
Mange år seinare: Harald Rudi og bassen saman med Fron trekkspillklubb
HARALD RUDI: Dersom minnet er rett, var det i 1952 at den svenske gamaldanskongen Calle Jularbo turnerte i Gudbrandsdalen fyrste gongen. Som rimeleg var stoppa kvartetten for å underhalde på Vinstra. Dette var heller sjeldan kost den gongen, og det vart fortalt at det kom folk heilt frå Skjåk uvisst om dei fekk billett eller ikkje. Bakaren på Vinstra kommenterte dette med følgjande replikk: «Jau, frå Skjåk kom tu på sykkel, og tu på måfå.» Fortel noko om tida, det! Les meir