Monthly Archives: mars 2014

Calle Jularbo på Vinstra

Mange år seinare: Harald Rudi og bassen saman med Fron trekkspillklubb

HARALD RUDI: Dersom minnet er rett, var det i 1952 at den svenske gamaldanskongen Calle Jularbo turnerte i Gudbrandsdalen fyrste gongen. Som rimeleg var stoppa kvartetten for å underhalde på Vinstra. Dette var heller sjeldan kost den gongen, og det vart fortalt at det kom folk heilt frå Skjåk uvisst om dei fekk billett eller ikkje. Bakaren på Vinstra kommenterte dette med følgjande replikk: «Jau, frå Skjåk kom tu på sykkel, og tu på måfå.» Fortel noko om tida, det! Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Musikk

-Å være dobbeltagent er en risikosport

På vei til møter med «ungdomsattacheen» som var KGB-agent, skulle Knut Ringstad være forsiktig. Bytte av bane på Tøyen T-banestasjon var ett av «triksene» for å lure Overvåkingspolitiet. FOTO: Dan P. Neegaard Aftenposten

AFTENPOSTEN 17.3.2014:  Eidsivating lagmannsrett fikk 25. mars 1985 et solid innblikk i to menneskeskjebner og to ulike veivalg i møtet med KGB: Den tidligere diplomaten og embetsmannen Arne Treholt satt på tiltalebenken. Den tidligere studenten og ungdomspolitikeren, frøningen Knut Ringstad sto i vitneboksen og forklarte seg bak lukkede dører. For også Knut Ringstad ble forsøkt vervet av KGB, da han var 22 år gammel. Men den unge politikeren gikk rett til det norske overvåkingspolitiet. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Thranerørsla i Fron

Einar Hovdhaugen (1908-1996) politikar og bondehøvding, skreiv dei to binda om Gardar og slekter i Fron. I 1978 fekk han Norsk kulturråds pris for lokalhistorie.

Einar Hovdhaugen (1908-1996) politikar og bondehøvding, skreiv dei to binda om Gardar og slekter i Fron. I 1978 fekk han Norsk kulturråds pris for lokalhistorie. Foto: Torbjørn Mathisen/Vegar Skar

EINAR HOVDHAUGEN: Det var på mange måtar ein fortvila situasjon som rådde i bygdene her i 1850-åra. Standsskilnaden og det skarpe sosiale skille, som serleg voks fram og markerte seg sterkt på 1800-talet, utvikla seg til ein sår og vond sirkel, som vi først i vår tid har greidd å bryte ut av. Det er forståeleg at Thranerørsla greip om seg i Nord-Fron. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Ruste é gamledågå 1

OLE CHR. RISDAL: I 1985 hadde elevane på Ruste skole eit spennande prosjekt. Dei var svært interessert i å få vete meir om gamle tradisjonar, og fekk tak i folk som kunne vise fram kultur, tradisjonar og handverk. Dei kalla prosjektet «Ruste é gamledågå» og sørga for at det vart filma. Det viste seg at Birgit og Reidar Haugen i Ruste hadde filmen, og eg fekk ein kopi av den. Historielaget sender hermed ein stor takk til desse! Her er det sikkert mange som kjenner att både seg sjølv og andre. På filmen er det berre sett namn på instruktørane. Filmen er på halvannan time og måtte delast opp i tre delar. Dette er del 1.

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Verksemder

Gåmålt frå Qvam

gammaltÅrets første «Gåmålt» er komme frå trykkeriet, melder Kvam Historiske Forening. Mellom anna med ein artikkel om da Bjørnstjerne Bjørnson kom til folkehøgskulen. Får du ikkje bladet, stikk innom Abaris, så skal det bli ei råd, seier Facebook-sida til foreninga.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Guds stebarn i Fron

sorfron_prestegard

Det var her han budde, Søren Lemmich, men dette huset er bygd etter hans tid, for prestegarden brann over hovudet på han i 1806. I 1943 tok flammane også huset på dette bildet.  .

CARL HENRIK GRØNDAHL: Søren Lemmich heiter ein mann. Han var sokneprest i Fron i halvanna år for meir enn 200 år sidan. Berre eit namn i historia med nokre turre fakta. Men les vi bak dei sparsame, saklege opplysningane, finn vi det stoffet som romanar er laga av.  Søren Lemmich må ha vore eit Guds stebarn på jorda. Han «hadde en ublid skjebne og ble forfulgt av uhell. Tragisk var hans liv, og tragisk var hans død.» Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Infomøte om kulturminne på Dalseter

Arkeolog Hildegunn Haanes Ruset orienterte om den ny kulturminneplanen.

Arkeolog Hildegunn Haanes Ruset orienterte om den nye kulturminneplanen.

OLE CHR. RISDAL: Torsdag kveld var det infomøte om dei nye kulturminneplanane i Nord-Fron, Sør-Fron og Gausdal. Det passa bra at det var lagt til Dalseter Høyfjellshotell da dette er midt i kjerneområdet for dette arbeidet. Les meir

2 kommentarar

Filed under Informasjon