Guds stebarn i Fron

sorfron_prestegard

Det var her han budde, Søren Lemmich, men dette huset er bygd etter hans tid, for prestegarden brann over hovudet på han i 1806. I 1943 tok flammane også huset på dette bildet.  .

CARL HENRIK GRØNDAHL: Søren Lemmich heiter ein mann. Han var sokneprest i Fron i halvanna år for meir enn 200 år sidan. Berre eit namn i historia med nokre turre fakta. Men les vi bak dei sparsame, saklege opplysningane, finn vi det stoffet som romanar er laga av.  Søren Lemmich må ha vore eit Guds stebarn på jorda. Han «hadde en ublid skjebne og ble forfulgt av uhell. Tragisk var hans liv, og tragisk var hans død.»

Det er Anton Tagestad som skriv om han i Fronsbygdin 2004: «Tidlege prestar og kapellanar i Fron.» Tagestad er ikkje nøgd med Ivar Kleivens oversyn over prestane i Fron i boka Fronsbygdin (1930).  Om Søren Lemmich har Kleiven både lite og gale opplysningar. Tagestad går til ei bygdebok for Asker. Der er soga om Lemmich fortald slik at ein kan sjå konturane av eit merkeleg liv. Eg har funne litt meir i Riksarkivet. Så er det berre å bruke fantasien.

Søren Lemmich blir fødd i Eiker i 1855. Far hans er prest, og Søren må ha studert teologi i København. Han er ferdig i 1774, 19 år gamal.  Noko flogvit er han nok ikkje. Tvert om. «Hans eksamener var ikke gode, heller det motsatte.» Han får jobb som personellkapellan hos far sin, som da er sokneprest i Høland. Her forelskar Søren seg i ei korporalsdotter,  Marthe Heyerdahl. Dei blir trulova, men ho slår opp og veljer seg ein rik bonde.  Ho skal til alters med han, men da er gamle Lemmich død like før, og sonen, gamalkjærasten, står som prest ved alteret idet ho kjem opp kyrkjegolvet. Ho ser det og svimar av.

Så flakkar Søren Lemmich rundt som kapellan på Austlandet. Omsider blir han konstituert sokneprest i Bamble, men dei vil ikkje ha han, og ein annan teolog blir tilsett. Han giftar seg i Vestfold i 1788 med Petronelle Carine Winge. Kort lykke, for ho døyr frå han og dottera Severine Dorothea året etter. Sorga sit ikkje lenge i, for same året, 1789, giftar han seg med Agathe Kiep frå Eidsvoll.

Men han har ikkje jobb og ikkje levebrød. Det må ha hefta noko ved han, for i åra 1790 til 1792 søkjer han 12 kall – og får ingen av dei. Han er den eldste kapellanen i distriktet. Altså ein kar som heng etter og ikkje får eit embete som alder og erfaring skulle gje han.  Så – endeleg – blir han tilsett som sokneprest i Asker i 1799. Eit feitt kall, må ein tru. Men han rotar det til for seg. I 1803 har han ei gjeld på 1404 rdl for eit parti salmebøker han hadde i kommisjon. Så hender det noko rart. Han kan ikkje hatt godt ord på seg for måten han røkta kallet på i Asker, Søren Lemmich, for i 1805 fer kapellanen i Bærum til København og får jobben til Lemmich. «Dette var meget merkelig», skriv Tagestad. Kva var det med Lemmich som dreiv han frå dei grøne grasgangane?

København fortel Søren Lemmich at han kan søkje seg eit meir smålåtent embete. Han duger tydelegvis ikkje til noko så verdig som Asker. Han får Fron i staden i 1805. Han er 50 år gammal og kjem til Fron med kone og tre barn. Iflg Riksarkivet hadde dei da nettopp mista det fjerne barnet, sonen Søren, fødd i 1796. Han døydde åtte år gamal i 1804.

Halvanna år etter at dei kjem til Fron, andre juledag i 1806, brenn prestegarden ned. Lemmich får ut ministerialboka frå 1799, men kyrkjebøkene brenn opp. Eit stort tap for etterslekta.  Ivar Kleiven skriv at Lemmich òg berga Stradivarius-fiolinen sin. Andre kjelder fortel at stradivarius’en gjekk tapt i brannen, og at Lemmich jamra: «O, min stradivarius, min stradivarius.»  Ein stradivarius? Verkeleg? At denne nokså mislykka presten har eit klenodium som ein Stradivarius-fiolin, gjer han enda meir mystisk og interessant. Spela han på den? Ein kan jo fantasere. Kanskje skulle han vore musikar i staden?

Vart han skada i brannen eller gjekk ulukka for sterkt inn på han? Nokre dagar seinare døyr Søren Lemmich, snaut 52 år gamal. Enkja flyttar til Solbrå, som er presteenkjesete. Ho døyr i 1843 og er den siste presteenkja som budde der.

Barna deira? Dei bar ein tung lagnad vidare.

Severine Dorothea frå første ekteskap blir gift med ein bygdeskreddar og lever i stor armod.

Petronelle Carine (Kaia) blir husmannskone. Ho er dauvstum, får ei dotter som ugift i 1827 og  giftar seg med barnefaren, Peder Olsen Rolstadlien. Dei vert husmannsfolk under Solbrå, på bruket Vesle Solbrå eller Søre Flata,  og får meir enn åtte ungar. Nokre av dei fôr til Trøndelag, andre til Amerika, men det kan framleis vera slekt etter dei i Fron. Kaia døyr som enkje i 1879.

Sonen Jens blir født i 1801, døyr i 1861. Han er sinnsjuk. I ministerialboka er han nemnd som «studiosus og sindsvag.»

Jo, prest nr 31 i Fron, Søren Lemmich, må ha vore eit Guds stebarn på jorda.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s