Monthly Archives: april 2014

Tyske soldatar skulle ha mat og sengeklede

92img353

Tyske trentroppar med feltkjøkken på veg nordover utpå sommaren 1940. Dei slo seg ned på gardar og opne stader med alt utstyret sitt, og fyrte og kokte så uforsiktig nær husveggar på feltkjøkkena sine at folk vart livredde. Bilde frå Anne Lise Jørstad Røsand/Vegar Skar

RAGNAR ØVRELID: Våronn vart det ikkje i Fron før ut i mai-juni. 1940. Krigshendingane hindra det. Det same gjorde den seine våren. Så seint som den 25. april kunne soldatane gå over elveisen mange stader. Sør-frøningane var dei som først kom tilbake til den vanlege kvardagen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Spytta han i anletet

FronOSR2Korleis var det å vera tenåring under krigen? Oddrun Rudland frå Stormorken i Kvam var knapt 13 år da Noreg vart okkupert i 1940. – Ein og annan privat fest var det. Da hende det at vi vart forstyrra av tyskarane. Eg trur ikkje dei kom for å skræme oss. Dei var unge, dei òg, ville gjerne vera med i dansen. Men vi var for unge til å skjøne at desse unge soldatane var folk, dei og.  Ein ung tyskar baud meg opp til dans ein gong. Da spytta eg han rett i anletet. Det ville eg aldri gjort i dag. Men vi var nok redde tyskarane, fordi vi vart skræmde med dei og innprenta å halde avstand, fortalde ho i ein samtale med Ivar Myrstad i 2005. Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kvinner

På hogget

Det er utruleg mange godbitar i det bildematerialet som Vegar Skar har skanna inn frå Fron. Dette er eit storarta tidsbilde frå Arne Aasmundstad. Kva for eit spel? Du finn fleire slike bilde i albumet «Hjarteknusarar» på Facebook-sida til historielaget.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Kan du sele på ein hest?

hestesele

«De fleste som har sittet bak en hesterumpe kjenner den nordiske arbeidselen, bogtreselen. Dette er en sele som opprinnelig er utviklet for tunge lass i lavt tempo, gjerne med lave drag. Den nordiske bogtreselen har en stor fordel ved at bogtreet er justerbart. Dermed kan én sele tilpasses flere hester i noenlunde samme størrelse.» Frå Hesteforum Forums

Lyst til å lage ein video? Som fortel noko om Fron før i tida? Vera med på historielagets videokonkurranse? Med premiar på til saman 10 000 kr? Meld gjerne frå i kommentarfeltet her om du tenkjer på det, så veit vi litt meir og kan ha kontakt.  Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Uncategorized

Vart skoten da ho skulle hente meir klede

Ennå er det ikkje over: «Ny E6 bygges nå fra Vinstra til Sjoa. På Kvam har de imidlertid støtt på utfordringer i form av etterlatenskaper fra krigens dager. Forsvaret skal nå undersøke området nærmere før entreprenøren får fortsette. Funnet ble gjort ved Kjørem grendehus, ca. 4–5 km nord for Kvam.»  Foto: Einar Almehagen, GD  1. april 2014.

RAGNAR ØVRELID: Tre sivile bygdefolk vart drepne i kampane i Kvam i april 1940. Den første var ein danske, Søren Sørensen, som budde på Svarthaugen. Han såg at garden tok til å brenne og la på sprang nedover for å redde grisane. Etter kampane fann dei han ved jernbanelinja med tre kuler gjennom hovudet. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar

Sprenginga av Kvamsporten var mislukka

Minnesmerket over de tre nordmennene som mistet livet på Hillingen den 26. april 1940. De endte sine liv ved den nå falleferdige låven i bakgrunnen. Foto: Per Fredriksen.

