Calle Jularbo på Vinstra

Mange år seinare: Harald Rudi og bassen saman med Fron trekkspillklubb

HARALD RUDI: Dersom minnet er rett, var det i 1952 at den svenske gamaldanskongen Calle Jularbo turnerte i Gudbrandsdalen fyrste gongen. Som rimeleg var stoppa kvartetten for å underhalde på Vinstra. Dette var heller sjeldan kost den gongen, og det vart fortalt at det kom folk heilt frå Skjåk uvisst om dei fekk billett eller ikkje. Bakaren på Vinstra kommenterte dette med følgjande replikk: «Jau, frå Skjåk kom tu på sykkel, og tu på måfå.» Fortel noko om tida, det!

Jularbos kvartett var samansett av to trekkspel, gitar og kontrabass. På fyrste benk i salen på Fokets hus sat ein spent fjortenåring som til da kjende svært lite til slike store feler. Bassisten var sjølvsagt dyktig, men au ein skøyar. Midt i leiken svinga han instrumentet på piggen, til latter i en fullsett sal.

Men det var ikkje det akrobatiske som greip tak i meg, men klangen i instrumentet. Ein kan merke seg at kvartetten ikkje nytta høgtalaranlegg, difor vart klangen ekte. Svenskane vannn publikum, og musikken deira låg på tunga til mange midtdølar i lang tid etterpå.

Tida gjekk, og ved eit slumpetreff kom det for dagen at det stod ein kontrabass på Vinstra. Dette var eit instrument som Vinstra Musikklag hadde overteke etter Pål Kluften. Bassen stod i forvaring i ei finerkasse på pakkbua til O. C. Berg. Da han ikkje var i bruk, enda det med at eg fekk ta han heim – til stor fortviling for mor mi – far spelte trekkspel i ungdomen.

Ikkje visste eg korleis eg skulle stemme han, eller kven eg kunne spørja om hjelp. Bassen vart ståande urørt et heilt år, men i mellomtida hadde eg begynt å klemme på trekkspelknappar. Såleis lærte eg kvintsirkelen, vidare korleis bassen skulle stemmast.

Etter eit år ved Gudbrandsdal offentlege landsgymnas vart eg kjend med ein elev utanfrå som spelte trekkspel. Vi vart einge om å øve og lære oss nokre melodiar, slik at vi så smått kunne avløyse den elektriske grammafonen i pausene ved elevfestane på gymnaset. Denne kontakten heldt vi liv i heile gymnastida, men etter kvart kom eg i kontakt med andre spelmenn.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Musikk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s