
Det var her han budde, Søren Lemmich, men dette huset er bygd etter hans tid, for prestegarden brann over hovudet på han i 1806. I 1943 tok flammane også huset på dette bildet. .
CARL HENRIK GRØNDAHL: Søren Lemmich heiter ein mann. Han var sokneprest i Fron i halvanna år for meir enn 200 år sidan. Berre eit namn i historia med nokre turre fakta. Men les vi bak dei sparsame, saklege opplysningane, finn vi det stoffet som romanar er laga av. Søren Lemmich må ha vore eit Guds stebarn på jorda. Han «hadde en ublid skjebne og ble forfulgt av uhell. Tragisk var hans liv, og tragisk var hans død.» Les meir