CARL HENRIK GRØNDAHL: Noko underleg hende på denne bloggen i går, søndag 9. mars. Ei sak er at det vart sett ny rekord. 806 unike brukarar las 1507 innlegg. Men berre 305 av desse 1507 treffa var frå Noreg. Heller ikkje kom dei berre frå typiske ferieland som Spania eller Thailand. Dei kom frå frå India, Venezuela, Bulgaria, Romania, Indonesia, Pakistan, Egypt og andre meir eksotiske land. Folk har vore inne frå desse landa før òg, men ikkje så mange. Og ikkje samstundes! Her må det vera eit nettverk av noko slag som brått oppdaga denne heimesida. Berre frøningar? Gudbrandsdølar? I alle fall er det folk som les norsk. (Eller er det nokon som har det morosamt og triksar med IP-adresser?) Hadde vore gildt å vite korleis dette heng saman. Og denne interessa held fram i dag…