast inn i fjøset og fordeles utover til dyra. Så det var nok ikkje mykje fritid, og einsamt kunne det nok stundom også bli for både store og små innpå fjellet langt frå folk. Ekstra einsamt var det nok for vesle Oddbjørg, men ho laga seg ei leikarstugu oppe på stalltrevet. Barn er ofte flinke til å finne på slikt.
Kontakt med andre folk hadde dei når det kom forbi høy- eller mosekjørarar som hadde vore lenger inn på fjellet. Det var bedne inn på kaffi. Amund Almehagen var flink med små barn. Han tok Oddbjørg på fanget og sa at han var «kjærasten» hennar. Ein gong Johannes Stebergløkken og Amund kom kjørande, sprang Oddbjørg dei i møte for å få sitja på lasset. Det hadde også Sigrid tenkt å gjere, men ho vart for sein, fordi ho skulle sminke seg fyrst. Sminka var raudt kreppapir, som dei vætte og gnidde på seg for å få fine raude kinn.
Av kjørekarane fekk dei også høyre nytt frå bygda. Det var ingen radio på setra, slik at det var ikkje råd å halde seg orientert om kva som skjedde, men ein gong imellom kom karane frå Melgard innover. De brukte dei å hogge bar rundt kantane på hamnkvea. Denne tilleggskosten skulle nok druge ut fôret.
Dei som var att heime, måtte sjølvsagt feire jula der. For Oddbjørg var det store spørsmålet om nokon skulle kome innover med julegaver. Men nissen kom ikkje dette året. Fyrst andredag jul kom den eldste systera, Marta Melgard (Nyhus), innover på spark. Ho var da tretten og eit halvt år. Sparken var heimelaga og temmeleg skral, og ho kunne hugse at ho for huggustups over han i møte med ei hesteruke omtrent halvvegs. Men det gjekk på eit vis, sjølv om hestevegen sikkert ikkje var godt underlag for å sparke. Gava ho hadde med til Oddbjørg, var ein liten raud koffert frå mora, og ein stakk med fullt av treperler på. Kofferten har ho enda, og ho kan hugse at stakken låg i ei lita kiste oppå andrehøgda heime. Kista hadde faren, Josef Melgård (1899-1969), kjøpt i Oslo.
Men fyrst i mars kom det dårleg nytt frå heime. Mora, Sørine, som da var berre 33 år gamal, hadde vorte sjuk. Ho hadde fått giktfeber for tredje gong, og denne gongen hadde det slått seg på hjarta. Det vart ikkje anna råd enn å ta dyra og flytte heim. Oddbjørg kan hugse at faren og ein mann kom 12. mars for å hente to kyr som dei var redde snart skulle kalve. Da skulle ho og bestemora fylgje dei om lag ein km lenger fram til Nysetra. Der budde det to ugifte kvinnfolk og ein kar heile året. Her vart dei bedne inn da dei gjekk forbi. Desse to kvinnene hadde klede sydd av strie og tørkle på hovuda. Attfor glasa hadde dei ullteppe, truleg for å halde kulda ute. Difor vart det ganske mørkt inne hos dei. Oddbjørg vart redd og torde ikkje sleppe stakken til bestemora. Dei fekk servert te kokt av einer. På denne setra hadde dei ikkje komfyr, men steikte kaker mellom to heller inni peisen.
Den 14. mars kom karane innover att for å hente resten. På kujura batt dei ull-luver for at dei ikkje skulle bli kalde. I ei trekasse oppå hestesleden sat Oddbjørg i lag med sengeklede og potteplanter. Ettersom geitene vart keie, vart dei også lagt opp på sleden for at dei skulle få kvile seg.
Vel heimkomen sprang Oddbjørg nedi fjøset for å sjå korleis det gjekk med dei to kyrne som hadde vorte henta to dagar før. Dei heldt på å kalve, så det var nok i grevens tid at dei hadde kome heim.
Dei andre ungane hadde fått «kufsa» – meslingar – og var svært sjuke av det. Oddbjørg fekk det også., og ho kan hugse at ho fekk 25 øre av Gustav Forr (1876-1950) for at ho skulle liggje roleg. Men Sigrid, som også hadde fått det, måtte heile tida opp og bortåt glaset for å sjå på karane som dreiv og slakta grisar. Det hadde seg slik at for å utnytte fjøset om vinteren, hadde dei sett inn fullt med gjøgriser i von om litt kjærkommen ekstrainntekt i ei dårleg tid. Men da kua kom heim, måtte grisene vike plassen. Oddbjørg kan hugse at det heldt på mange karar med dette arbeidet.
På bakstugu oppe i andre etasje låg mora for døden, så det var nok ei utriveleg stemning på heile garden. Dei hadde ei helsesøster til hjelp, men ho ville ikkje høyre snakk om at dokter Grønning skulle hentast, fordi han var så omdiskutert. Mange meinte han var både drikkfeldig og ureinsleg. (Sjå Fronsbygdin 2009.) Mathilde kunne seinare ikkje tilgje seg sjølv at han likevel ikkje vart henta. Men det er nok lite truleg at Sørine ville ha overlevd likevel. Hø døydde 24. mars. Attende sat mannen Josef og sju ungar. Martha var den eldste og Sverre den yngste, tre år gamal. Einaste trøysta var vel at dei hadde bestemor Mathilde på garden. Ho vart ei god reservemor for syskenflokken.
Mor kan hugse at dei skulle ha ut hesten på garden, Veslesvarten, dagen etter at mora var død. Glaset oppe på rommet der den døde låg, sto oppe, hesten såg dit opp og kneggja. Han forsto nok kva som hadde hendt.
Slik enda vintersetringa på Furuseter i 1933 litt tidlegare enn det som var planen. Fôret som var att på setra, vart truleg kjørt heim, og fleire overvintringar vart det ikkje.
Litt utpå 1970-talet var det også slutt på den vanlege seterdrifta, både på Furuseter og mange andre stader elles på Østkjølen. Mange slutta med mjølkeku, og den tradisjonelle seterdrifta vart for tungvint.

Kjelder: Lars Reinton: Til seters. Oslo 1976.

Frå Fronsbygdin 2012.

 

 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner, Setring

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s