Infomøte om kulturminne på Dalseter

Arkeolog Hildegunn Haanes Ruset orienterte om den ny kulturminneplanen.

Arkeolog Hildegunn Haanes Ruset orienterte om den nye kulturminneplanen.

OLE CHR. RISDAL: Torsdag kveld var det infomøte om dei nye kulturminneplanane i Nord-Fron, Sør-Fron og Gausdal. Det passa bra at det var lagt til Dalseter Høyfjellshotell da dette er midt i kjerneområdet for dette arbeidet. Etter god kaffi og kringle fortalde arkeolog Hildegunn Haanes Ruset kva prosjektet går ut på. Ho prata mellom anna om at kulturminne medfører både ansvar og rettar. Her konkluderte ho med at kulturminner er ein ressurs. Elles poengterte ho at ein slik plan skal vise ei brei oversikt over kulturminne, og at det vil bli foretatt ei vurdering av både verdi og tilstand. I samband med arbeidet vil også utvalde kulturminne og miljø bli prioritert. Det er også svært viktig at folk hengjer seg på og bidrar med lokalhistorisk kunnskap.

Etterpå orienterte Gunhild Eikerol om prosjektet «The Moose Highway». Det dreier seg om det store elgtrekket Dokkfløy – Espedalen – Murudalen. I samband med dette har Espedalen Opplevelser planlagt både utkikkstårn og overnattingstårn i nærleiken av Dalseter og Ruten Fjellstue. Her kan folk kome så tett innpå skogens konge som mogleg og få seg litt av ei naturoppleving. Det skal også utplasserast viltkamera rundt omkring som er kopla direkte til internett. Ho fortalde også om Ståle Roven sine planar om ei større fangstsamling på det flotte Skåbutunet i Skåbu. Ei slik er utstilling er sjølvsagt midt i blinken i ei bygd der fiske og fangst har vore livsgrunnlaget.

Espen Finstad frå Oppland fylkeskommune trekte fram ein del kulturminne i alle desse tre kommunane. Han kom også med ein stuttversjon av busettingshistoria i området. Finstad meinte at det var i dei kystnære innlandsstroka at den fyrste bumannen slo seg ned. I denne samanheng peikte han spesielt på Vinstervatna, som også er eit satsingsområde når det gjeld vern av kulturminne.

Hans Hysjulien presenterte noko av det som han og kulturminnegruppa i Skåbu har utretta gjennom åra. Dei står bak mellom anna bak Falkefangaranlegget på Veslefjell og to kulturstigar i Skåbu. For dette arbeidet fekk Hysjulien kulturprisen i 2010.

Til slutt orienterte leiaren i historielaget i Gausdal, Ola Fyksen, litt om arbeidet som blir gjort der. Dei har også mykje spennande på gang i samband med registrering av kulturminne.

2 kommentarar

Filed under Informasjon

2 responses to “Infomøte om kulturminne på Dalseter

  1. Olaug Askheim Aas

    Skulle gjerne hatt e-postadr til Hildegunn Haanes Ruset. Har eit tips om fornminne! Mvh Olaug A. Aas

Legg att svar til CHG Avbryt svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s