Thranerørsla i Fron

Einar Hovdhaugen (1908-1996) politikar og bondehøvding, skreiv dei to binda om Gardar og slekter i Fron. I 1978 fekk han Norsk kulturråds pris for lokalhistorie.

Einar Hovdhaugen (1908-1996) politikar og bondehøvding, skreiv dei to binda om Gardar og slekter i Fron. I 1978 fekk han Norsk kulturråds pris for lokalhistorie. Foto: Torbjørn Mathisen/Vegar Skar

EINAR HOVDHAUGEN: Det var på mange måtar ein fortvila situasjon som rådde i bygdene her i 1850-åra. Standsskilnaden og det skarpe sosiale skille, som serleg voks fram og markerte seg sterkt på 1800-talet, utvikla seg til ein sår og vond sirkel, som vi først i vår tid har greidd å bryte ut av. Det er forståeleg at Thranerørsla greip om seg i Nord-Fron.

Det vart stifta arbeidarforeiningar, og «Thranebladet» hadde mange lesarar. Thrane hadde eit klårt syn for den sosiale urett som rådde, og var ein fin og rettenkande mann. Dommen over han er ein skamflekk i vår historie. Han var ein av dei menn som er for tidleg ute, men som likevel brøyter veg for reformer som måtte koma.

Førarane for husmennene i Nord-Fron var Hans Hågåstugun og Tord Kvålsøyen. Det var brør. Båe to hedersmenn, kloke menn med sunnt folkevett, som det er all grunn til å minnast med vørnad. På Lilletinget i Oslo i 1851 møtte ein Pål Heredala frå Kvam for Nord-Fron.

Thrane-rørsla vart slått ned med hard hand. Det heile roa seg og vart som før, men tankane levde vidare. Hans Hågåstugun søkte fridom og framtid på ein annen måte. Ein 5 – 6 år etterpå reiste han til Amerika med kone og 4 barn. Ein av sønene hans vart prest i Amerika.

Jamvel for oss som kan vera etterpåkloke, er det vanskelig å øygne konstruktive løysingar. Grunnproblemet var at bygda var sterkt overfolka. Sjølv med maksimalt utnytta næringsressursar var det ikkje levelege næringsvilkår for alle. Husmannsløna hadde vore fast gjennom lange tider. Ho var låg, men om bøndene hadde evne til å betale så mykje meir er eit anna spørsmål. I eit naturhushald spelar elles ikkje lønna den dominerande rolle som i et pengehushald. Gjennom husmannstida merkar ein nok ein viss tendens til høgding av den faste avgifta på plassane. Bøndene hadde ei konservativ innstilling til alle endringar.

Det er også tvilsamt om større fridom for arbeid etter tilseiing etter vanleg husmannsløn ville vore til nokor hjelp. Det ville nok stilt husmannen friare til å søke anna arbeid og gitt han meir tid til å arbeide på plassen. Men vi ser f.eks i 1836-40, dei harde nødsåra, da bøndene til dels innskrenka bruken av den rett dei hadde til tilseiing til arbeid, at husmennene klagar over det. Garden var likevel ein fast arbeidsplass, og gav dei ei viss trygd.

Thranerørsla visste kor fortvila situasjonen i det norske bygdesamfunnet var, og var eit førebod om ei utvikling som måtte koma, men slik situasjonen var, var det lite ein kunne gjerne ved det.

Thranerørsla sovna vekk. Men ho tente til å skjerpe klassemotsetningane i bygdasamfunnet. Så kom utvandringa. Folkepresset vart mildna. Eit nytt syn på menneskeverd og samfunnstilhøve voks etterkvert fram. Dei sosiale motsetningar heldt seg og vart til politiske motsetningar.

Frå Gardar og slekter i Fron, bind II

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s