RAGNAR ØVRELID: Nordmenn og britar klarte ikkje å stanse den tyske frammarsjen ved Kvamsporten. Den planlagde fjellsprenginga av Kvamsporten fylte området med støv og røyk, men var mislukka. Desutan bar framleis isen på elva mange stader. Nå stod tyskarane i Kvam. og det var mest berre britar att i forsvarslinjene. Torsdag 25. og fredag 26. april raste slaget om Kvam. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon

Fellæte i Gullbransdala

skabujunior

«Fellæte gjor» eit riktig dugeleg framsteg i heile Gullbransdala siste parten tå 1700-tale.» Nokre år seinare: Skåbu juniorspelmannslag har fått eit oppdrag i samband med at kong Olav var her i høve ei krigsminnemarkering på Kvam, truleg i 1987 eller 1988. Med Olav Blekastad, Knut Håvard Iverstuen, Roar Morten Brenden, Roger Slåstuen, Oskar Johansen og Asgeir Dahle.

IVAR KLEIVEN i Fronsbygdin 1930: Fela va sjølsagt dæ instrumente som va best skikkja for å danse ette, men kå ti» ho kom i full bruk i Gullbransdala er dæ nok ingen som veit. Ho ska ha vore kjent i Nori» ti’leg i medeladra, men ein finn ho itte nemnt her i dala i 1600, likevæl er dæ rimeleg at ho kunn» vera brukt her og der fyry 1700. Pålag 1720 fekk «stadsmusikeren» i Oslo forpakta «instrumentalmusikken» synnafjells mot ei årleg avgift åt kongens kasse. Og alle spellmenn som vil låte te dans i bryllaup, aksione hell fri dans i bygdom synnafjells, laut pakte se spellmannsrett tå stadsmusikkera i Oslo. Les meir

Éin kommentar

Filed under Kunst og handverk, Musikk

Tyskarane kjem til Fron

92img353

Tyske trentroppar med feltkjøken på veg nordover. Bilde frå Anne Lise Jørstad Røsand/Vegar Skar

RAGNAR ØVRELID:  23. april 1940 vart Fron fylt av britiske soldatar nordfrå, og norske soldatar som drog seg tilbake frå kampane ved Tretten. Den norske staben tok opphald i Sør-Fron eitt døgn, og Hærens sanitet heldt til på Steig. Det vart oppretta feltlasarett på Frøningsheimen og på Folkets hus i Sør-Fron og på Furuheim i Nord-Fron. Men dei såra soldatane måtte flyttast nordover alt den 24. april. Da var vegane fulla av norske og britiske soldatar på veg nordover til Kvam. Ut på ettermiddagen kunne folk høyre detonasjonane da norske troppar sprengde bruene over Lågen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Så veggjin skolv og heile huse ristast

3125988537

Teikning: Th Kittiilsen

IVAR KLEIVEN i Fronsbygdin 1930: Dæ va rusdrikken som både i 16 og 1700-tale va grunnlage åt all moro i omgangslive, i lag og samkåmo. Live igjenom denne lange tidsbålken va har’t og villt og dæ onde makten år rusdrikka kunn» bli rått og ågålaust. Både i likfer’e, bryllaup og andre samkåmo hendte dæ tidt og jemnt. at dæ braut laust med stygge har’kulo, osemje og slåsting så blo’e rann og hårtoppan fauk, ofte tok folk ska’e på kropp og klæ’e. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Uncategorized

Eitt år

google-plus-one-year.151I dag har denne sida vore på nettet i eitt år. Og fordi det er så god tilgang på lokalhistorisk stoff i Fron, har ho vel utvikla seg til å bli ei digital historisk lokalavis. Meir enn 300 innlegg, over tusen bilde, film og videoar sidan starten, og desse innlegga er lesne meir enn 102 000 gonger.  Mest frå Noreg, med òg frå land over heile verda. Vi takkar for interessa så langt.  Det hadde vore triveleg med nokre reaksjonar og innspel på facebook-sida. Er det fleire som vil vera med på å drive denne sida, er dei hjarteleg velkomne.  Her har Fron historielag fått trivelege helsingar frå godt folk: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon